Dagsgard: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
(Lenke)
Linje 51: Linje 51:


== Underbruk og setrer ==
== Underbruk og setrer ==
Frå 1600-talet og inn på 1800-talet er det i jordebøker og matriklar oppført to underbruk under Dagsgard, [[Dagsgardsøygarden (Skjåk)|Hov engeland]] og [[Nørstegard]]. Hov engeland (gnr. 93) ligg ca 15 kilometers vest for Dagsgard. Det omfattar Dagsgardsøygarden og Åbus-gardane, i dag ei heil grend av gardar og andre bustader. Nørstegard er i dag NørdreBakken i grenda [[Synna Brua]], ei mils veg aust for Dagsgard på andre sida av [[Ottaelva]]. Dette er døme på gardar som vart liggjande øyde i seinmellomalderen, og som så vart brukt under andre gardar til fôrproduksjon og beite. I matrikkelen 1668 er Hov engeland nemnt som vårseter saman med [[Kollungen]] i [[Bråtådalen]], enda lenger vest. Same stad er [[Billingen]] oppført som sommarseter. Dette illustrerer den halvnomadiske driftsforma som var utbreidd for gardane i søre bygda i tidleg nytid, der krytera vart sende på beite vår og haust på lågtliggjande setrer, og så på setrer til fjells om sommaren.
Frå 1600-talet og inn på 1800-talet er det i jordebøker og matriklar oppført to underbruk under Dagsgard, [[Dagsgardsøygarden (Skjåk)|Hov engeland]] og [[Nørstegard]]. Hov engeland (gnr. 93) ligg ca 15 kilometers vest for Dagsgard. Det omfattar [[Dagsgardsøygarden (Skjåk)|Dagsgardsøygarden]] og Åbus-gardane, i dag ei heil grend av gardar og andre bustader. Nørstegard er i dag Nørdre Bakken i grenda [[Synna Brua]], ei mils veg aust for Dagsgard på andre sida av [[Ottaelva]]. Dette er døme på gardar som vart liggjande øyde i seinmellomalderen, og som så vart brukt under andre gardar til fôrproduksjon og beite. I matrikkelen 1668 er Hov engeland nemnt som vårseter saman med [[Kollungen]] i [[Bråtådalen]], enda lenger vest. Same stad er [[Billingen]] oppført som sommarseter. Dette illustrerer den halvnomadiske driftsforma som var utbreidd for gardane i søre bygda i tidleg nytid, der krytera vart sende på beite vår og haust på lågtliggjande setrer, og så på setrer til fjells om sommaren.


Sidan har Uppigard Dagsgard fått seter i [[Botn (Skjåk)|Botn]] og Nigard Dagsgard på [[Skjellom]]. Det er uvisst når dette skjedde, men Nigard hadde iallfall seter på Skjellom i 1853. Framleis syner det så vidt grassletter der det heiter Dagsgards-stålane på Billingen, på Nordsida av [[Tora]] rett overfor Øverstulen.
Sidan har Uppigard Dagsgard fått seter i [[Botn (Skjåk)|Botn]] og Nigard Dagsgard på [[Skjellom]]. Det er uvisst når dette skjedde, men Nigard hadde iallfall seter på Skjellom i 1853. Framleis syner det så vidt grassletter der det heiter Dagsgards-stålane på Billingen, på Nordsida av [[Tora]] rett overfor Øverstulen.
Linje 63: Linje 63:
Den eldste namngjevne husmannsplassen vi kjenner til i Skjåk, låg under Dagsgard. På bygdetinget den 14. oktober 1701 bygsla Hans Dagsgard bort «den hussmandds platz Vittingen» til Samuel Lund. Vittingen får oss til å tenkje på [[Kvitingen]], seinare kjent som ålmenningsplass og seinare sjølveigd småbruk i ålmenningsskogen i Kvitingslia vest og opp for Stubbesletten, Åbue og Dagsgardsøygarden. Det er likevel heilt i det uvisse om det er same namnet. Det let seg ikkje utan vidare forklare at ein einskildgard som Dagsgard skulle ha eigarrettar til skog som må ha vore rekna til ålmenninga også den gongen. Og dette var mange tiår før det kom fart i nyryddinga i dette stroket som følgje av kommersiell skogsdrift.
Den eldste namngjevne husmannsplassen vi kjenner til i Skjåk, låg under Dagsgard. På bygdetinget den 14. oktober 1701 bygsla Hans Dagsgard bort «den hussmandds platz Vittingen» til Samuel Lund. Vittingen får oss til å tenkje på [[Kvitingen]], seinare kjent som ålmenningsplass og seinare sjølveigd småbruk i ålmenningsskogen i Kvitingslia vest og opp for Stubbesletten, Åbue og Dagsgardsøygarden. Det er likevel heilt i det uvisse om det er same namnet. Det let seg ikkje utan vidare forklare at ein einskildgard som Dagsgard skulle ha eigarrettar til skog som må ha vore rekna til ålmenninga også den gongen. Og dette var mange tiår før det kom fart i nyryddinga i dette stroket som følgje av kommersiell skogsdrift.


Rundt midten av 1700-talet var det ein husmannsplass under Dagsgard på Dagsgardsøygarden, samstundes som staden vart nytta som underbruk, sjå [[Husmannskontrakt (Dagsgard i Skjåk 1751)|kontrakt frå 1751]] og artikkel om Dagsgardsøygarden
Rundt midten av 1700-talet var det ein husmannsplass under Dagsgard på Dagsgardsøygarden, samstundes som staden vart nytta som underbruk, sjå [[Kjeldearkiv:Husmannskontrakt, Dagsgard i Skjåk 1751| kontrakt frå 1751]] og artikkel om Dagsgardsøygarden


Det er sparsamt med opplysningar elles om husmannsplassar under Dagsgards-gardane. I matrikkelutkastet 1723 er det ein ikkje namngjeven husmann utan jord. I folketeljinga 1825 er det oppført eit tal på 5 personar i rubrikken husmenn utan jord og dagleigarar.
Det er sparsamt med opplysningar elles om husmannsplassar under Dagsgards-gardane. I matrikkelutkastet 1723 er det ein ikkje namngjeven husmann utan jord. I folketeljinga 1825 er det oppført eit tal på 5 personar i rubrikken husmenn utan jord og dagleigarar.

Sideversjonen fra 28. okt. 2010 kl. 19:17

Dagsgard
Fil:Dagsgardsloftet01.jpg
Loft frå Dagsgard, bygd ca. 1400. Det er nå på Maihaugen som del av Isum-anlegget. Loftet tilhøyrde Nigard Dagsgard da det vart innkjøpt av museet.
Alt. navn: Dagsgardhe (1343), Dagsgiord (1528), Dalsgordt (1560), Dauusgaardt (1578), Dagsgaard (1594 og senere)
Først nevnt: 1343
Rydda: Tidleg- eller høgmellomalder
Sted: Skjåkstrond
Fylke: Oppland
Kommune: Skjåk
Gnr.: 19
Ant. bruksnr.: 2

Dagsgard er ein matrikkelgard i Skjåk kommune (gardsnummer 19). Matrikkelgarden består av to bruk, bruksnummer 1 Nigard Dagsgard og bruksnummer 2 Uppigard Dagsgard. Dagsgard ligg på Skjåkstrond, rett i nærleiken av Skjåk kyrkje. Grannegardane er Søre Prestgarden i vest og Nordistun Ånstad i aust. Utmarka går opp til snaufjellet (Skjåk Almenning) i sør, og den dyrka jorda går ned til Ottaelva i nord.

Gardsnamnet og opphavshistoria

Namnet har den nokså opplagde tydinga «garden til Dag», og har venteleg fått namn etter den fyrste, eller ein av dei fyrste brukarane på garden.

I skriftlege kjelder er garden nemnd så tidleg som i 1343[1], da Håkon i Dagsgard er med i ein delegasjon frå bygda til biskopen på Hamar (sjå Skjåks historie i mellomalderen (1000-1500)). Garden er nok monaleg eldre enn 1300-talet, men historia går neppe lenger attende enn år 1000. Gardsnamn med endinga -gard var mykje brukt i tidleg- og høgmellomalderen (1000-1350).

Garden oppstod høgst sannsynleg som resultat av ei todeling av ein tidlegare gard med ukjent namn, der nabogarden Prestgarden (eventuelt med eit anna namn før det vart til «prestegard») var den andre delen. At Dagsgard og Prestgarden ein gong har vore ei brukseining, er sannsynleggjort mellom anna ved at desse nabogardane låg i teigblanding med kvarandre til 1908.

Bruksdeling

Det er uvisst når Dagsgard vart delt i to bruk. I lensrekneskapa frå 1560 figurerer to mann med etternamnet Dagsgard (Tor og Halvor), utan at det kan seiast sikkert om dei er husbondar på kvar sine bruk. Ein generasjon tidlegare er berre ein mann frå Dagsgard oppført i skattelista for gjengjerden 1528, nemleg Tosten. Iallfall frå midten av 1600-talet er det openbert at Dagsgard utgjer to gardsbruk. I landkommisjonens jordebok 1661 og i matrikkelen 1668 er Arne og Guttorm brukarar på Dagsgard. Men garden er oppførd som ei matrikkeleining med felles landskyld, skattar og avgifter. Iallfall frå og med matrikkelutkastet 1723 kan vi derimot følgje historia til dei to særskilt skyldsette gardsbruka kvar for seg.

Brukarar

Fyrste bonden på Dagsgard som vi kjenner namnet på var altså Håkon, nemnd i 1343. Elles kan vi vise til følgjande punktobservasjonar:

  • 1528 (gjengjerden): Tosten
  • 1560 (tredjeårstake): Tor og Halvor (NLR II s 47, holding 1560-1561) .
  • 1624 (odelsjordebok): Johannes.
  • 1645 (koppskatten) : Børge, Tosten.
  • 1647 ( skattematrikkelen) : Børge.
  • 1661 (landkommisjonens jordebok): Arne (Uppigard?), Guttorm (Nigard?) og Tosten, (Nørstegard engeland).
  • 1668 (matrikkelen): Arne (Uppigard?) og Guttorm (Nigard?)
  • 1713 (futematrikkel): Hans og Ola.
  • 1723 (matrikkelutkastet): Hans Arnesen (Uppigard) og Ola Guttormsen (Nigard)
  • 1764 (futematrikkel): Sylfest, enka, Knut, Sevald (inkluderer truleg oppsitjarar på underbruka)
  • 1802 (jordavgifta): Ivar Olsen (Nigard) og Ola Arnesen (Uppigard)

Kven åtte garden?

Dagsgard er oppført som krongods i jordeboka for Akershus len i 1577, men det gjeld nok berre ein del av garden.. I skattematrikkelen 1647 er eigedomstilhøva summarisk framstilt. "Besidderne" har bygselsrett til 5 huder, dvs. at brukaren/brukarane i praksis var sjølveigarar. I 1668 var garden med blant dei bortimot 350 gardar og gardpartar på Austlandet som kongen overdrog til oberst Ditlef Brockdorf, sjef for Det akershusiske nasjonale infanteriregiment, som oppgjer for gjeld. I 1685 fekk Guttorm Dagsgard kjøpt den parten, og sidan den tid har både Uppigard og Nigard Dagsgard vore fullt og heilt sjølveigande bruk. (Eigedomstilhøva før 1668 kan nøyare avklarast ved å konferere med landkommsjonens jordebok 1661 og matrikkelen 1668.)

Underbruk og setrer

Frå 1600-talet og inn på 1800-talet er det i jordebøker og matriklar oppført to underbruk under Dagsgard, Hov engeland og Nørstegard. Hov engeland (gnr. 93) ligg ca 15 kilometers vest for Dagsgard. Det omfattar Dagsgardsøygarden og Åbus-gardane, i dag ei heil grend av gardar og andre bustader. Nørstegard er i dag Nørdre Bakken i grenda Synna Brua, ei mils veg aust for Dagsgard på andre sida av Ottaelva. Dette er døme på gardar som vart liggjande øyde i seinmellomalderen, og som så vart brukt under andre gardar til fôrproduksjon og beite. I matrikkelen 1668 er Hov engeland nemnt som vårseter saman med Kollungen i Bråtådalen, enda lenger vest. Same stad er Billingen oppført som sommarseter. Dette illustrerer den halvnomadiske driftsforma som var utbreidd for gardane i søre bygda i tidleg nytid, der krytera vart sende på beite vår og haust på lågtliggjande setrer, og så på setrer til fjells om sommaren.

Sidan har Uppigard Dagsgard fått seter i Botn og Nigard Dagsgard på Skjellom. Det er uvisst når dette skjedde, men Nigard hadde iallfall seter på Skjellom i 1853. Framleis syner det så vidt grassletter der det heiter Dagsgards-stålane på Billingen, på Nordsida av Tora rett overfor Øverstulen.

I 1806 selde brukaren på Uppigard Dagsgard «Stubbesletten engeland» frå garden. [2] Stubbesletten er nåverande gnr. 95 Nyhus (Søre Bysjet). Tilknytinga kan ha samanheng med Hov engeland. Stubbesletten ligg i forlenginga av den same grenda mot vest, men høyrer ikkje under det gardsnummeret.

Husmannsplassar

Den eldste namngjevne husmannsplassen vi kjenner til i Skjåk, låg under Dagsgard. På bygdetinget den 14. oktober 1701 bygsla Hans Dagsgard bort «den hussmandds platz Vittingen» til Samuel Lund. Vittingen får oss til å tenkje på Kvitingen, seinare kjent som ålmenningsplass og seinare sjølveigd småbruk i ålmenningsskogen i Kvitingslia vest og opp for Stubbesletten, Åbue og Dagsgardsøygarden. Det er likevel heilt i det uvisse om det er same namnet. Det let seg ikkje utan vidare forklare at ein einskildgard som Dagsgard skulle ha eigarrettar til skog som må ha vore rekna til ålmenninga også den gongen. Og dette var mange tiår før det kom fart i nyryddinga i dette stroket som følgje av kommersiell skogsdrift.

Rundt midten av 1700-talet var det ein husmannsplass under Dagsgard på Dagsgardsøygarden, samstundes som staden vart nytta som underbruk, sjå kontrakt frå 1751 og artikkel om Dagsgardsøygarden

Det er sparsamt med opplysningar elles om husmannsplassar under Dagsgards-gardane. I matrikkelutkastet 1723 er det ein ikkje namngjeven husmann utan jord. I folketeljinga 1825 er det oppført eit tal på 5 personar i rubrikken husmenn utan jord og dagleigarar.

I motsetnad til grannegardane Prestgarden og Ånstad er det ikkje observert hustufter eller andre fysiske spor etter plassar oppe i træda mellom den dyrka marka og skogen.

Anna tilliggjande

På 1600- og 1700-talet har Dagsgard hatt kvernbruk, venteleg i Ånda, ei tverrelv ein km aust for som gardane som den dag i dag gjev vatnarvatn til Uppigard og Nigard Dagsgard. I 1661 og på 1700-talet blir det nemnt ei bekkekvern, medan det i matrikkelen 1668 er oppført to.


Kjelder og litteratur

Notar

Mal:Infoboks gardsbruk