Trenger du hjelp med å komme i gang på wikien? Ta en kikk på nybegynnerbrosjyren vår!
Om dere oppdager feil eller mangler i wikien, kan dere melde fra til webserver@lokalhistoriewiki.no.
Bruker:Hans P. Hosar
Fra lokalhistoriewiki.no
| Denne brukeren er tilknyttet Norsk lokalhistorisk institutt. |
Eg er forskar ved Norsk lokalhistorisk institutt, tilsett i 2000. Tidlegare har eg mellom anna vore arkivar i Riksarkivet i nokså mange år. Eg er utdanna historikar med hovudfagseksamen frå Universitetet i Oslo 1981. Hovudoppgåva har tittelen Herre og bønder ved Jens Bjelkes adelsgods kring midten av 1600-talet. Ein studie i føydal utbytting i Noreg. Min lokalhistoriske produksjon omfattar Hobøls historie fram til ca. 1500 (1993) og Skjåk bygdebok band 1-3 (bygdehistoria frå dei eldste tider til 1914, utgjeve 1994-1998). Eg arbeider framleis med band 4 av Skjåk-historia, tidsrommet 1914-1945. Eg har også skrive Krigsskolens historie (Kunnskap, dannelse og krigens krav - Krigsskolen 1750-2000)
Eg er fødd i 1953 og oppvaksen i Skjåk i Gudbrandsdalen. Frå 1975 til dags dato har eg budd i Oslo og omegn (nå Bærum).

