Trenger du hjelp med å komme i gang på wikien? Ta en kikk på våre nybegynnerbrosjyrer på nynorsk og bokmål.
Er det noe som ikke fungerer, ta kontakt med webserver@lokalhistoriewiki.no.
Bruker:Olve Utne
Fra lokalhistoriewiki.no
|
Olve Utne er Cand.philol. med musikkvitskap hovudfag frå Universitetet i Oslo og er engasjert som forskar ved NLI i samband med Lokalhistoriewiki.no-prosjektet. Fagområde i tillegg til musikk inkluderer leksikografi (ordbokslære) frå Universitetet i Oslo og lingvistikk (språkvitskap), fonetikk (språklydlære) og nordisk språk frå NTNU i Trondheim. Var gjestestudent ved lina for historiske instrument ved Koninklijk Conservatorium Brussel skuleåret 1997–1998 som flamsk statsstipendiat. Medlem av Nordisk nettverk for edisjonsfilologar. Deltok i klassen for pitesamisk feltarbeid ved vinterskulen i Saami Language Documentation and Revitalisation i Bodø i mars 2010.
Slekta kjem blant anna frå Hardanger, Nordfjord, Søre Sunnmøre, Nordmøre, Orkdalen, Strinda, Gauldalen, Nord-Østerdalen, Salten og Vesterålen — og frå ymse andre plassar i inn- og utland om ein grev litt djupare. Er fødd i Flekkefjord, men voks opp hovudsakleg på Nordmøre (Valsøyfjorden, Tustna, Kristiansund; har seinare arbeidd i Surnadal og på Tingvoll). I tillegg til studieplassane (sjå ovafor) har eg budd på Sunnmøre (Ålesund), i Lofoten (Moskenes) og i Vesterålen (Sortland); og i tillegg fire år i USA (Florida, New York).
Var mykje på småbruket til besteforeldra mine da eg voks opp. Bestefar min var pensjonert kaptein frå militæret. Dei dreiv med sauer og litt potet osv. så vel som litt heimefiske med snøre og garn. Lærte ein del om tradisjonelle reiskapar og arbeidsmetodar frå dei så vel som naboane. I ein del år hadde eg ein havreåker som eg skar med sigd og tørka kornband av for å selje til fugleband/fuglenek på vinteren.
Bibliografi
Bøker
- 1994 - Olve Utne og Anne Kleivset: Songen hennar Magnhild : Magnhild Havdal Almhjell (1894–1985). Tuddal (Buen Kulturverkstad), 1994. (Bok, 112 s. + lydkassett) BIBSYS
- 1996 - Olve Utne: Nokre aspekt ved tonalitet og transkripsjonsmåte i eit folkemusikalsk materiale frå Nordmøre. Oslo (Institutt for musikk og teater, Univ. i Oslo), 1996. (98 s.) BIBSYS
- 2006 - Olve Utne: סִידּוּר לִימּוּד ־ סֵֽדֶר תְּפִלּוֹת כְּמִנְהַג ק”ק סְפָרַדִּים עִם תּֽוֹסָפוֹת מִמִּנְהָגֵי אִיטַלְיָינִים וְאַשְׁכְּנַזִּים עִם תַּרְגּוּם לָדִינוֹ וְאַנְגְּלִית וְעִם הֲלָכוֹת וּמִנְהָגִים מֵאֶת אֵֽלִיָּה אֽוּתְנֶה. א’ עֶֽרֶב שַׁבָּת. = Siddúr Limmúd : a traditional-egalitarian learning siddur based on Sefaradí, Italiani & Ashkenazi sources, and with full transliteration, translations, instructions and explanations. I: Friday night. Hassafon Publishing, 2006. (hardcover | paperback | spiral | BIBSYS)
- 2007 - Olve Utne: Jiddisch–norsk ordliste med kortfatta språklære. Askim (Schweitzerforlaget), 2007. (Schweitzerforlaget (utseld) | BIBSYS)
Artiklar
- 2011 - Olve Utne: «Om pitesamisk språk», i Lokalhistorisk magasin 22 (2011), nr. 2, s. 22–23.
- 2011 - Olve Utne: «Stadnamnet Nautan : samisk sleggeskaft eller gammal ferase?», i Lokalhistorisk magasin 22 (2011), nr. 2, s. 24–25.
Andre roller
- Driv nettprosjektet Alnakka.net
- Bidragsytar til Wikipedia — hovudsakleg Nynorsk Wikipedia