Forside:Leikanger

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Askvoll • Aurland • Bremanger • Fjaler • Gloppen • Gulen • Hyllestad • Høyanger • Kinn • Luster • Lærdal • Sogndal • Solund • Stad • Stryn • Sunnfjord • Vik • Årdal
TIDLIGERE KOMMUNE: Balestrand • Leikanger

Om Leikanger
Leikanger kommune er ein tidlegare kommune ved Sognefjorden i Sogn og Fjordane. Han grensa mot Balestrand, Sogndal og Vik. Kommunesenteret var Hermansverk. Den 1. januar 2020 vart Leikanger del av Sogndal kommune.

Fram til 1992 var Feios, Fresvik og Frønningen ein del av Leikanger kommune. Men frå 1992 vart Feios og Fresvik ein del av Vik kommune. Frønningen vart ein del av Lærdal kommune. Den gamle Leikanger kommune er rik på kulturhistorie.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Motiv fra Henjatunet.
Foto: Elin Olsen (2013)

Hermansverk var kommunesenteret i Leikanger kommune, og ligg på nordsida og Sognefjorden. Bygda har vakse saman med Leikanger til ein tettstad, Hermansverk/Leikanger, med til saman ikring 1900 innbyggjarar (2009). Bygda har namn etter Herman Brun, ein kjøpmann som hadde sitt verke der i 1840-åra.

I 1989 vart Fylkeshuset i Sogn og Fjordane åpna i Hermansverk.

Planteforsk Njøs, ein institusjon som forskar på bær og frukt, ligg i Hermansverk. Staden hadde tidlegare ein konservesfabrikk, som vart grunnlagd av Halvard Drægni i 1919. Fabrikken vart teken over av Lerum i 1982, men har sidan vorte lagd ned.   Les mer …

Harald Gjesdal.
Foto: Asker og Bærums Budstikke 1942.
Harald Gjesdal (født 26. mai 1892 i Leikanger, død 26. mai 1974) var inkassosjef og politiker for Frisinnede Venstre. Hans arbeidsplasser som inkassosjef var O. Mustad & Søn og Margarincentralen; han var folkevalgt for tre perioder i Bærum kommunestyre og satt mellom 1943 og 1945 på Grini og Sachsenhausen. Han stilte til kommunevalg i 1928, og ble valgt inn som vara i kommunestyret den kommende perioden. Han satt så som fast medlem i tre valgperioder. Partiet var Frisinnede Venstre (seinere Frisinnede Folkeparti, FF), men ved kommunevalget i 1934 stilte de fellesliste med Nasjonal Samling, «Den nasjonale fellesliste», i Østre Bærum valgsokn. Gjesdal var listetopp, og ble innvalgt sammen med Hugo Borgen (NS) og Aashild Domaas (FF).   Les mer …

Jakob Bøthun.
Foto: Faksimile frå Nesse (1966): Sogn lærarlag.
Jakob Bøthun (fødd 28. januar 1851, død 24. mars 1931) frå Fresvik i Leikanger (no Vik kommune) var lærar, målmann og politikar. Bøthun fekk ein framståande posisjon i styre og stell i Leikanger kommune. Han var medlem og formann i skulestyret i mange år, og han var ordførar i Leikanger 1885-1902.   Les mer …

Olav Sande kring 1880
Olav Sande (fødd 26. juni 1850 i Kyrkjebø, død 23. august 1927 i Bergen) var lærar, folkeminnsesamlar, tonediktar og målmann. Sande vart tidleg engasjert i målsaka og var med i Målvinarlaget ved Stord seminar. I Sogn og Fjordane vart han ein av pionérane for målsaka. Han tok opp spørsmålet alt i 1872 på eit lærarmøte i Sogndal. I 1880 heldt han føredrag om målsaka på eit prostilærarmøte på Skjolden i Luster, eit møte som ofte vert framheva som eit vendepunkt for målreisinga i Sogn.   Les mer …

Kopi av Leikangerkrusifikset frå Rinde stavkyrkje.
Foto: Jan Magne Borlaug Rinde
Leikangerkrusifikset er eit kunstverk frå tidsepoken 1120 -1150. Det har sitt opphav frå Rinde stavkyrkje som vart riven i 1866, og krusifikset vart sendt til Bergen Museum i desember 1864 og mottatt der i februar 1865. Soknekyrkja i Feios har truleg vore ein del av Leikanger prestegjeld frå reformasjonen. Denne reforma vart vedtatt i 1536 av kong Christian III i det dansk-norske riket, og gjennomført i 1537. Men krusifikset kom fram på kyrkjeloftet under rivingsprosessen av Rinde stavkyrkje.   Les mer …

Hans Kristian Seip.

Hans Kristian Seip (fødd 6. november 1881 i Røyken, død 14. mars 1945 i Lærdal) var vegingeniør, fylkesmann i Sogn og Fjordane og stortingsrepresentant.

Hans Seip var son av sokneprest Jens Lauritz Seip (1852-1913) og Marie Frederikke Aubert (1853-1931). Han var fødd i Røyken i Buskerud, men voks opp i Åseral i Agder. Ein yngre bror var språkforskaren og universitetsrektoren Didrik Arup Seip medan systera Kathrine vart gift med biskop Eivind Berggrav. Seip tok eksamen ved Kristiania tekniske skole i 1900 og studerte ved Zürich Polytechnikum 1902-03. Han arbeidde i Statens vegvesen i Hedmark 1900-02, Møre 1903-09 og Hordaland 1909-15. Han var avdelingsingeniør ved vegvesenet i Bergen frå 1915 og var vegsjef i Bergen 1921-29.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Leikanger
ingen underkategorier
 
Andre artiklar