Forside:Sel kommune

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Sel kommune
0517 Sel komm.png
Sel kommune ligg i Gudbrandsdalen i Innlandet fylke, og grensar mot Dovre og Folldal i nord, Sør-Fron i nordaust, Nord-Fron i aust og sør og Vågå i vest. Den noverande Sel kommune vart danna i 1965, då Sel, Heidal og delar av Vågå og Nord-Fron kommuner vart slegne saman.

Administrasjonssenter er Otta, den største tettstaden. Andre tettstadar er Nord-Sel, Sandbumoen, Dale og Bjølstad.

Sel er ein land- og skogbrukskommune. Det er òg steinindustri som sysselsett omkring ein fjerdedel av dei yrkesaktive. Dette er ei gammal næring i Sel. Dovrebana (med stasjon på Otta) og E6 går gjennom kommunen.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Marcello Haugen.
Foto: Faksimile fra Bergo (1974): De klarsynte.
Marcello Haugen  (født 6. juli 1878 på Kongsberg, død 30. desember 1967 på Lillehammer) var selverklært natur-lege og 'synsk'. Han var omstridt i sin samtid, og ble beskyldt for å være kvakksalver og bløffmaker, men var landskjent og ble oppsøkt av mange mennesker gjennom flere tiår.   Les mer …

Dovre folkehøgskule på Romundgard i Sel skuleåret 1919-1920. Andreas Austlid i andre rekkja nr. fem frå venstre. På venstre side av han Ingeborg Møller (Lindholm). Thorleif Schirmer bakarst i døropninga (med skjegg).
Foto: Ukjent
Dovre folkehøgskule var i verksemd på Dovre frå hausten 1915 til våren 1918, dvs. i tre skuleår. Skulen var ein direkte oppfølgjar av ein tilsvarande grundtvigiansk folkehøgskule i Gausdal 1913-1915. Etter tida på Dovre vart det eit framhald i Sel 1918-1922. Den sistnemnde blir også gjerne omtala under nemninga Dovre folkehøgskule.Skulen var særmerkt av dei kjende kulturpersonlegdomane som var lærarar der og/eller som støtta opp om han på anna vis. Miljøet som utvikla seg der, kan seiast å ha vore eit møte mellom på den eine sida det grundtvigianske norskdomsmiljøet som hadde blomstra i Gudbrandsdalen frå 1860-åra av, og på den andre sida den spirande antroposofiske rørsla i Noreg fyrst på 1900-talet. Den eldre norskdomsrørsla var direkte representert ved Andreas Austlid. Fremst i den nye generasjonen stod diktaren Olav Aukrust og kunstmålaren Hallvard Blekastad. Dei to var nære vener, tremenningar og svograr frå det ein med god rett kan kalle eit norskdomsdynasti i dalen, familiane Blekastad, Ofigsbø og Aukrust. Både Olav Aukrust og Hallvard Blekastad vart sterkt inspirerte av antroposofien.   Les mer …

Nils Grotnes ca. 1950.
Foto: Ukjent
Nils Jørgen Kornelius Grotnes (fødd i Nord-Rana 25. februar 1890, død 5. april 1961) var lærar og skulestyrar. Mest er han kjend som styrar for framhaldsskulen i Sel i Gudbrandsdalen i fleire tiår, og for å ha grunnlagt og styrt realskulen i bygda. Han var elles aktiv i offentleg styre og stell og i organisasjonslivet, ikkje minst kva gjeld ideelt ungdomsarbeid. I ei studentjubileumsbok karakteriserer han si eiga livsorientering i Christopher Bruuns ånd: «Kristeleg nasjonal (norskdom og kristendom)». Han var blant pådrivarane for å få inn nynorsk som skulemål i Gudbrandsdalen i 1930-åra. Politisk orienterte han seg mot Arbeidarpartiet. Han var aktiv i den sivile motstanden mot okkupasjonsregimet 1940-1945.   Les mer …

Sigurd Blekastad.
Foto: Ukjent.
Sigurd Blekastad (fødd i Sel 24. mai 1848, død same stad 31. juli 1897) var forretningsmann og politikar. Han var stortingsrepresentant for Venstre 1882-1897. Han er kjend for å ha sett fram det forslaget i 1893 som førte fram til stortingsvedtaket om det reint norske flagget i 1898. Han var fødd og oppvaksen på garden Blekastad i Sel. Foreldra var gardbrukarparet Ivar Olsen frå Nigard Bu og Guro Syversdotter Hyrve frå Skjåk. Dei hadde kjøpt Blekastad i 1840.   Les mer …

Ivar Blekastad
Foto: Ukjent
Ivar Blekastad (fødd i Sel 4. oktober 1850, død i Gausdal 20. januar 1936) var friskolelærar, bonde og handelsmann. Han vaks opp i Sel, men budde i Gausdal frå 1875 til sin død. Han blir rekna som ein av pionerane innan den frilynde ungdomslagsrørsla, og arbeidde ivrig for målsaka og fråhaldssaka. Hjå han og i hans famile møttest på ein karakteristisk måte kulturelle og politiske straumdrag frå haugianismen, bondepolitikken, den frilynte rørsla, folkehøgskoleideologien og generell venstrenasjonalisme frå 1800- og det tidlege 1900-talet. Blekastad var fødd og oppvaksen på garden Blekastad rett ved den seinare stasjonsbyen Otta, på austsida av Lågen, i nåverande Sel kommune. Foreldra var gardbrukarparet Ivar Olsen frå Nigard Bu og Guro Syversdotter Hyrve frå Skjåk. Dei hadde kjøpt Blekastad i 1840.Ivar Blekastads næraste familie og slektskrinsen oppover, nedover og til sides, kan seiast å ha danna eit mangemaska kulturelt og politisk nettverk. Det inkluderer haugiansk kulturarv, patriotisk liberalisme og bondeopposisjon tidleg på 1800-talet, grundtvigianisme, norskdom og venstrepolitikk i andre halvparten av 1800-talet og fyrst på 1900-talet.   Les mer …

Joachim Irgens' våpenskjold.
Joachim Irgens (eller Jochum) var fødd 19. mai 1611 i Itzehoe i Holstein og døydde i 1675. Far hans var Heinrich Jürgens. Joachim var altså kjøpmannssonen som i 1634 vart kammertenar for den danske kongen. I 1642 fekk han og to andre, kongeleg myntmeister Peter Grüner og renteskrivar Peder Nielsen privilegiebrev på eit nytt kopparverk i Gudbrandsdalen, Selsverket. I 1646 fekk Irgens privilegiebrev på Røros Kobberverk.Irgens var mellom dei som gav store lån til kongen (statsmakta) utover 1640- og 50-åra, og gjennom krongodssala vart han i 1661 eigar av m.a. Vestervig kloster med jordegods og i 1664 Gjørslev med alt krongods i Ringsted og Stevn herader på Sjælland. I 1666 fekk han skøyte på alt krongods i Helgeland, Salten, Lofoten, Vesterålen, Senja og Troms - meir enn halvparten av all jord i desse futedømma, 143 gardar og gardpartar.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Sel kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar