Åsen (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner

Tillegg om fjellskred 1741
(Tillegg om fjellskred 1741)
Linje 20: Linje 20:
}}
}}


'''Åsen''' (Luster, gnr. 190) er ein [[matrikkelgard]] i [[Jostedal|Jostedalen]], [[Luster kommune]]. Matrikkelgarden ligg på austsida av Jostedøla og grensar i sør mot [[Ormberg (Jostedalen)|Ormberg]] og i nord mot [[Bruheim (Jostedalen)|Bruheim]].  
'''Åsen''' (Luster, gnr. 190) er ein [[matrikkelgard]] i [[Jostedal|Jostedalen]], [[Luster kommune]]. Matrikkelgarden ligg på austsida av Jostedøla og grensar i sør mot [[Ormberg (Jostedalen)|Ormberg]] og i nord mot [[Bruheim (Jostedalen)|Bruheim]].


Åsen er ein høgdegard og ligg på ei flate ca 150 meter over dalbotnen ved [[Sperla (Jostedalen)|Sperla]]. Det låg ei rekkje husmannsplassar under Åsen, som vart matrikulerte og frådelt garden frå 1881 og frametter. I 1895 vart gamletunet òg delt i to då bruket Hauge vart utskilt.
Åsen har tradisjonelt vore ein av dei betre gardane i Jostedalen. I periodar frå tidleg på 1600-talet til 1734 var Åsen lensmannsgard i Jostedalen (sjå [[Lensmenn i Jostedalen]]). I ein 50-årsperiode på 1700-talet kom òg klokkarane i Jostedalen frå Åsen (sjå [[Klokkarar i Jostedalen]]).
Åsen vart i 1741 råka av eit fjellskred som var kome frå "høyeste field og nedgaaet lidet fra gaarden over gaardens slott i teiger og urd i den store Jøstedals Elv". Den eine slåtteteigen som var øydelagd, var ca 790 alen frå øvst til nedst og 126-189 alen i breidda. Slåtteteigen nedanfor, som gjekk heilt ned til elva, var 360 alen frå øvst til nedst og 126-360 alen i breidda. Dei øydelagde teigane var heilt dekte med store steinar, "som aldrig kand røddes". I tillegg var stølsvegen (opp i Skåldalen) øydelagd slik at fjellbeita ikkje lenger kunne nyttast. Tre slåtteteigar var òg øydelagde av flaum gjennom ein 10-20-årsperiode. Det er ikkje opplysningar om skadar på folk eller hus.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=1146 Avtaksforretningar i Jostedalen 1742] (Jostedal historielag)</ref>
==Notar==
<references/>


==Litteratur==
==Litteratur==
Veiledere, Administratorer, Skribenter
4 496

redigeringer