Forside:Heimar og folk i Bykle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les meir ...

 
Smakebitar frå artiklar
Strandehagen 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Strandehagen eller berre Hagen ligg i det sudaustre hyrna av Trydalskvelven i Bykle kommune, og deildar i nord mot Strondi, i sør mot Lislehisdal og Torstveit, og i aust mot Storstein.

På grunnlag av namnet (hamnehagen til Strondi) skulle ein vente at bruket hadde gått ut frå Strondi. Dette er likevel ikkje tilfellet, for etter det me kan skjøne må Hagen, på same måten som Strondi, ha vore ein del av det skogstykket som hadde vorte kaupt innåt Systog og Storstein i 1843. Då denne teigen vart dela i to bruk i 1882, fekk den parten som høyrde til Systog lnr 46 a.

Rudningsmannen, og den fyrste til å bu her, heitte Tarald Tarjeisson. Han var frå Systog, nest eldste son åt Tarjei Olavsson på det bruket og andre kona, Birgit Taraldsdotter, fødd Mosdøl.

  • Tarald Tarjeisson Trydal, f 1855, d 1936, til Amerika med huslyden 1893, sjå nedanfor
g 1880 m Gunvor Mikkelsdtr. Nesland, f 1856, dødsår ukj.   Les mer …

Ørnefjødd 18.8.2005. Til høgre driftsbygning (oppført 1985) og reiskapshus (oppført 1983). Torgeir D. Bakken bygde desse husa. Til venstre: bustadhuset som Inger Elisabeth Bakken Haugarne bygde i 1987.
Foto: Aanund Olsnes

Ørnefjødd i Bykle ligg i austenden av det gamle gardsvaldet til Vatnedalen. Om ein skal plassere han nøyare i terrenget, kan ein vel seia at vegen til Ørnefjødd går vestetter frå riksvegen like nord for Nordli, og at gardsvegen er omlag 2 km.

Om gardsnamnet skriv Olav Haslemo (h.oppgv. 1968, 78):

Bruket har fått namnet sitt etter fjellet like ved. Namnet er samansett med ørn, f, jfr. gno. Ǫrn, m. Etter at namnet på fjellet hadde gått over til å verta namn på bruket, trongst det eit nytt namn på fjellet, som då fekk namn i relasjon til bruket; det nye namnet på fjellet vart Ørnefjøddnuten - også dette eit døme på «tautologisk» nylaging.
Stort meir er det ikkje å seia om dette, og me kan då gå over til oppsitjarane. Den fyrste som rudde og bygde her heitte Rikard Gunnarsson, og han kom hit på byrjinga av 1730-talet. Då han kaupte bruket hjå Olav og Jon Vatnedalen i 1747, vart det skrive inn i skøytet at han sjølv hadde rudt opp plassen sin frå rå rot. Men jamvel om han i fylgje skøytet kaupte Ørnefjødd «til Odell och Eigendomb» og betala 80 riksdalar, skulle han svara 1/2 dalar i året i leige til vatnedalsbøndene, står det.   Les mer …

Systog Dalen 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Småbruket Systog Dalen, som ligg like austom Nordstog Dalen, kom til i 1917, då Olav O. Åsen kaupte ein parsell på ein stad mellom 300 og 400 mål hjå Sjur Vatnedalen og Knut K. Vatnedalen. Bruket vart matrikulert i 1920.

I matrikkelen står namnet Åsen, men til vanleg vert bruket omtala som Systog Dalen. I den gamle gards- og ættesoga (184) og sameleis i Norges Bebyggelse (153) står det at Systog er bnr 17, men bnr 17 er eit heistykke nordom Dalen, som heiter Renna.

Olav Åsen var son åt Torbjørg Åsmundsdotter frå Systog Stavenes. Faren var Olav Knutsson Nesland (sjå Nistog, gnr 14, bnr 10). Mora gifte seg i 1885 med Olav Auversson Åsen, og Olav Olavsson vaks opp hjå henne og stykfaren (sjå Tveitvodd, gnr 14, bnr 9). Han nytta Åsen-namnet åt Olav Auversson.   Les mer …

Åsland 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Åsland er eit lite nybruk frå slutten av 1930-talet i Berdalen i Bykle kommune. Det var Sigrid Hoslemo som husa det opp og rudde det. Arealet vert oppgjeve til 7-8 mål.

Sigrid var frå Haugen Hoslemo, dotter åt Ånund Sigbjørnsson Vatnedalen og kona, Gro Hallvardsdotter, fødd Oddeskar. Systera Gyro hadde tidlegare rudt og bygt for seg i Haugen, bnr 10. Fyre ho kom hit hadde Sigrid budd mange år i Skien, og arbeidd i ei forretning der.

Ho kaupte denne teigen hjå Salmund Berdalen i Hagen i 1938, og fekk opp hus for seg same året. Ho ville taka imot turistar til overnatting, og bygde difor ei stoge på 14 x 8 m i to fulle høgder. I 1940 sette ho også opp ein liten uthusbygning, der ho sidan hadde ei handfull sauer og nokre høns. Ho skifte etternamn til Åsland i 1947, og nytta sidan det namnet.   Les mer …

Myri 5.8.2005
Foto: Aanund Olsnes

Myri ligg austom Der nede, bnr 1, i Berdalen i Bykle kommune. Det kom til då Kjetil Helleiksson i Der uppe overlet ein part av garden til versonen Olav Oddsson Byklum sumaren 1873. Parten fekk ei landskyld på 4 skilling, som sidan vart omgjort til 6 øre.

Namnet kjem av at tunet vart lagt ved sidan av ei myr. Denne myra er sidan oppdyrka, og er nå ein del av jordet til bruket. Så kjem me til den fyrste oppsitjaren og familien hans:

Olav Oddson Byklum, f 1830, utfl. Mo ca 1880, d 1890

g 1871 m Torbjørg Kjetilsdtr. Berdalen, f 1848, d etter 1900.   Les mer …

Breive Der uppe ca 1900. Framme: Olav Alvsson Breive (1837-1903), kona Åshild Hallvardsdotter, f Breive (1855-1937), og dottera Torbjørg (1890-1953), g m Kjetil S. Hovden. Attanfor: Åsne (1881-1957); Margit (1874-1953) og Halvor (1884-1963). Bilete frå Ingebjørg Vegestog.

Der uppe var bruksnummer 9 under Breive i Bykle kommune. I bolken om Utistoga, bnr 6, har me fortalt at det bruket vart dela i 1873, då Olav Alvsson frå Der inne kaupte litt over halvparten av det Mons Knutsson hadde sete med. I 1875 fekk det nye bruket lnr 2 e i matrikkelen, og sidan bnr 9. Landskylda vart sett til 27 skilling.

I den gamle gards- og ættesoga ( 211) les me at det var Mons Knutsson som budde i Der Uppe, og at han «fekk bruket hjå faren Knut Monsson», men det stemmer ikkje. Det er også gale, slik det står i den same boka ( 202) at Olav Alvsson budde i Utistoga, men den feilen er meir forståeleg, ettersom han etter 1893 åtte også det bruket. Men heimen hans var i alle høve her frå 1882, og inntil då budde han i Nordgarden.

Han sette seg opp hus i øvre kanten av det gamle fellestunet, og me reknar med at det var difor bruket vart kalla Der uppe.   Les mer …
 
Sjå også:
 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Mest lesne artiklar