Bikubegang (kulturløype i Odda): Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
m (Teksterstatting – «[[Kategori:Ullensvang herad» til «[[Kategori:Ullensvang kommune») |
||
(Én mellomliggende versjon av en annen bruker er ikke vist) | |||
Linje 13: | Linje 13: | ||
'''Min vesle by, min vesle by.'''}} | '''Min vesle by, min vesle by.'''}} | ||
[[Kategori:Odda | [[Kategori:Ullensvang kommune]] | ||
[[Kategori:Odda]] | |||
[[Kategori:Kulturminneløyper]] | [[Kategori:Kulturminneløyper]] | ||
{{nn}} | {{nn}} |
Nåværende revisjon fra 17. jan. 2020 kl. 09:22
I Odda sentrum kan du også gå kulturløypa Bikubegang. Når du står på fortauet øvst i Skrevet der Gågata startar, ser du eit lite skilt på ein stolpe.
I Bikubegang tar forfattaren Frode Grytten deg med til 24 stopp i sitt «univers». Det er sett opp 24 skilt på hus eller stader i Odda og det er laga eiga bok med kart; Bikubegang (utg. av Odda kommune, 2005 og til sals eller utlån på Tenestetorget/Odda bibliotek).
Bikubegang er både eit litterært kart over Odda og historia over korleis suksessromanen Bikubesong vart til. Frode Grytten gav ut boka på Samlaget første gong i 1999. Seinare har teaterstykket Bikubesong hatt stor suksess.
Den digitale kulturminneløypa går for ein stor del i same område som Bikubegang. Tittelen på den digitale løypa har vi lånt frå Frode Grytten og Bikubesong. I kapittelet «Å kaste hattar opp i lufta», tar forteljaren oss med opp på taket av det store bustadhuset Murboligen som ligg langs Folgefonngata. Vi siterer:
Eg sit på taket og kjenner Murboligen leve under meg. Kvardagens akkordar svever ut vindauga. Kjørel, popsongar, fjernsynsapparat, krangling, stemmer. Det er ein ny dag, ein ny song, ein bikubesong. | ||