Forside:Heimar og folk i Bykle

Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les meir ...

 
Smakebitar frå artiklar
Uppistog Tykkholt i snødriv 24.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Uppistog Tykkholt er det eldste av dei to Tykkholt-bruka i Bykle kommune. Då eigedomen vart dela i 1910, vart Tone Åsmundsdotter buande her, medan systerdottera Gunhild og mannen hennes, Eivind M. Hisdal, sette seg opp ein ny heim noko lenger nede. Då Tone døydde i 1917, overtok Eivind og Gunhild også dette bruket, og dreiv Uppistog og Nistog som ein einskap til sønene deira dela på nytt 20 år seinare.

Då Tykkholt i 1937 vart dela i to bruk på nytt, overtok Mikkel det øvre av dei.

  • Mikkel Eivindsson Trydal, f 1911, d 1995
g 1935 m Torbjørg Hallvardsdotter Bjørnarå, f 1911, d 1986.

Foreldra av Torbjørg Hallvardsdotter var Hallvard Knutsson Skarberg og Jorunn Olavsdtr. fødd Bjørnarå.

Kort etter giftemålet overtok Mikkel bruket her, og bygde på stoga. Huset sto ferdig i 1938, med ei grunnflate på 75 kvadrat i 1 1/2 høgd. I 1953 fornya han uthusbygningen. På denne tid vert buskapen på bruket oppgjeven til hest, 3 kyr og 3 kalvar, 11 sauer og nokre høns.   Les mer …

Nybu ca 1980. Bilete frå Torleiv T. Stavenes.

Nybu ligg på linje med dei eldre Stavenesgardane, like vestanfor Teigen. Det kom til i 1908, då Tarjei Torleivsson frå Utistog Stavenes kaupte ein part av Teigen hjå verbroren Tarjei Torleivsson. Det nye bruket hadde eit jordbruksareal på 25 mål, og ved skylddelingsforretninga vart det sett i ei skyld på 32 øre.

Av dette skjønar me at det også fylgde ein god del utmark med i handelen. Atttåt dette kom at Tarjei i 1910 hadde fått ein skogteig av Trydal (gnr 17, bnr 4) i morsarv, og denne nytta han då ved sidan av Nybu.

Tarjei Torleivsson var son av Torleiv Olavsson Stavenes og kona, Eli Tarjeisdotter, fødd Trydal.   Les mer …

Tveitvodd 9.4.2003.
Foto: Aanund Olsnes

Tveitvodd, som i utgangspunktet var berre ei hustuft med ein jordflekk innåt, ligg mellom den gamle og den nye riksvegen midt i Byklebygdi, like vestom og nedom kyrkja. Det kom til i 1886, då Mikkel Tarkjellsson Rygnestad på Sygard Nesland kaupte dette jordstykket av Gjermund Gunsteinsson i Uppistog. Kaupet vart ikkje tinglyst, men det er likevel sikkert nok at det har funne stad. Kjelda vår er lensmann Lund, som undersøkte eigartilhøva her i samband med ei rettssak i 1888.

Mikkel T. Rygnestad sette opp nokre gamle hus frå Nesland her, og sikta på å drive handel, noko han tidlegare hadde gjort både på Stigamoen og i Mosdøl. Men i staden vart det til at han dreiv gardsbruket sitt i Sygard Nesland, som han i 1885 hadde kaupt på auksjon i namnet åt sonen, Arne. Arne Mikkelsson på si side dreiv handel her i namnet åt faren. Meininga med denne skipnaden var truleg å sikre seg at dei fekk behalde garden, dersom handelsverksemda skulle gå over ende. Lensmann Lund tykte det var ei uryddig ordning, og kommenterte henne som fylgjer:

Hvorledes Forholdet er mellem Fader og Søn er ikke let at oplyse. Sønnen styrer Faderens Handel, og Faderen driver Sønnens Gaard. Jeg kan derfor ikke afgjøre paa hvem

Ansvaret for [...] Handelen paahviler.

Nå var det nok likevel ingen tvil om at det var Arne som hadde ansvaret for kråmbua. Etter det han sjølv opplyste i retten hadde han ei heilt sjølvstendig stilling som handelsstyrar. Det var han som tinga varene, selde dei att, og skreiv under på alle nødvendige papir. Når butikken sto i namnet åt faren, var det berre avdi det var han som hadde løyst handelsbrev, sa han.   Les mer …

Løyning 1967. Dei gamle plassehusa brann, så det som står att er berre ei høyløe. Bilete frå Setesdalsmuseet.

Løyning låg oppi skogen eit par km nordaust for Tveiti i Bykle kommune, og helst noko løynleg. Alfred Ryningen meiner dette er forklaringa på namnet (h.oppgv., 56). Mest truleg var staden opphavleg heimestøyl for Ryningen, slik at her var ein støylsvoll og kanskje ei bu eller to då det byrja å verta fastbuande folk her.

Akkurat kva tid dette var kan me ikkje vita, men innførslene i kyrkjeboka tyder på at det var ein gong i åra 1826 til 1828. Dei som slo seg ned her var ei dotter åt Salmund Snæresson Ryningen og mannen hennes:

  • Margit Salmundsdtr. Ryningen, f 1806, d 1862-65
g 1826 m Olav Olavsson Skolås, f 1797, d Konsmo 1862, utflytt til Bjelland med kone og born 1846.   Les mer …

Hovuddelen av gamlestoga i Kvæven vart oppført fyre krigen, men sidan har ho fått tilbygg både nordetter og søretter.
Foto: Aanund Olsnes
(2005)
Kvæven er det vestlegaste eller inste bruket i Bjåen i Bykle kommune. Det er også det nyaste i rekkja.

I panteregisteret og matrikkelen vert det kalla Bjåland, men dei som bur i Bjåen nyttar namnet Kvæven. Det siste er eit gamalt terrengnamn, medan Bjålandsnamnet var eit påfunn i samband med den formelle etableringa av eininga.

Bruket er ikkje fælt gamalt. Det var Olav Såvesson Bjåen som sette i gang med bureising på denne delen av farsgarden Nor i stoga Bjåen i 1930, og fekk skyldsett det som eige matrikkelbruk 3 år seinare.   Les mer …

Nordgarden 20.07.2005.
Foto: Aanund Olsnes
(2005)
Nordgarden er den av gardane i Breive i Bykle kommune som ligg lengst vest, eller inst, om ein vil. At dette bruket, som er det tredje eldste, har fått bnr 1, kan tykkjast rart, men matrikkelnummera er ordna etter som mennene i matrikkelkommisjonen på 1830-talet fann det praktisk å rykkje fram i terrenget, og det var ikkje nødvendigvis i historisk rekkjefylgje. Bruket her vart utkløyvd frå Der inne så seint som i 1787, i samband med skiftet etter Ingebjørg Salmundsdotter. Ingebjørg hadde vore kona åt Torbjørn Jonsson, som åtte 3 skinn i garden, dvs. halvparten. Buet skulda 100 dalar til Olav Nylend i Grungedal og vidare var det nokre smågjelder på i alt 23 dalar. Jon Torbjørnsson og systera Gyrid kom då til om at dei skulle dele eigedomen midt i to. Gyrid fekk Der inne mot å taka far sin i foddog, medan Jon fekk Nordgarden mot å taka på seg gjelda.   Les mer …
 
Se også
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Mest lest