Forside:Norrøne fartøy

KYSTKULTUR
Båtbygging • Klinkbygging • Fyr • Tradisjonsbåtregisteret

østnorske båter • sørvestlandsbåter • midtvestlandsbåter • sunnmørsbåter • geitbåter • trønderbåter • nordlandsbåter
norrøne fartøy • seglfartøy • dampfartøy • motorfartøy

Om Norrøne fartøy
Foto: Olve Utne
(2008)

Norrøne fartøy er eit fellesnamn for dei fartøytypane og fartøya som vart bygd av norrønt folk og samar i Norden i tida frå kring 700 til kring 1350. Norrøne fartøy var klinkbygd med kjøl og spisse stamnar. Fartøya vart både rodd og segla. Mindre båtar og krigsfartøy hadde som hovudregel rorsrom i alle rom, medan frakt- og handelsfartøy kunne ha reine lasterom midtskips. Rorsromma hadde keipar i eldre fartøy, og alltid i mindre fartøy; større fartøy fikk ganske tidleg årehol for å kunna vera høgt borda utan å miste den beste rorsvinkelen. Til segl vart det alltid bruka eit stort råsegl. Gjennom heile perioden hadde norrøne skip berre ei master. Som ror vart det bruka styreåre heilt fram mot slutten av perioden. Den første avbildinga med sikkert stamnror finst i Fide kyrka på Gotland og blir datert til tidleg 1200-tal. Det er omstridd om relieffet på døypefonten i Winchester Cathedral (ca. 1180) viser stamnror eller sideror.   Les mer ...

 
Smakebitar
Klåstadskipet er ein norrøn knarr som blei funni ganske nært den historiske kaupangen Skiringssal. Skipet hadde forlist, trulig ute i Vikskilen, og drivi innover Klåstadkilen der det gikk ned med lasta si — brynestein-emne frå brynesteinsbrotet i Eidsborg. Sidan skipet forliste ein gong mot slutten av vikingtida har landet stigi to meter i området, så skipet blei funni på eit jorde i 1893. Skipet blei utgravi først i 1970 under leiing av Arne Emil Christensen. Dei bevarte delane inkluderer kjølen på 16,25 meters lengde så vel som store delar av babord side. Stamnane er ikkje bevart, men det blir berekna at totallengda var dryge 20 meter mellom stamnane, og breidda er berekna til 4,5 meter. Fartøyet er klinkbygd, og det er keipar til roing. Treverket er mest eik, men dei øvste bordgangane er av furu og toppbanda av bøk. Klåstadskipet er dendrokronologisk datert til ca. 998. Det er utstilt på Slottsfjellsmuseet i Tønsberg.   Les mer …

Under grunnarbeidet til den nye Dronning Eufemias gate i Oslo i 2013 blei det funnet et handelsfartøy nederst i Bispegata, rett ved Nordenga bru. Det spissgatta fartøyet var i overkant av 9 meter (ca. 30 fot) langt fra stevn til stevn. I lengde og rominndeling svarer det grovt sett til en seksroms geitbåt, men med ekstra spant i alle rom så vel som i fremskott og bakskott. Fartøyet var godt bevart. En antok først at det var bygd i tida rundt 1600, og på grunn av sterkt tidspress måtte det gjøres et hastevedtak om det skulle vernes eller ikke. Statens vegvesen innvilget en uke til å dokumentere fartøyet. Tirsdag 3. september 2013 fylte så Statens vegvesen ny masse over vraket, som blir liggende halvveis under gata og halvveis under et tilstøtende bygg. I etterkant har det vist seg at handelsfartøyet etter all sannsynlighet var et norrønt fartøy fra andre halvpart av 1200-tallet.   Les mer …

Gokstadskipet slik det står i VikingskipshusetBygdøy i Oslo i dag.
Foto: Olve Utne
Gokstadskipet er et vikingskip som ble funnet i forbindelse med utgravninga av en stor gravhaug på gården Gokstad i Sandeherred, senere Sandar og nå en del av Sandefjord kommune, i 1880. Skipet er utstilt på Vikingskipshuset på Bygdøy.   Les mer …

Bårsetbåten er eit båtfunn som vart gjort i Bårsetmyra på Nord-Kvaløya i Karlsøy kommune i Troms i 1931. Båtrestane vart transportert til Tromsø Museum og rekonstruert som nirømming under leiing av Gutorm Gjessing i 1937. Ein alternativ rekonstruksjon, som sjurømming, vart gjort av Walter Meyer Pedersen og presentert som hovudoppgåve i arkeologi ved Universitetet i Tromsø i 2002. Dei to tolkningane er ganske ulike, inkludert i stamnforma. Stamnforma i den eldre rekonstruksjonen er markant krum, medan stamnforma i den nyare rekonstruksjonen har meir framspring og ein stamnkonstruksjon som liknar den vi blant anna finn i skipet og båtane frå Gokstadfunnet. Det er vanlig å rekne Bårsetbåten som «den eldste nordlandsbåten» — med krumstemningane som neste kjente ledd. Ein analyse av treverket ved Andreas Kirchhefer plasserer båten til 800-tallet og veksestaden for furua med rimelig sikkerheit til Nordland.   Les mer …

 
Kategoriar for Norrøne fartøy
ingen underkategorier
 
Andre artiklar