Forside:Pitesamisk historie og kultur

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. jun. 2013 kl. 11:51 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Erstatter sida med «{{Forside Samer}} {{Emnemal|Flertall(er/ar)=ar}}»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Forside Samer

Om Pitesamisk historie og kultur
Sæjjde (offerstad) og beitande tamrein ved StødiSaltfjellet.
Foto: Olve Utne, mars 2010.

Pitesamar er eit samisk folk som tradisjonelt hovudsaklig har halde til mellom området kring Saltfjellet og Saltfjorden i Noreg via området på nordsida av Arjeplog og Arvidsjaur i Sverige. I sør grensar den pitesamiske kulturen til umesamisk kultur, og i nord grensar han til lulesamisk kultur. Tradisjonelle næringar blant pitesamane inkluderer reindrift, jakt og fiske, jordbruk og båtbygging. Dei bufaste samane har med tida vorte assimilerte i lokal skandinavisk kultur gjennom lokal integrering med norsk- og svensktalande så vel som gjennom langvarig assimilasjonspolitikk frå myndigheitene på begge sidene av Kjølen, og pitesamisk språk er no sterkt utryddingstruga med berre 25–50 morsmålstalande i Sverige og ingen i Noreg i 2010.   Les mer ...

 
Smakebitar
Saltfjellet (bokmål/nynorsk) eller Sáltoduoddar (pitesamisk), òg skrive Sáltoduottar (nordsamisk) og Sálltoduottar (lulesamisk), er eit høgfjellsområde mellom Rana og Saltfjorden i Nordland fylke.   Les mer …

Israel Ruong (19031986) var ein pitesamisk språkforskar, politikar og professor i samisk språk og kultur ved Uppsala universitet. Israel Ruong vart fødd i Arjeplog i 1903. Foreldra var kateketar og bufaste i Harrok ved innsjøen Labbas. Foreldra og fleire sysken omkom i spanskesjuka som ramma Arjeplog i 1920. Oppveksten i Harrok blir utførlig skildra i artikkelen «Harrok : ett samiskt nybygge i Pite Lappmark», som er utgjeven i Kultur på karrig jord : festskrift til Asbjørn Nesheim. Han tok lærarutdaning i Luleå og arbeidde som lærar ved Nomadskolan i Jukkasjärvi. Faglig sett arbeidde Ruong elles med ulike aspekt av samiske språk òg, og særlig med morfologien.   Les mer …

Tospråklig vegskilt ved Árjepluovve (pite- og lulesamisk) / Arjeplog (svensk) i Arjeplogs kommun i Norrbottens län i Sverige.
Foto: Bjørn Utne
(2008)
Pitesamisk (pites. bidumsámegiella; lulesamisk bihtánsámegiella, bihtámasámegiella; nordsamisk biđonsámegiella), òg tildels kjent under namnet arjeplogssamiska i Sverige, er eit samisk språk med tre dokumenterte dialektar som tradisjonelt har vorte snakka av pitesamar i Sør-Salten, Rana og tilgrensande strøk i Sverige austover til Arjeplog og, i mindre grad, Arvidsjaur. Typologisk er pitesamisk nært i slekt med naboen lulesamisk i nord, og desse to blir ofte gruppert saman — enten som «vestsamisk» eller som dialektar av lulesamisk. Den sørlige naboen umesamisk ligg derimot nærmare sørsamisk, og ume- og sørsamisk blir oftast grupperte saman som sørsamisk i vidare forstand. Pitesamisk er sterkt truga både i Noreg og i Sverige.   Les mer …

Beiarn Finnekapell var en annekskirke i Gildeskål prestegjeld fra 1724 til 1858. Da ble Beiarn prestegjeld utskilt fra Gildeskål og fikk egen sokneprest. Finnekapellet ble oppført på anbefaling av Thomas von Westen etter en av hans reiser i Nord-Norge. Kapellet fikk ikke egen prest, men kateketer og misjonærer ble plassert i Beiarn. Etter rivingen av kapellet etter at Beiarn kirke ble oppført i 1873 ble inventaret, inkludert altertavle, prekestol, døpefont, kirkesølv, lysekroner og flere tavler, flyttet opp på loftet i den nye kirken.   Les mer …

Planteikning utført av okkupasjonsstyret.
Krokelva fangeleir var ein tysk fangeleir omlag 300 meter nordom den seinare Semska stasjonSemska i Saltdal kommune under andre verdskrigen. Leiren vart etablert i 1942 og oppløyst ved den tyske kapitulasjonen i mai 1945. Krigsfangane var sett til tvangsarbeid på Blodvegen. Ved kapitulasjonen var det 790 fangar der. 364 fangar omkom i løpet av åra leiren var i drift. Dei attlevande fangane sette opp eit minnesmerke i 1945. Dette minnesmerket vart sprengt av dei norske myndigheitene i samband med Operasjon asfalt i 1950, og dei einaste spora etter leiren i dag er overgrodde levningar i landskapet.   Les mer …

Vaktarboligane på Semska.
Foto: Olve Utne (2010)
Semska stasjon, tidligare Saltfjell stasjon, er ein tidligare jarnbanestasjon på strekninga mellom Dunderland stasjon og Røkland stasjonNordlandsbanen. Stasjonen ligg på Semska (pitesamisk Sæmmsá, ‘våtmark’) i Saltdal kommune i Salten. Denne stasjonen, så vel som Hjartåsen stasjon, Krokstrand stasjon, Bolna stasjon, Stødi stasjon og Lønsdal stasjon, blei opna onsdag den 10. desember 1947 da Nordlandsbanen vart forlenga frå Dunderland til Lønsdal. Stasjonsbygninga er riven i dag, men dei tre vaktarboligane står enno og er i privat eige. Stasjonen grensar til Semska–Stødi naturreservat (på austsida av jarnbanesporet) og den tidligare Krokelva fangeleir (kring 300 meter nordafor stasjonen).   Les mer …
 
Kategoriar for Pitesamisk historie og kultur
 
Andre artiklar