Forside:Skjåk kommune

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Skjåk kommune
0513 Skjak komm.png

Skjåk kommune ligg i Innlandet fylke, lengst vest i Ottadalen, ein sidedal av Gudbrandsdalen. Kommunen vart skild ut frå Lom 1. januar 1866. Da hadde namnet skriftforma Skiaker. Kommunen er geografisk samanfallande med Skjåk prestegjeld med dei to sokna Skjåk og Nordberg. Bismo er senteret i kommunen, på nordsida av dalen på grensa mellom dei to sokna.

Kommunen ligg mellom fjellpartia med dei nyare namna Breheimen og Reinheimen, og heile 79% av kommunens areal fell inn under nasjonalparkane med desse namna. Eller ein kan seia at fjella i Skjåk tilhøyrer nord- og vestdelen av Jotunheimen. I nord grensar Skjåk til Norddal, Rauma og Lesja, i aust og søraust til Lom, i sør til Luster og i vest til Stryn og Stranda. Det går heilårsveg over fjellet til Stryn i Nordfjord. Sommarstid er det også veg til GeirangerSunnmøre.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Magnhild Olsdotter Sperstad (fødd i Skjåk 14. desember 1806, død same stad 1887) var gardkone og jordmor. Ho var fødd og oppvaksen på garden Øver-Holø på Geilostronda i Skjåk, Foreldra var Ola Rasmussen Holø («Dokter-Holen») (1784-1852) og Mari Sevaldsdotter frå Nørstnes i Lom (fødd ca. 1786). Magnhild var eldst i ein syskenflokk på ni. Foreldra dreiv farsgarden til Ola ei tid. Men dei gav opp drifta og Ola livnærte seg og familien som helsearbeidar, mellom anna ved å drive ei sjukestove for ratesjuke med statsstøtte. Magnhild gifta seg 26. januar 1827 med Hans Hansen Sperstad, gardbrukar på Nørdre Sperstad i Reppen i Skjåk. Ekteparet fekk seks born, fødde i tidsrommet 1826-1847.   Les mer …

«Kristianiarealisten». Fra Akerselven. Målarstykke av Ivar Lund. Udatert. Nasjonalmuseet.
Ivar Lund (fødd i Skjåk 17. januar 1871, død i Kristiania 22. februar 1904) var husmålar, kunstmålar og grafikar. Som kunstnar er han mest kjend for ei rekkje bilete frå fabrikk- og fattigstrok langs Akerselva i Kristiania. Kjent er også debutmåleriet på haustutstillinga 1899, «Husandagt», som portretterer foreldra og gjev eit innsyn i den kristelege heimen han voks opp i. Han døydde ung, og fekk berre sju-åtte år som kunststudent og utøvar. Han vart funnen omkomen aleine på hybelen sin, råka av blodstyrting, utan at nærare diagnose er klårlagd.   Les mer …

Syver Bøje (fødd i Skjåk 15. mai 1866 død same stad 1937) var skreddar og jordbrukar, og han var ein kjend aktør i samfunns- og kulturliv i Skjåk og Lom. Han var fødd i fattigdom og hadde ein omflakkande, vanskeleg oppvekst. Det omskiftelege tilveret heldt han fram med i vaksen alder som familiemann. I tillegg til skreddaryrket var han mellom anna gardbrukar, paktar, plassmann, turistførar og postomberar, og familien budde mange forskjellige stader i Lom og Skjåk. Syver Bøje vart i likskap med fleire av brørne sine kjend i bygda som politikar og organisasjonsmann, særleg knytta til Venstre (Arbeidardemokratane), småbrukar- og norskdomsrørsla. Han var blant aktivistane på nynorsksida da språkskiftet til nynorsk i Skjåk vart gjennomført i 1920-åra. Han skal mellom anna ha hatt direkte innverknad på at lyrikaren Jan-Magnus Bruheim vart så ivrig nynorskbrukar.   Les mer …

Bruheim med portrett av seg sjølv, måla av Knut Ljøsne da Bruheim var lærar i Skogbygda i Vågå 1957-1958. Fotografiet er teke i 1987 i heimen til Bruheim i Lundagrenda i Skjåk.
Jan-Magnus Bruheim (fødd i Skjåk 15. februar 1914, død same stad 10. august 1988) var forfattar, fyrst og fremst lyrikar, men også med innslag av prosa i sin litterære produksjon. Han gav ut 20 diktsamlingar, og er også kjend for ei rekkje barnebøker med dikt, rim og regler og forteljingar på vers. Bruheim var ein populær opplesar, i Kringkastinga (Ønskediktet), i skular og foreiningar mange stader i landet. Bruheim verka også som folkeskulelærar i ein periode. Han var samfunnsengasjert, i ungdomen med sterke antisosialistiske og antinazistiske haldningar, etter krigen mellom anna i freds- og antiatomvåpenarbeid og i motstand mot skulesentraliseringa. Men engasjementet gjorde seg sjeldan eller aldri gjeldande som agitasjon eller tendens i lyrikken hans.   Les mer …

Doro Heyerdahl på skitur i Skjåk på 1930-talet. (Utsnitt).
Foto: Ukjent.
Doro (Dorothea) Heyerdahl (fødd på Voss 8. desember 1894, død i Oslo 25. april 1988) var folkeskule-, framhaldsskule- og folkehøgskulelærar. Den lengste samanhengande delen av si yrkesgjerning hadde ho ved Lom og Skjåk framhaldsskule, frå 1925 til ca. 1950, med mindre avbrot. Som det står i ei femtiårsomtale av henne, hadde ho i løpet av denne tida «hatt en stor del av ungdommen i Lom og Skjåk som sine elever». Og ho var ein svært avhalden lærar. Med bakgrunn frå universitet, lærarskule, folkehøgskule og ungdomslagsarbeid, og ved sitt elskelege og interesserte vesen, verka «ho Doro» utan tvil som ein sterk inspirasjon for mange av desse ungdomane.   Les mer …

Skjåk venstrelag var lokallag av partiet Venstre i Skjåk kommune. Det vart stifta den 2. januar 1884, truleg under namnet Skiaker Venstreforening. Dette skjedde nesten ein månad før landssamskipnaden Norges venstreforening konstituerte seg den 28. januar. Etter at lokallaget eit par gonger hadde gått i stå, vart det starta opp att i 1894 og 1909. Frå 1913 kan det ha vore eigne lag i kvart av dei to sokna Skjåk og Nordberg. Den lokale partiorganisasjonen synest å ha opphøyrt ein gong i 1930-åra.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Skjåk kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar