Forside:Oppdal kommune

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
TIDLIGERE FYLKE: Nord-TrøndelagSør-Trøndelag
DISTRIKT: (Sunnmøre) • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: OppdalRennebuOrklandSkaun
TIDLIGERE KOMMUNE: AgdenesMeldalOrkdal

Om Oppdal kommune
1634 Oppdal komm.png

Oppdal kommune er ein kommune lengst sørvest i Trøndelag fylke. Namnet er det gamle namnet på bygdeområdet Oppdal, som er særprega av at det er eit høgtliggjande dalområde ovom Rennebu og Sunndalen. Oppdal kommune grensar mot nordmørskommunane Sunndal og Surnadal i Møre og Romsdal fylke; nordmørskommunen Rindal og orkdalskommunen Rennebu i Trøndelag fylke; nordøsterdalskommunane Tynset og Folldal og gudbrandsdalskommunane Dovre og Lesja i Innlandet fylke.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Eline Forberg på sine eldre dagar.
Foto: Ukjent. Frå Digitalt museum. Skjåk historielags samling.

Eline Sylfestdotter Forberg (fødd i Oppdal 7. januar 1868, død i Skjåk i januar 1958) var lærar og gardbrukar. Særleg blir ho hugsa for si sentrale rolle i det kristelege organisasjonsarbeidet i Skjåk og som innehavar av ei rekkje offentlege tillitsverv i bygda.Foreldra var Sylfest Sylfestsen Lund (1825–1908) og hustru Hanna (Johanna) f. Kvitlom (1831–1880). Faren var fødd og oppvaksen på garden Eide i Skjåk. Hanna Kvitlom var frå Lesjaskog. Dei hadde gifta seg i 1856, og fekk i alt ni born, fødde i tidsrommet 1857–1878. Eline var nummer seks i rekkja. Familien dreiv gardsbruk fyrst i Vågå til 1861, så på Lesjaskog 1861–1867. Det sistnemnde året flytta familien til Oppdal, der dei hadde kjøpt austre bruket på Hustøfte (Hustoft), som var mest for eit småbruk å rekne. Der slo familien seg til ro. Eline vart fødd året etter at familien tok til på Hustøfte.

Faren Sylfest var ein kjend emissær med bakgrunn i den haugianske vekkinga i barndomsbygda hans dei fyrste tiåra av 1800-talet. Flyttinga frå Skjåk til Vågå, Lesja og Oppdal hadde nær samanheng med det religiøse engasjementet. To av brørne til Sylfest var også lekpredikantar, gardbrukaren Ole Eide og den yngre broren som også heitte Ole, men som i likskap med Sylfest tok etternamnet Lund. Lærar og kyrkjesongar Ole Lund gjorde seg sterkt gjeldande i kristenliv, politikk og samfunnsengasjement i Skjåk i ein femtiårsperiode frå ca. 1860 til han døydde i 1912. På fleire vis kom Eline til å fylle den plassen som farbroren hadde hatt i bygda, da med unntak av det politiske.   Les mer …

Utsyn over Nerskogen frå Skaret i Oppdal i 2010.

Nerskogen er i dag namnet på ei grend som ligg både i Rennebu kommune og Oppdal kommune. Frå Oppdalssida vart området elles kalla Skardalen, etter som ferdsla frå den sida gjekk opp frå Vognild, forbi Skarvatnet og over Skaret.


Nerskogen var inn til etter andre verdskrigen hovudsakleg eit rikt utmarksområde der gardane i Rennebu og Oppdal hadde setrar, dreiv markaslått og henta ved og tømmer heim til bygdene. Det har òg vore drive tjørebrenning i omfattande grad i området. Ein kan framleis sjå rester etter tjøremiler i myrer over heile Nerskogen, sjølv om den verksemda nok ikkje vart drive her etter 1890-åra.   Les mer …

Ola J. Rise 1952
Foto: Cornelius Jacobsen.
Ola J. Rise (fødd i Oppdal 15. januar 1877, død same stad 26. august 1954) var redaktør, lokalhistorikar, bokhandlar, spelemann, skodespelar, ungdomslagsmann, målmann, politikar, fredsaktivist, fråhaldsmann, kooperatør, komponist, og utvandrar, men elles det ein med gode grunnar kan kalle ein samfunnsengasjert mann; i Amerika så vel som i Oppdal – i poesien så vel som i prosa. Han «sto som ein stolpe i alt kulturliv i Oppdal», da Olav Dalgard vaks opp. Ola var fødd på gardsbruket Nødder Søsto av Rise i Drivdalen. Foreldra var gardbrukarparet John (Jo) Evensen Mjøen (1837-1924) og Ragnhild Olsdotter Ekrann (1839-1910). Barndomsheimen låg nær Rise skyss-skifte, og det var venteleg her grunnlaget vart lagt for det vidsyn og menneskesyn som leidde til dei gode samkvem med andre han seinare skulle bli så kjend for. Faren Jo, som var frå Ner Oppesto Mjøa, var kjent som ein flink spelemann på fele. Han skal elles ha vore ein altmoglegmann, som aldri sto opprådd for noko i det han hadde føre seg. Mor Ragnhild var frå garden Ekrann, med slekt frå Vågå. Ho var som ei open bok for Ola-guten. Ho fortalde frå gamal tid, som igjen ga Ola kjelder å ausa frå når han vart vaksen.   Les mer …

Wilhelm Andreas Wexelsen
Wilhelm Andreas Wexelsen (fødd 8. april 1828 i Ringsaker, død 1904 i Kristiania) var teolog, grundtvigianar og sokneprest i Eid og Oppdal. Han var farbror til den kjende statsråden og biskopen Vilhelm Andreas Wexelsen (1849-1909). Foreldra var Wexel Hansen Wexelsen (1784-1867), som var forvaltar ved Hadelands Glasværk, og Marie Lovise f. Wexels (1793-1873). Ho var syster til den kjende grundtvigianske presten Wilhelm Andreas Wexels (1797–1866), som Wilhelm Andreas Wexelsen var mykje hjå i studietida. Hans søster var Marie Wexelsen (1832–1911)   Les mer …

Etterstadleiren, Lager EtterstadEtterstad i Oslo, opprettet i 1942, fraflyttet i 1945, var for den tyske forsyningsbataljonen Nachschub-Batallion tilhørende Wehrmacht, i tilknytning til hadde SS-Totenkopf-Verbände en krigsfangeleir for russiske krigsfanger, som var en underleir av Stalag 303.
(1949)
Krigsfangeleire i Norge under andre verdenskrig ble i det meste av krigen brukt til sovjetiske, polske og jugoslaviske krigsfanger. De norske krigsfangene fra den første perioden ble for det meste sluppet raskt ut, med unntak av noen som gikk rett over til å bli politiske fanger. Etter krigens slutt fikk de tyske soldatene i landet status som krigsfanger, og ble holdt internert eller satt til minerydding og andre oppgaver. Denne artikkelen omhandler primært de tyske leirene som ble drevet fra 1941 til 1945.   Les mer …

Fangstgrop i Svartådalen 2009
Foto: Arnfinn Kjelland
Trollheimen er namnet på fjellområdet mellom Sunndalen i sør, Ålvundeid og Todalen i vest, Surnadalen og Rindalen i nord og Meldalen, Rennebu og Oppdal i aust (grove retningar). Her har gardar i desse bygdene hatt setrar i hundrevis av år. Svartådalen er ein av seterdalane her, Jøldalen, Folldalen, Resdalen og Gjevilvassdalen andre. Også det gamle seter- og slåtteområdet, seinare bureisingsgrenda Nerskogen i Rennebu ligg innafor området.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Oppdal kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar