Forside:Heimar og folk i Bykle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les meir ...

 
Smakebitar frå artiklar
Dei gamle husa som framleis står i Lisle-Hisdal. Bilete frå kommunearkivet.

Lisle-Hisdal er eitt av bruka i Hisdal i Bykle kommune. Den fyrste som rudde og bygde her var Knut Hallvardsson Stavenes. Han var frå Teigen Stavenes, son åt Hallvard Såvesson og kona, Åse Knutsdotter, fødd Vatnedalen. Då Knut gifte seg i 1806 var han dreng i Trydal. Sidan budde han og kona eit bil i Holen, dinest nokre år i Trydal att, men kring 1814 fekk han bygsle Lisle-Hisdal hjå Hallvard Knutsson i Store-Hisdal, som åtte Trydal Der inne på denne tid, og sette i gang med plassrydjing. Seinast frå 1816 budde Knut og familien hans her.

  • Knut Hallvardsson Stavenes, f 1772, d 1852
g 1806 m Jorunn Kristensdtr. Hisdal, f 1780, d 1859   Les mer …

Stigamidjom 24.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Den gamle plassen Stigamidjom ligg ein snau kilometer nordanfor Moen i Trydal i ei kro innunder Tangebakkane. Staden ligg lageleg til, med utsyn over Sakshylen på vestsida, og lognt mellom Bergji i nord og Stigafjødd i sør.

Dei som rudde og fyrst budde her var ekteparet Eivind Ånundsson og Åse Tarjeisdotter og borna deira. Han var gardmannsson frå Utistog Stavenes, son åt Ånund Pålsson, som dei kalla Rike-Ånund, og kona, Ingebjørg Tarjeisdotter, fødd Byklum.

Nett kva år Eivind og Åse sette i gang med å etablere seg i Stigamidjom kan vera litt uvisst. Det me utan vidare kan slå fast er at dei fekk bygselsbrev på plassen hjå Arne Torleivsson i Nordstog Trydal i 1853. Men brevet vart ikkje tinglyst fyrr i 1860, og då kan det vel også godt ha gått nokre år frå plassfolka stakk spaden i jorda fyrste venda og til det vart gjort skriftleg avtale. Plassvilkåra tykkjest ha vore rimelege. Dei skulle skjera 1 1/2 mål åker i året, det var heile leiga.

Eivind og Åse budde lenge i Stavenes, der Eivind var eigar av bnr 5 (halve Utistog). Tydelegvis gjekk det ut med han, slik at han i 1847 laut selje til Olav Såvesson på Teigen. Han og familien hans mellomlanda då ei tid som busetar i Bjones, fyrr dei vart husmannsfolk i Stigamidjom.   Les mer …

Kroné 24.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Kroné, også kalla Skarberg, ligg ved nordaustenden av Motjønni i Bykle kommune. Tek ein innetter gamleveg frå Moen er dette fyrste verestaden ein kjem til. Som namnet tilseier er det ei kro. På nordsida lyfter Den store ufsi seg, austetter har dei Urinn og Krofjødd, sudetter Oppå haugen og Vardebrokke mot Øytjønnsåsen.

Det var brørne Olav og Ånund Knutssøner Skarberg som sette i gang med bureising her i 1917. Desse var søner av Knut Ånundsson Trydal og kona, Torbjørg Halvorsdotter, fødd Uppstad. Det gamle namnet på staden var Kroné, men då skarbergkarane fekk tinglyst eigedomsretten sin, valde dei å kalle den nye heimen Skarberg etter bruket dei kom ifrå (gnr 9, bnr 3). Til dagleg vert vert staden likevel omtala som Kroné.

Då dei sette i gang her, kom skarbergbrørne frå Bjørnarå Der heime, der far deira var brukar for Torgeir Bjørgulvsson. Såvidt me kan oppfatte varde dette til 1920, men då var Torgeir Bjørnarå vaksen, og ville bruke garden sjølv. Etter dette flutte Knut og Torbjørg frå Bjørnarå til sønene på Kroné. Torbjørg døydde her i 1935, Knut tre år seinare.   Les mer …

Tunet i Neire Mosdøl i den tida då Lunden og Berget hadde sams våningshus. Mannen ved loptsnova er Torleiv Drengsson, kvinna på trappa er ikkje identifisert. I høgre biletkant ser ein noko av det berget som har gjeve namn til bruket. Biletet vart teke av August Abrahamson ein gong i tida frå 1900 til 1910. Frå samlinga ved Setesdalsmuseet.

Lunden er det vestlegare av dei to nedre bruka på Mosdøl i Bykle kommune.

Den fyrste oppsitjaren me har funne her er Mikkel Knutsson, som me også har nemnt ovanfor, i bolken om det udela, nedre bruket. Me har ikkje sett nokonstad skrive at han var son åt Knut Gunnarsson Nesland, men me torer likevel rekne med at han var det, for då ervingane etter den ugifte Vetle Gunnarsson i 1726 selde Sygard Nesland til Knut Åvoldsson Gjerden, var Mikkel ein av seljarane, og i 1732 var det ein Knut Olavsson Nesland som «paa egne og sin Fader Ole Knudsens Vegne lyste sin Pengemangel og Odel for 3 Kalveskind udj Mosdøl, som hans Fader- broder Mikkel Knudsen bruger».

Når det gjeld fødselsåret til Mikkel, lyt me gjeva det opp med god slingsringsmon, for me har tre ulike aldersoppgåver om han, ei frå kyrkjeboka ved dødsfallet hans i 1774, og to frå manntal frå 1712 og 1718. Desse peikar mot fødselsår frå ca 1682 til ca 1691.   Les mer …

Ørnefjødd 18.8.2005. Til høgre driftsbygning (oppført 1985) og reiskapshus (oppført 1983). Torgeir D. Bakken bygde desse husa. Til venstre: bustadhuset som Inger Elisabeth Bakken Haugarne bygde i 1987.
Foto: Aanund Olsnes

Ørnefjødd i Bykle ligg i austenden av det gamle gardsvaldet til Vatnedalen. Om ein skal plassere han nøyare i terrenget, kan ein vel seia at vegen til Ørnefjødd går vestetter frå riksvegen like nord for Nordli, og at gardsvegen er omlag 2 km.

Om gardsnamnet skriv Olav Haslemo (h.oppgv. 1968, 78):

Bruket har fått namnet sitt etter fjellet like ved. Namnet er samansett med ørn, f, jfr. gno. Ǫrn, m. Etter at namnet på fjellet hadde gått over til å verta namn på bruket, trongst det eit nytt namn på fjellet, som då fekk namn i relasjon til bruket; det nye namnet på fjellet vart Ørnefjøddnuten - også dette eit døme på «tautologisk» nylaging.
Stort meir er det ikkje å seia om dette, og me kan då gå over til oppsitjarane. Den fyrste som rudde og bygde her heitte Rikard Gunnarsson, og han kom hit på byrjinga av 1730-talet. Då han kaupte bruket hjå Olav og Jon Vatnedalen i 1747, vart det skrive inn i skøytet at han sjølv hadde rudt opp plassen sin frå rå rot. Men jamvel om han i fylgje skøytet kaupte Ørnefjødd «til Odell och Eigendomb» og betala 80 riksdalar, skulle han svara 1/2 dalar i året i leige til vatnedalsbøndene, står det.   Les mer …

Dette biletet av den fyrste butikken på Hovdebru vart truleg teke kring 1950. Mannen med hatt er Olav P. Tveiten. Frå Setesdalsmuseet.
Fjellgardstun er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Moland er namnet på den fremre delen av tomta der Fjellgardstun nå ligg. Tidlegare sto her ein butikkbygning som Knut Tarjeisson og Kjetil Sveinsson Hovden sette opp i 1937. I dette huset var bustadrom i andre høgda. Tone Kjetilsdotter Hovden dreiv butikken her inntil ho og Harald Uleberg, mannen hennes bygde ny forretning på motsett side av vegen i 1951 (sjå Urheim, bnr 23).

Butikken her sette Knut og Kjetil då bort til Tordis Nordaberg, som dreiv for dei det fyrste året ho var her. Etter dette gifte ho seg, og ho og mannen hennes kaupte forretninga.

Tordis vaks opp på Edland, som dotter åt Tone og Halvor Nordaberg. Mora heitte Tone Knutsdotter og var fødd Tveiten, og var dermed sonedotter åt Svein Hovden.   Les mer …
 
Se også
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Mest lest