Åsen (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(lagt til bilete)
m (kategorisplitting)
Linje 38: Linje 38:


[[Kategori:Jostedalen]]
[[Kategori:Jostedalen]]
[[Kategori:Garder i Luster kommune]]
[[Kategori:Garder]]
[[Kategori:Luster kommune]]


{{Infoboks gardsbruk
{{Infoboks gardsbruk

Sideversjonen fra 16. apr. 2013 kl. 08:20

Mal:Infoboks gard (nynorsk)

Åsen (Luster, gnr. 190) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Matrikkelgarden ligg på austsida av Jostedøla og grensar i sør mot Ormberg og i nord mot Bruheim.

Åsen er ein høgdegard og ligg på ei flate ca 150 meter over dalbotnen ved Sperla. Det låg ei rekkje husmannsplassar under Åsen, som vart matrikulerte og frådelt garden frå 1881 og frametter. I 1895 vart gamletunet òg delt i to då bruket Hauge vart utskilt.

Åsen har tradisjonelt vore ein av dei betre gardane i Jostedalen. I periodar frå tidleg på 1600-talet til 1734 var Åsen lensmannsgard i Jostedalen (sjå Lensmenn i Jostedalen). I ein 50-årsperiode på 1700-talet kom òg klokkarane i Jostedalen frå Åsen (sjå Klokkarar i Jostedalen).

Åsen vart i 1741 råka av eit fjellskred som var kome frå "høyeste field og nedgaaet lidet fra gaarden over gaardens slott i teiger og urd i den store Jøstedals Elv". Den eine slåtteteigen som var øydelagd, var ca 790 alen frå øvst til nedst og 126-189 alen i breidda. Slåtteteigen nedanfor, som gjekk heilt ned til elva, var 360 alen frå øvst til nedst og 126-360 alen i breidda. Dei øydelagde teigane var heilt dekte med store steinar, "som aldrig kand røddes". I tillegg var stølsvegen (opp i Skåldalen) øydelagd slik at fjellbeita ikkje lenger kunne nyttast. Tre slåtteteigar var òg øydelagde av flaum gjennom ein 10-20-årsperiode. Det er ikkje opplysningar om skadar på folk eller hus.[1]

Notar

  1. Avtaksforretningar i Jostedalen 1742 (Jostedal historielag)

Kjelder og litteratur

  • «Aasen» i folketeljinga 1801 (Digitalarkivet)
  • Laberg, Jon. (1939). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 10), 15-70. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 208-251. (Digital utgåve, NBdigital)
  • «Åsen», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Mal:Infoboks gardsbruk

Koordinater: 61°33′59″ N 007°18′19″ Ø