Bø (tettstad i Midt-Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Bø (tettstad i Telemark)»)
Hopp til navigering Hopp til søk

eller Bøbyen er administrasjonssenter i Midt-Telemark kommune i Telemark. Tettstaden har 3 696 innbyggjarar (2023), og arealet er 3,5 km².

Sidan 1970-åra har Bø blitt eit viktig regionalt handels-, service- og skulesentrum. Staden har eit breitt tilbod av privat og offentleg tenesteyting. Universitetet i Søraust–Noreg si avdeling i Bø gjev ringverknader i næringslivet og lokalsamfunnet elles, og dei om lag 2 300 studentane på campus gjer sitt til å prege staden. Telemarkforsking i Bø er eit sjølvstendig regionalt forankra forskingsinstitutt med kundar og prosjekt over heile Noreg. Bø har òg vidaregåande skule og leirskule. Lokalavisa er Bø Blad.

Bø er eit trafikknutepunkt med stasjon på Sørlandsbanen. Fleire bussruter knytter tettstaden saman med Skien, Notodden og Seljord. Riksveg 36 går gjennom Bø med samband sørover til Grenland og E18, og vidare vestover til Seljord og E134. Fylkesveg 359 går sørover frå Bø til Lunde og Ulefoss.

Historikk og kultur

Bø Bygdemuseum–Oterholt har ei rekkje bygningar og dessutan felemakarverkstad, folkedraktutstilling, landhandlarmuseum med meir.

Gullbring kulturanlegg frå 1994 har symje- og idrettshall, konsert- og teatersal, galleri og kino. Telemarkshallen med innandørs fotballbane opna i 1995. Heilt sidan Høgskulen i Bø starta opp, har Studentkroa vore ein mykje omtykt konsertarena.

Kvart år blir det arrangert to festivalar: Sommarlandsfestivalen for kor, korps og orkester og Telemarksfestivalen, som er ein internasjonal folkemusikkfestival. Telemark Sommarland er eit fritids- og badeanlegg.

På Bøhaugen ovanfor sentrum ligg Bø gamle kyrkje, truleg frå 1100-talet, og Bø nye kyrkje frå 1875.

Kjelder


Koordinater: 59.4129999° N 9.0692645° Ø