Eidfjord 1891-2010

Eidfjord 1891-2010, med undertittelen frå fjord til fjell, er ei bygdebok for Eidfjord kommune i Hardanger.

Kommunestyret vedtok 12. desember 2005 å gje ut ei ny bygdebok for Eidfjord. 13. februar 2006 vart desse vald som bygdeboknemnd: Arnhild Johansen, Sigrun Lægreid, Endre Liseth, Lars K. Myklatun og Samson Instanes (leiar). Kultursjef Kari Vambheim vart oppnemnd som sekretær i nemnda. Same år vart Knut Grove, som arbeider ved Stein Rokkan-senteret i Bergen, tilsett som forfattar.

Boka vart utgjeven i 2010, og er ei allmenn bygdesoge som i hovudsak dekkjer tida frå Eidfjord vart eigen kommune (1891) og fram til 2000-talet. Fyrstekapittelet handlar om bakgrunnen for at kommunen vart oppretta.

Kjelder og litteratur

  • Eidfjord 1891-2010, s. 5.