Det gamle samfunn

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. des. 2019 kl. 01:45 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Det gamle samfunn er ei mykje brukt samlenemning for samfunnsforhold og politiske system i førmoderne tid. Historikaren Sverre Steen brukte dette uttrykket som tittel på eit band i den breitt opplagde noregshistoria Det frie Norge, og dette har gjort mykje til at det har kome i utbreidd bruk i norsk historisk litteratur. Det spelar på det franske/internasjonale uttrykket «l'ancien regime» som opphavleg var brukt om tilhøva i Frankrike før revolusjonen i 1789. Kjenneteikn på det gamle regimet var stands- og privilegsystemet, konge- og fyrstemakt av Guds nåde, føydale jordeigedomsforhold osv. Gudmund Sandvik la seg nærare opp til det franske originaluttrykket da han gav ut boka Det gamle veldet i 1975, der temaet var det politisk-økonomiske systemet i einevaldstida med særskilt fokus på statsfinansane .

Kvar grensa går mellom det «førmoderne» og «moderne», altså når «det gamle samfunn» blir utdatert, vil variere sterkt ettersom kva samfunnselement det blir lagt vekt på. Om politiske forhold blir fokusert, set ein skiljet med dei «borgarlege» eller «demokratiske» revolusjonane på 1700-talet (den amerikanske 1776, den store franske 1789 osv.), for Noregs vedkomande da helst i 1814. Dersom næringsliv og teknologi står i sentrum, vil det gamle samfunn tyde førindustriell tid, for Noregs vedkomande kanskje med eit skilje rundt 1850. Sverre Steen si bok tek for seg hundreåret ca. 1750-1850 og legg nettopp vekta på jordbruk og andre næringsvegar og på kulturhistorie.

Det gamle samfunn er stundom brukt tilnærma synonymt med det gamle bondesamfunnet, det vil seie eit agrart dominert samfunn basert på stor grad av sjølvberging og med lågteknologiske metodar og driftsformer der menneskeleg muskelkraft og hestar var viktigaste energikjelda.

Kjelder og litteratur

  • Sandvik, Gudmund: Det gamle veldet: norske finansar 1760-79, Gyldendaal, Oslo 1975.
  • Steen, Sverre: Det gamle samfunn. (Det frie Norge, bd. 4.) Oslo 1957. Mal:Bokhylla