Bruker:Magnar Høydal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Magnar Høydal f. 1937. Høydal i Volda. Eg er pensjonert gardbrukar. Eldre bilete og historia rundt dei har fanga mi interesse. Eg er oppvaksen på den garden eg overtok saman med kona i 1975.

Byrja som syttenåring på Vik båtbyggeri i 1954. Det vert ofte sagt at, dei starta på golvet. Eg starta i sagflishaugen. Mitt første arbeid var fyring av stimkjelen når det var huding. Seinare vart det alle typer arbeid, slik det er på ein liten arbeidsplass. To av oss gjorde stålarbeidet, men var også med på alt tre og innreidingsarbeid.

I 1970 når det vart bygt på laminerte spant, så linjetegna eg og laga alle modellar. Mine bidrag på Wiki om båt er difor mykje bygt på erfaring frå desse åra. Har nokon merknad til det eg skriv er det berre å ta kontakt.

Oversikt over aktivitetar på wikien