Forside:Flora

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Askvoll • Aurland • Bremanger • Fjaler • Gloppen • Gulen • Hyllestad • Høyanger • Kinn • Luster • Lærdal • Sogndal • Solund • Stad • Stryn • Sunnfjord • Vik • Årdal
TIDLIGERE KOMMUNE: Flora • Vågsøy

Om Flora
1401 Flora komm.png
Flora kommune låg i Sogn og Fjordane, og grensa til Bremanger i nord, Gloppen og Naustdal i aust og Askvoll i sør. Opphavleg var berre ladestaden Florø med i kommunen. Storkommunen vart oppretta i 1964, då ladestaden vart samanslegen med Kinn og Eikefjord kommunar, størstedelen av Bru kommune og mindre delar av Bremanger og Vevring kommunar. I samband med Kommunereforma 2014-2018 vedtok kommunane Vågsøy og Flora å slå seg saman til nye Kinn kommune, med verknad frå 1. januar 2020. Vågsøy og Flora har ikkje felles grense.

Flora var ein industrikommune, med mykje av verksemda lagt til Florø. Aker Solutions, Skaarfish, Cermaq og oljerelatert industri knytta til Fjord Base er blant dei største aktørane i den tidlegare kommunen. I ytre strøk finn ein jordbruk og fiske drive i kombinasjon. Det er stor eksport av laks, sild og makrell, foredling av laks og produksjon av fiskefôr.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Haakon Aasvejen
Haakon Aasvejen (fødd 21. august 1862 i Hegra, død 6. oktober 1919 på Eid) var skulestyrar, redaktør, venstrepolitikar og målmann. Han var son av Gunnar Haakensson og Hendrika Hendriksdotter som var husmannsfolk på Åsvegen under garden Knotten i Hegra i Nord-Trøndelag. I Fjordane vart Aasvejen ein leiar for radikalt venstre- og norskdomsarbeid. Han tok initiativet til Firda mållag som vart skipa 1. april 1899 og sat i fylkesstyret til 1905. Då Aasvejen vart styrar ved Fjordenes amtsskole, gjekk skulen heilt over til landsmål som undervisningsspråk. Hausten 1899 fekk han i stand eit opprop for målsaka i Fjordane. Han var svært mykje nytta som talar og som lærar på kurs i nynorsk, mellom anna på eitt som vart halde på Eid i 1900 og truleg var det fyrste i Fjordane. Det var òg Aasvejen som kom med framlegget i skulestyret i Eid i 1907 om at folkeskulen skulle gå over til nynorsk opplæringsmål, noko dei fleste krinsane gjorde året etter.   Les mer …

Rognaldsvåg skule
Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune
Rognaldsvåg skule i dåverande Flora kommune stod ny i 1972. Med det nye skulebygget i Rognaldsvåg vart krinsane Kinn, Skorpa, Reksta og Rognaldsvåg slegne saman og alle elevane sendt hit. I 2008 vedtok Flora kommune å leggje ned skulen, og skulelevane må no følgje båt inn til Florø barneskole. I dag blir skulebygget nytta som samlingstad og klubblokaler for grenda.   Les mer …

Historielaget sin logo.
Flora Historielag er eit historielag i Flora i Kinn kommune. Laget vart skipa 28. mars 2001, og har frå same året gjeve ut årsskriftet Floraminne. I 2018 hadde historielaget 218 medlemmer. Ideen om å skipe eit historielag i Flora kom frå dåverande kultursjef Edvin Helgheim.   Les mer …

Vevring kommune i Sogn og Fjordane vart oppretta i 1838, og omfatta område på både sider av Førdefjorden.

I 1964 vart kommunen delt. Området nord for fjorden vart delt mellom Naustdal kommune og Flora kommune, medan området sør for fjorden vart innlemma i Askvoll kommune. Ved delinga hadde Vevring eit areal på 120 km².

Vevring sokn svarar til den delen av kommunen som vart overført til Naustdal.   Les mer …

Livius Smitt
Foto: Sogn og Fjordane fylkesleksikon

Livius Smitt (fødd 8. oktober 1840 i Vinje i Telemark, død 4. mars 1890 i Brevik) var sakførar, redaktør og politikar. Frå våren 1866 var Smitt fullmektig hjå sorenskrivaren i Hardanger og Voss, og hausten 1867 fekk han autorisasjon som overrettssakførar og busette seg i Florø. Her kom han raskt inn i lokalpolitikken. I 1868-69 var han formann i matrikuleringskommisjonen for Sunnfjord og Nordfjord futedøme, og i 1872 valde amtsformannskapet han inn i direksjonen for Nordre Bergenhus Amts Dampskibe, der han sat til 1881. Som styremedlem i dampskipsselskapet hadde han møterett i amtstinget, og her markerte han seg som den sterkaste motstandaren mot å selje selskapet til private.

Som 34-åring vart Smitt i 1874 ordførar i Florø, eit verv han hadde så lenge han budde i byen (til 1881). I 1874 sette han òg i gang Nordre Bergenhus Amtstidende, den fyrste avisa i fylket, og med nokre opphald redigerte han avisa til 1879. Han sat òg i amtsskattekommisjonen 1875-81.   Les mer …

Asbjørn Olai Aamot
Foto: Norske skolefolk (1952)
Asbjørn Olai Aamot (fødd 26. september 1901, død 8. juli 1974) var lærar og fråhaldsmann.

Han var son av bonde Anton Aamot og Olina f. Solheim. Dei dreiv garden Sletten i Askvoll kommune i Sunnfjord. Asbjørn Olai Aamot tok eksamen ved Volda lærarskule i 1925.

Aamot var fyrst vikar på ymse stader i fire år, før han i 1931 vart tilsett som lærar i Eikefjord i noverande Flora kommune. Han arbeidde fyrst i krinsane Barlindbotn og Grov, deretter i Barlindbotn og Tonheim.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Flora
ingen underkategorier
 
Andre artiklar