Baklibreen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. sep. 2019 kl. 13:08 av Siri Iversen (samtale | bidrag) (kat)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Johannes Flintoe: Krondalen (utsnitt), akvarell frå 1834 på grunnlag av skisse frå 1822. Her er Baklibreen tjukk og går saman med Bergsetbreen.
På dette fotografiet av Axel Lindahl frå 1880-åra går Baklibreen (til venstre) heilt ned til Bergsetbreen

Baklibreen er ein brearm av Jostedalsbreen som kjem ned i enden av Bergsetdalen som er den fremste delen av Krundalen i Jostedalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Det er ein hengjebre rett nord for den større Bergsetbreen.

Fram til 1800-talet gjekk Baklibreen heilt ned til Bergsetbreen. Seinare har breen trekt seg attende opp i skardet i fjellsida ovanfor Bergsetbreen. Området under breen er utsett for isras, og i 1986 vart tre nederlandske turistar drepne av eit isras frå Baklibreen på veg til Bergsetbreen.

Kjelder