Forside:Fosen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Portal Fosen
Fosen er eit landskap og tidlegare futedømme i Midt-Noreg. Landskapet omfattar dei ytste kommunane på begge sidene av Trondheimsfjorden i Trøndelag fylke. Landskapet utgjorde fram til høgmellomalderen den nordlege halvparten av Norðmǿrafylki, men vart seinare delt av — først som Fosen len, seinare som futedømme under namnet Fosens fogderi.
Kommunane som reknast med er Frøya, Heim (der tidlegare Halsa tilhøyrer Nordmøre), Hitra, Indre Fosen, Osen, Ørland og Åfjord. Tidlegare Agdenes kommune vart dels rekna til Fosen og dels til Orkdalen; då denne kommunen i 2020 gjekk inn i nye Orkland kommune er det grunn til å vente at blikket vendast meir mot Orkdalen i framtida.