Forside:Aust-Agder

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Forside:Aust-Agder fylke»)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Agder
TIDLIGERE FYLKE: Aust-Agder (Distrikt: Setesdal) • Vest-Agder
KOMMUNE: Arendal • Birkenes • Bygland • Bykle • Evje og Hornnes • Froland • Gjerstad • Grimstad • Iveland • Lillesand • Risør • Tvedestrand • Valle • Vegårshei • Åmli

Om Aust-Agder
09 Aust-Agder vapen.png
Aust-Agder var et fylke som grenset mot Telemark i nord og øst, og mot Rogaland og Vest-Agder i vest. Kystlinja grenser mot Skagerrak. Aust-Agder fylke tilsvarte i alt vesentlig det området som inntil 1918 hadde navnet Nedenes amt.[1] Den 1. januar 2020 ble det en del av det nye Agder fylke.   Les mer ...
 
Smakebiter fra artikler
Minnestøtte over Håvard reist ved RV 9 på Helle.
Foto: Siri Johannessen
(2016)

Håvard Hedde (Håvard Folkesson Helle, fødd 1758Helle, død 1802 i Bygland) var ein omstreifar frå Setesdal og er kjend frå songen «Eg heiter Håvard Hedde». Han opplevde mangt i livet, og det er mange myter om han. I songen om Håvard Hedde vert det sagt at han «reiste ifrå Lanjei, og då var jenta fest». Han var med andre ord ulukkeleg forelska. I Bygland gard og ætt vert det sagt at det må ha vore Birgit Halvorsdotter han var ute etter. Ho budde på Sordal då Håvard døydde, og då songen seier at han drukna på veg til gamlekjærasten verker det rett. Langeid er også nemnt i songen, og Birgits far budde på den garden då ho vart født utanfor ekteskap i 1771. Men kjeldene viser at ho nok ikkje har budd der. Faren hennar døydde i 1776, og det er ingen fleire kjelder som plasserer henne på Langeid. Ho vaks nok opp på Tveit, der mora Liv Osmundsdotter budde. Birgit budde der i 1800, då ho gifta seg. Mykje tyder på at det ikkje kan ha vore Birgit han fridde til.

Meir sannsynleg er det – om songen har rett i at han fridde og vart avvist – at det var Anne Knutsdotter Langeid, som i januar 1786 vart trulova med Aslak Olsson Frøysnes   Les mer …

Søren Georg og Anne Marie Abel. Silhuetten blei laga av venen deira Peder Mandrud Tuxen.
Anne Marie Abel f. Simonsen (døypt 5. januar 1781 i Risør, død 23. desember 1846 i Gjerstad) var prestefrue i Finnøy og Gjerstad. Ho var kjøpmannsdotter, ho var gift med den populære og forstandige presten Søren Georg Abel, og ho var mor til mellom anna matematikaren Niels Henrik Abel. Ein skulle tru det var oppskrifta på eit godt og lukkeleg liv, men kjøpmannen gjekk konkurs, presten hamna i vanære og matematikarsonen døydde ung. Når Anne Marie allereie før desse problema hadde byrja søkje lukka i botnen av ei flaske, blir dette for ein stor del ei trist livshistorie.   Les mer …

Utsyn over Kyrkjebygdi i slåtten ein gong mot slutten av 1960-talet. Dei tre næraste bruka på biletet er Mosdøl-gardane. Biletet vart utgjeve som postkort av Bykle Samyrkelag.
Foto: Gunnar B. Holen.

Mosdøl er den vestlegaste garden i Kyrkjebygdi i Bykle kommune. Gardsvaldet strekkjer seg frå bytet mot Hoslemo på høgste punktet i Gråsteinnutane i nord og til Bykil i sør. Mot vest grensar garden mot Holen på austsida mot Byklum. Eit noko lauseleg overslag over arealet vil setje det til å vera på kring 18 000 mål. Av dette ligg kring 5500 mål i sameige mellom bnr 1, 2 og 3, medan resten fordeler seg med ca 3500 mål på bnr 1, 4000 mål på bnr 2 og 5000 mål på bnr 3.

Om gardsnamnet skriv Amund B. Larsen (Norske Gaardnavne VIII, 213) at «sidste Led er Dialektens Døl, f., liden Dal. 1ste Led er vistnok Mosi, m, mosebevoxet myr.». Denne tolkinga er ikkje urimeleg, men me skal taka med at ordet 'døl' etter Ivar Aasen (Norsk Ordbog 123) også har tydinga «Engstykke tæt ved Husene; meget græsrig Eng». Om ein torer leggje den sistnemnde tydinga til grunn, vil ho peike i retning av at Mosdøl opphavleg har vorte dela ifrå ein eldre gard, og det vil me vil halde for truleg også av andre grunnar. For Byklum er utan tvil eldste garden i Kyrkjebygdi, medan Mosdøl og Gjerden båe er sekundære i høve til denne. Men så må ein då leggje til at delinga må ha funne stad svært langt att i tida, iallfall fyre Svartedauden og kanskje endå langt tidlegare.   Les mer …

Systog 5.9.2005.
Foto: Aanund Olsnes

Systog er eitt av bruka på Stavenes i Bykle kommune. Utistog er truleg eldste bruket i Stavenes, og Systog er utkløyvd frå Utistog i nyare tid. Det er vanskeleg å tidfeste nøyaktig når dette hende, men det meste tyder likevel på at denne garddelinga ikkje gjekk fyre seg fyrr noko etter år 1700. Fleire eigarar på garden hadde det vore både i 1670 og i 1700, men i den mon alle desse eigarane også var brukarar, var det tale om sambruksløysingar. Men skattematrikkelen frå 1712 syner at her då var 4 oppsitjarar på kvar sitt bruk, og det lyt då vera Utistog og Systog, Nordstog og Teigen. Medan Utistog hadde ei landskyld på 9 kalveskinn, sto Systog i 3, og var altså rekna å ha eit bruksverde tilsvarande 1/4 av den opphavlege eininga.

Oppsitjaren på Systog i 1712 heitte Torleiv Olavsson. Dette kan ikkje vera same mannen som under Utistog og Nordstog er omtala som Torleiv Olavsson (y.) på 1660-talet, for den mannen var etter 1664-manntalet fødd ca 1640, og han kom til å bu i Nordstog. Torleiv i Systog var langt yngre og fødd ca 1689. Dette er iallfall det me finn opplyst i eit militærmanntal over «ungt Mandskab» frå 1712. Dette året var han ugift, men bruka sin eigen odelsgard, står det. Det lyt vel då vera faren, Olav Torleivsson (y.), som har fått dela Systog ifrå for han. Men Torleiv Olavsson kverv frå Stavenes i skattelistene alt frå 1717, og utan at det står noko i kyrkjeboka om at han var død, så ein kan tenkje at han har måtta gjeva opp bruket sitt. Grunnen til dette, meiner me, var nok at det kom ein annan med betre odel. Mannen med betre odel heitte Eivind Olavsson, og vart ettermannen åt Torleiv på bruket her.   Les mer …

Byklumplasset ein gong i åra 1910-20. Foto Wilse, her etter ein kopi hjå Olav og Ingebjørg Byklum i Innistog.

Heggjeslettune var to små husmannsplassar under Innistog i Bykle, som låg like nedanfor Nystog og Åsen under Torsbu. I dette terrenget renn ein bekk som vert kalla Kvennbekken, og Heggjesletta låg på vestsida av bekken, Plasset på austsida. I sume kjelder finn me nemningane Austre og Vestre Heggjesletta, noko som samstavar godt med fleirtalsnamnet Heggjeslettune. Sidan det langt på veg var dei same folka som budde på dei to plassane, skal me taka dei under eitt.

Det fyrste ein høyrer gjete om staden er at Torleiv Åsmundsson Byklum fekk bygsla ein plass kalla «Heggeslettene» på livetida hjå Olav Drengsson i Innistog i 1858. Men Torleiv var ungkar, og mykje på farten, og hadde nok lite både av hug og høve til å vera fastbuande husmann. Difor vart det inntil vidare til at han overlet bruken av verestaden sin til broren, Hallvard Åsmundsson, og faren, Åsmund Olavsson (Berdalen).

Me har skjøna det slik at det stykket Torleiv hadde bygsla i 1858 femnde over både Heggjesletta og Plasset, og at broren og faren sidan dela det, slik at Hallvard hadde Heggjesletta medan Åsmund sat på Plasset. Iallfall var det såleis i 1865, les me i folketeljinga frå det året. I folketeljingslista ser me også at han som har skrive henne fyrst har ført opp Torleiv Åsmundsson som husmann på Plasset, men etterpå strika over det namnet, og skrive inn Åsmund Olavsson i staden. For Torleiv, som sat med kontrakta, og såleis formelt var husmannen både på Plasset og Heggjesletta, var ikkje til stades, og kunne då ikkje godt stå som busett her. I røynda heldt han på denne tid til hjå Ånund Torgrimsson Flateland på plassen Haugen under Flateland, bnr 10 (jfr. Valle VI, 201 f), der han var busete og arbeidde som skinnfellmakar, etter det folketeljingslista frå Valle opplyser.   Les mer …

«Bjaaen Turiststation» ca 1903. Mannen med det store skjegget er Knut B. Bjåen, til høgre for han står kona, Torbjørg S. Bjåen, og til venstre står Borgny Abrahamson frå Kristiansand, dotter åt August Abrahamson, han som tok biletet. Huset i bakgrunnen er Nor i stoga, det næraste er Su i stoga, som var turiststasjonen. Bilete frå Setesdalsmuseet.

Bjåen eller Sud i stoga er den nordlegaste garden i Bykle kommune, og dermed den fyrste faste busetnaden ein kjem til når ein køyrer riksvegen frå Tallaksbru] i Haukeli og over mot Setesdal.

Johannes Skar har skrive ein særs velsvarva karakteristikk av denne verestaden (Gamalt or Sætesdal I, 129):

Bjåen ligg so berrsynt med Breivatn, midt i ville heidane mellom Bykle og Grungedal. Der var halvonnor mil til folk, kva leid du ville taka. Å så i Bjåen - der var aldri talemåte; heidane var for håge. Livemåten hadde dei av buskapen; det var der so utifrå godt på slåttor og beite. Rundt ikring var der fæle fiskevatn, og dyr og fuglar utyver alle heidar.
Gardsnamnet er i bygdemålet Bjåì (nominativ eintal) eller Bjånì (dativ eintal). Tarald Nomeland gjev i den gamle gards- og ættesoga (222) opp at dette kjem av eit gamalnorsk Bjár, som skal tyde «engslette», med sekundærtydingane «gard» og «støyl». Ettersom Bjå er hokjønnsord «må det vera gale å skrive Bjåen», tykkjer han, «det gjev ordet hannkjønnsform». Så langt ein heldt seg til nynorsk mål, har Nomeland sjølvsagt rett i det siste poenget, men forma Bjåen, som har fått hevd både som gardsnamn og ættenamn, vart til medan skriftmålet var dansk, og der gjer dei som kjent ikkje grammatisk skilnad på hankjønn og hokjønn, men opererer med «fælleskøn». På denne bakgrunnen tykkjest det misvisande å seia at den innarbeidde namneforma er «gale».   Les mer …

Breive i 1963 eller 1964. Nærast ligg Flaten (bnr 6), bak Haugen (bnr 2) og attlengst stoga i Midbø (bnr 7).
Foto: Gerd Fosse Hovden
Breivegardane ligg vestanfor Hovden i Bykle kommune, på ei etter måten flat landstripe på nordsida av Breivevatnet. Vatnet ligg på 760 m.o.h., og innmarka på gardane då sjølvsagt endå noko høgre, så dette er verkelege fjellgardar. Avstanden frå Hovden sentrum til Nordgarden, som er det inste bruket, er omlag 5 km. Køyrer ein vestetter frå Hovden, kjem ein fyrst til Flaten, dinest til Haugen, så til Midbø og Solbakken, og endeleg til Nordgarden. Pollenanalysar viser at det i Breive har vore drive med husdyrbruk heilt attende til slutten av yngre steinalder, ca 2800 f. Kr., og at her har vore korndyrking frå 500-talet og fram til byrjinga 1900-talet, berre avbrote av eit par hundreårs øydetid etter Svartedauden (jfr. Helge Irgens Høeg: «Blomsterstøv fortel historie» i Hovden. Arkeologi og historie, 1991). Berre på denne bakgrunnen er det vel grunn til å rekne med fast busetnad frå 500-talet og frametter, men denne tanken får ytterlegare støtte gjennom jernvinnegranskinga, som har kome fram til at «det har stått hus på selve jernvinneplassene», og at «anleggelsen av blesterovner inne i hus har vært motivert av ønsket om å beskytte virksomheten mot snø om vinteren» (Tom Bloch-Nakkerud: «Kullgropen i jernvinna øverst i Setesdal», Universitetets Oldsakssamling Variabd.15, 1987, 146 f). Når folk bygde vinterhus over blestergropene sine, slik at dei kunne arbeide med jernvinna året rundt, lyt me tru at dei også hadde bustadhus.   Les mer …

Frøyrak er gard nr. 55 i Bygland kommune. Gardsvaldet femner om eit areal på om lag 13 500 da i to teigar. Hovudteigen ligg omkring garden, ved fjorden og innover til og med Røyrfjell. Det verkar ikkje naudsynt å tenke seg at Frøyrak har gått ut frå nokon annan gard, men det er vanleg å tenke seg at opphavsgardane hadde gardsvald som gjekk frå fjord til langstreng, dvs til Åserals-grensa. Det har ikkje Frøyrak, og ein må då tenke seg at garden i svært gamal tid har gått ut frå Dale. Den andre teigen er eit heieområde omkring Ormslivatna, mellom gardsvalda til Dale og Horverak/Tveitå. Det finst ikkje kjelder som kan fortelje om korleis dette området kom under Frøyrak, anna enn det at begge bruka har sin del av Ormsli, slik at Ormsli må ha høyrd med frå før bruksdelinga midt på 1600-talet.   Les mer …
 
Se også
 
Kategorier for Aust-Agder
 
Andre artikler
  1. Achehougs og Gyldendals store norske leksikon.. Kunnskapsforlaget. Oslo 1989.