Forside:Heimar og folk i Bykle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les mer ...

 
Smakebitar frå artiklar
Moen 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Moen er eit bruk på Trydal i Bykle kommune. Det var Hallvard Knutsson frå Der inne som fyrst overtok Moenplassane saman med det gamle Nordstog. Sidan bytte han med broren Tor, slik at Hallvard fekk Der inne, medan Tor tok Moen i bruk. Den formelle frådelinga av bnr 8 fann stad i 1906.

Om det var då Tor flutte hit, eller om han venta til han hadde gift seg i 1908 er uvisst, men iallfall var det omtrent ved dette leitet.

Tor K. Trydal ca 1907. Bilete frå Angerd Mosdøl via Setesdalsmuseet.
Torbjørg Jonsdotter Bjones ca 1900. Bilete frå Angerd Mosdøl via Setesdalsmuseet.
Moen, Trydal, riving av høystakk ca 1930. Mannen på biletet er ikkje lett å kjenne att, men er truleg Tor Knutsson. Bilete frå Setesdalsmuseet.
Moen i Trydal ein gong på 1940-talet. Ho som står til høgre er Torbjørg J. Trydal, fødd Bjones (1883-1945). Torbjørg og Tor dreiv på denne tid og tok imot turistar, og dama til venstre er truleg ein av desse. Bilete frå Setesdalsmuseet.
  • Tor Knutsson Trydal, f 1885, d 1978
g 1908 m Torbjørg Jonsdtr. Bjones, f 1883, d 1945.   Les mer …

Utistog 5.9.2005. Det nye fjoset i bakgrunnen høyrer til Systog.
Foto: Aanund Olsnes

Utistog er eitt av bruka på Stavenes i Bykle kommune. Kva for eit bruk som var det fyrste i Stavenes kunne eigentleg vera usikkert nok, men med utgangspunkt i at halve garden (Nordstog og Teigen) var kyrkjeeige, er det minst truleg at det var hovudbølet som fekk denne lagnaden. Då vert me ståande med at Utistog/Systog lyt vera eldst, noko som også tykkjest vera i samsvar med oppfatninga i den gamle ættesoga (151), der dei eldste kjende brukarnamna er oppførde under Utistog.

Dermed kjem me attende til 1610, då oppsitjaren på det større av dei to stavenesbruka i landskattelista heitte Svein. I 1612 får han avløysing av ein Jens, i 1613 og 1614 er Svein attende, og i 1617 er det Knut som svarar skatten av dette bruket.

Dei ustabile tilhøva tykkjest bera bod om at dei nemnde oppsitjarane snautt kan ha vore odelsbønder og sjølveigarar. Heller vil me tru at dei må ha leigd bruket av ein eigar som var vanskeleg å koma til med. Kven dette kan ha vore kjem me attende til.

I straffeskattelista frå 1615 er Svein Stavenes oppførd som «halvgardsmann».   Les mer …

Det nye tilbygget til stoga i Nordstog reiser seg.
Foto: Trygve Gjerden

Nordstog, som ligg i breidd med Der inne og Attistog i fellestunet i Gjerden i Bykle, vart utskilt frå Der inne ein gong på 1660-talet.

Fyrste oppsitjaren her var son åt Åvold Knutsson Gjerden og fyrste kona, Gyro Eivindsdotter, fødd Trydal.

  • Knut Åvoldsson Gjerden, f ca 1632-34, d ca 1710
g 1681 m Torbjørg Olavsdtr. Nesland, d 1756. Born, iallfall:
  • Åvold, f ca 1686, g m Hæge Knutsdtr. Mosdøl, sjå Nesland Der heime, gnr 10, bnr 2
  • Olav, f ca 1691, g 1718 m Ingebjørg Bjørgulvsdtr., sjå nedanfor
  • Ingebjørg, f ca 1690, g m Åvold Tarjeisson Byklum, sjå Utistog
  • Borghild, f ca 1697, g 1724 m Bjørgulv Alvsson Breive, sjå Breive Der inne, gnr 1, bnr 2
  • Tore, f ca 1702, d 1720, ug
  • Jorunn, f 1703, g 1726 m Olav Såvesson Stavenes, sjå Bjørnarå Der aust, gnr 18 bnr 1
Torbjørg Olavsdotter var frå Nesland Der heime, og dotter åt Olav Gunnarsson Nesland og kona, Tore Jonsdotter.   Les mer …

Byklumplasset ein gong i åra 1910-20. Foto Wilse, her etter ein kopi hjå Olav og Ingebjørg Byklum i Innistog.

Heggjeslettune var to små husmannsplassar under Innistog i Bykle, som låg like nedanfor Nystog og Åsen under Torsbu. I dette terrenget renn ein bekk som vert kalla Kvennbekken, og Heggjesletta låg på vestsida av bekken, Plasset på austsida. I sume kjelder finn me nemningane Austre og Vestre Heggjesletta, noko som samstavar godt med fleirtalsnamnet Heggjeslettune. Sidan det langt på veg var dei same folka som budde på dei to plassane, skal me taka dei under eitt.

Det fyrste ein høyrer gjete om staden er at Torleiv Åsmundsson Byklum fekk bygsla ein plass kalla «Heggeslettene» på livetida hjå Olav Drengsson i Innistog i 1858. Men Torleiv var ungkar, og mykje på farten, og hadde nok lite både av hug og høve til å vera fastbuande husmann. Difor vart det inntil vidare til at han overlet bruken av verestaden sin til broren, Hallvard Åsmundsson, og faren, Åsmund Olavsson (Berdalen).

Me har skjøna det slik at det stykket Torleiv hadde bygsla i 1858 femnde over både Heggjesletta og Plasset, og at broren og faren sidan dela det, slik at Hallvard hadde Heggjesletta medan Åsmund sat på Plasset. Iallfall var det såleis i 1865, les me i folketeljinga frå det året. I folketeljingslista ser me også at han som har skrive henne fyrst har ført opp Torleiv Åsmundsson som husmann på Plasset, men etterpå strika over det namnet, og skrive inn Åsmund Olavsson i staden. For Torleiv, som sat med kontrakta, og såleis formelt var husmannen både på Plasset og Heggjesletta, var ikkje til stades, og kunne då ikkje godt stå som busett her. I røynda heldt han på denne tid til hjå Ånund Torgrimsson Flateland på plassen Haugen under Flateland, bnr 10 (jfr. Valle VI, 201 f), der han var busete og arbeidde som skinnfellmakar, etter det folketeljingslista frå Valle opplyser.   Les mer …

På Strandestøyl ca 1960. Han som sit og spikkar er Olav G. Holen jr.
Foto: Folke Nesland

Strandestøyl er ein støyl på nordsida av Bossvatn i Bykle kommune, austom Brotteli og like aust for Bosbekk, elva som renn or Brottelidalen. Her er steinut og bakkut med dyrka jordstykke ned mot Bossvatn. Staden var i bruk som husmannsplass i lange tider, men nett kor lenge det var folk her, er me usikre på. Dette heng i hop med at me ikkje kan vita heilt sikkert kven som var dei fyrste til å slå seg ned her, jamvel om me kan slå fast at det var den eine av to huslydar.

Likevel vil me halde ein knapp på Olav Åsmundsson frå Berdalen og Ingebjørg Jonsdotter frå Brotteli. Om det er rett at desse var dei fyrste, vart plassen busett på 1750-talet.

Det andre paret det kan vera tale om er Ånund Såvesson frå Vatnedalen og Torbjørg Tarjeisdotter frå Nesland. Om desse var dei fyrste på Strandestøyl, var her ikkje folk fyrr utpå 1770-talet.

Grunnen til at dette spørsmålet ikkje utan vidare kan avgjerast, og dermed treng noko drøfting, er kyrkjebokføringa. For prestane nytta sjeldan bruks- eller plassnamn som etternamn eller «adresse» i kyrkjeboka, men skreiv som regel opp folk med namnet på den matrikkelgarden dei høyrde under. Dertil kjem at det stundom var noko opp og ned med statusmarkeringane, slik at ein ikkje alltid kan sjå om vedkomande var husmann, innerst, bruksmann eller sjølveigar.   Les mer …

Hovuddelen av gamlestoga i Kvæven vart oppført fyre krigen, men sidan har ho fått tilbygg både nordetter og søretter.
Foto: Aanund Olsnes
(2005)
Kvæven er det vestlegaste eller inste bruket i Bjåen i Bykle kommune. Det er også det nyaste i rekkja.

I panteregisteret og matrikkelen vert det kalla Bjåland, men dei som bur i Bjåen nyttar namnet Kvæven. Det siste er eit gamalt terrengnamn, medan Bjålandsnamnet var eit påfunn i samband med den formelle etableringa av eininga.

Bruket er ikkje fælt gamalt. Det var Olav Såvesson Bjåen som sette i gang med bureising på denne delen av farsgarden Nor i stoga Bjåen i 1930, og fekk skyldsett det som eige matrikkelbruk 3 år seinare.   Les mer …
 
Se også
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Mest lest