Aure prestegjeld

Aure prestegjeld er eit prestegjeld under Ytre Nordmøre prosti. Prestegjeldet og prostiet hørte tidlegare til Nidaros bispedømme, men vart lagt til det nyoppretta Møre bispedømme i 1983. Det er i dag tre sokn: Aure sokn, Tustna sokn og Stemshaug sokn. Fram til 1749 omfatta Aure prestegjeld det noverande Edøy prestegjeld òg.

Aure kyrkje innvendig, sett frå nordskipet mot sørskipet (høgre) og koret/altaret (venstre).
Foto: Olve Utne