Dalan (dial. ["dɑɽaɲ:] ( nominativ/akkusativ), ["dɑɽɔ] ( dativ)), oftast skrive som Dalen i offisiell samanheng, er eit småbruk under matrikkelgarden Hals ved Sålåsundet i Aure kommune på Nordmøre. Bruket vart bygsla den 27. desember 1847, og den 8. september 1866 vart plassen frådelt b.nr. 6 (Søstua) som sjølveigande bruk. Bruket ligg mellom Ekkerbekkjen (Ekrebekken) i sør og Kvennabekkjen eller Sagelva i nord. Namnet Dalan kjem av dei mange dalane som var her føre innmarka vart planert i 1970-åra. Dalane er framleis der i utmarka. Det er funne fleire hundre flintavslag i Dalan. Truleg har det vore flintverkstad her ein gong kring yngre steinalder. Det vart òg funne restar av ei jarnmile under pløying. Det seiest at det var oppgangssag ved Sagelva i hollendartida. Seinare vart det sett opp kvennhus òg, og Sagelva skifta namn til Kvennabekken. Bekken blir òg stundom kalla Slettabekkjen. Både kvennhuset og saga vart rivne kring 1870. Tradisjonen seier at det første huset i Dalan var det som no er kjellaren på gammalhuset, og så vart tømmerkassen sett oppå seinare. Kjellaren hadde doble murar av naturstein i langveggene. I atterveggen var det ei luke som vart bruka til å ta inn potetane. Framveggen, med døra midt på, var lett. Det var ei stor grue i kjellaren. Etter at tømmerkassen vart sett opp vart grua bruka til flatbrødbakst på baksthelle og korntørking i gryte. Les mer …
Frå 1952 til butikken vart nedlagt låg han i sokkeletasjen i dette huset. Foto: Olve Utne
Soleimsund Handel, først driven under namnet Fr. Marit Halsnes, var ein butikk på Hals på Tustna som vart driven frå 1947 til 1982. Butikken var heile tida ein typisk landhandel med variert utval. Frå butikken vart etablert og heilt fram til ferjeruta Kristiansund–Tømmervåg vart opna i 1960 vart det meste av varene levert til butikken med båten MB «Vega» til Innerseterkaia, og derifrå gjerne med mindre båt direkte til bryggja i Stranda, som fungerte som hovudlager dei første åra. Marit K. Halsnes ( 1916–200?) begynte med butikkdrift i eine stua i Stranda under Hals i 1947. Da ho vart gift med radiotelegrafisten Einar Widding ( 1916– 2007) i 1950, vart han òg med på drifta. Les mer …
Ei høybåre er ein stigeliknande landbruksreiskap som blir bruka til å bera inn høy under slåttonna. Høybåra har nok særleg vorte bruka på husmannsplassar og på sjølveigande småbruk som ikkje var store nok til å ha, eller leige, hest og vogn. Høyet blir kasta ihop til rekkjer og ordna i kjemmer med riva. Så legg ein kjemmene på båra, ei for ei, til lasset er stort nok. Lasset blir gjørdt (gyrdt) med eit taug med reiphegd (trelykkje) i eine enden, og så ber to personar båra mellom seg til låven eller løa. Vel inne blir tauget teke av lasset, og ein velter båra slik at høyet legg seg på stålet. Etterpå blir høyet tradisjonelt kasta til rettes og nedtrakka. Høyet skulle vera kompakt så «høyveggen» stod loddrett utover vinteren — slik følgte ein med kor mykje av høyet som var att. Les mer …
|