Forside:Skjåk kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. apr. 2010 kl. 22:22 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Skjåk kommune
0513 Skjak komm.png

Skjåk kommune ligg i Innlandet fylke, lengst vest i Ottadalen, ein sidedal av Gudbrandsdalen. Kommunen vart skild ut frå Lom 1. januar 1866. Da hadde namnet skriftforma Skiaker. Kommunen er geografisk samanfallande med Skjåk prestegjeld med dei to sokna Skjåk og Nordberg. Bismo er senteret i kommunen, på nordsida av dalen på grensa mellom dei to sokna.

Kommunen ligg mellom fjellpartia med dei nyare namna Breheimen og Reinheimen, og heile 79% av kommunens areal fell inn under nasjonalparkane med desse namna. Eller ein kan seia at fjella i Skjåk tilhøyrer nord- og vestdelen av Jotunheimen. I nord grensar Skjåk til Norddal, Rauma og Lesja, i aust og søraust til Lom, i sør til Luster og i vest til Stryn og Stranda. Det går heilårsveg over fjellet til Stryn i Nordfjord. Sommarstid er det også veg til GeirangerSunnmøre.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Futen sin utgiftspost for avrettinga av Marit Trulsdotter. Transkribert: «Giffuet skarpretrenn aff Osloe for enn quinde nemblig Martte Throlsdatter, at Rete med Ild Och brand for throldomssag Hun er Offuergangenn Pening v dr [Marg:]Dom att inttet var effter hinder»
Foto: Akershus lensrekneskap 1621-1622.
Marit Trulsdotter (død 1621 eller 1622) var ei kvinne i Skjåk som vart dømd og brend på bålet for trolldom. Rettsprosessen gjekk føre seg våren og sommaren 1621. Avrettinga, utført av skarprettaren i Oslo, er ikkje datert, men er med i utgiftsrekneskapen til futen i Gudbrandsdalen for året 1. mai 1621 til 1. mai 1622. Vedlagt rekneskapen er ei utskrift av rettssaka mot Marit, der vi får vite ein del om kven Marit var, og nokså detaljert om dei hendingane og gjerningane som førde til at ho vart dømd.   Les mer …

Fele på Uppigard Skjåk. Ho har i følgje tradisjonen tilhøyrt Fel-Jakup. Han kalla ho Storgrolla.
Foto: Hans P. Hosar (2012)

Fel-Jakup, Jakob Olsen, (fødd i Skjåk den 2. februar 1821 død same stad den 27. juni 1876) var felespelar, vide kjend i samtid og ettertid. Han blir rekna som ein meisterspelemann på flatfele, med tilsvarande posisjon i folkemusikkhistoria som Myllargutenhardingfele. Fel-Jakup har øvd sterk innverknad på folkemusikken særleg i bygdene rundt Dovreplatået, dvs. i Nord-Gudbrandsdalen, Møre og Romsdal, delar av Sør-Trøndelag og i Nord-Østerdalen. Han var mykje etterspurd som musikar ved bryllaup og andre festlege høve, på auksjonar og marknader, ikkje minst på Romsdalsmartnan.

Om ein ser bort frå den unike musikkgivnaden og spelemannslivet, er Fel-Jakups bakgrunn og livslaup illustrerande for livsvilkåra til bygdeproletariatet på hans trakter og på den tida. Jakup var fødd og oppvaksen under vanskelege tilhøve, og trass tidomtil brukbare spelemannsinntekter, levde han også som vaksen og gift mann heile tida i tronge kår som husmann i ålmenninga i Skjåk.   Les mer …

Eline Forberg på sine eldre dagar.
Foto: Ukjent. Frå Digitalt museum. Skjåk historielags samling.

Eline Sylfestdotter Forberg (fødd i Oppdal 7. januar 1868, død i Skjåk i januar 1958) var lærar og gardbrukar. Særleg blir ho hugsa for si sentrale rolle i det kristelege organisasjonsarbeidet i Skjåk og som innehavar av ei rekkje offentlege tillitsverv i bygda.Foreldra var Sylfest Sylfestsen Lund (1825–1908) og hustru Hanna (Johanna) f. Kvitlom (1831–1880). Faren var fødd og oppvaksen på garden Eide i Skjåk. Hanna Kvitlom var frå Lesjaskog. Dei hadde gifta seg i 1856, og fekk i alt ni born, fødde i tidsrommet 1857–1878. Eline var nummer seks i rekkja. Familien dreiv gardsbruk fyrst i Vågå til 1861, så på Lesjaskog 1861–1867. Det sistnemnde året flytta familien til Oppdal, der dei hadde kjøpt austre bruket på Hustøfte (Hustoft), som var mest for eit småbruk å rekne. Der slo familien seg til ro. Eline vart fødd året etter at familien tok til på Hustøfte.

Faren Sylfest var ein kjend emissær med bakgrunn i den haugianske vekkinga i barndomsbygda hans dei fyrste tiåra av 1800-talet. Flyttinga frå Skjåk til Vågå, Lesja og Oppdal hadde nær samanheng med det religiøse engasjementet. To av brørne til Sylfest var også lekpredikantar, gardbrukaren Ole Eide og den yngre broren som også heitte Ole, men som i likskap med Sylfest tok etternamnet Lund. Lærar og kyrkjesongar Ole Lund gjorde seg sterkt gjeldande i kristenliv, politikk og samfunnsengasjement i Skjåk i ein femtiårsperiode frå ca. 1860 til han døydde i 1912. På fleire vis kom Eline til å fylle den plassen som farbroren hadde hatt i bygda, da med unntak av det politiske.   Les mer …

«Kristianiarealisten». Fra Akerselven. Målarstykke av Ivar Lund. Udatert. Nasjonalmuseet.
Ivar Lund (fødd i Skjåk 17. januar 1871, død i Kristiania 22. februar 1904) var husmålar, kunstmålar og grafikar. Som kunstnar er han mest kjend for ei rekkje bilete frå fabrikk- og fattigstrok langs Akerselva i Kristiania. Kjent er også debutmåleriet på haustutstillinga 1899, «Husandagt», som portretterer foreldra og gjev eit innsyn i den kristelege heimen han voks opp i. Han døydde ung, og fekk berre sju-åtte år som kunststudent og utøvar. Han vart funnen omkomen aleine på hybelen sin, råka av blodstyrting, utan at nærare diagnose er klårlagd.   Les mer …

Familien Tjønneland i 1933.
Foto: Ukjent.
Elling K. Tjønneland (fødd 29. januar 1881 i Gaular, død 1960 i Skjåk) var folkeskulelærar i Skjåk frå 1904 til han gjekk av med pensjon i 1951. I sine haldningar og gjennom si verksemd i og utanom lærargjerninga svara han godt til dei gjengs førestillingane om den typiske vestlandslærar. Han ivra for fråhaldssaka og målsaka, og var elles aktiv i skulepolitikk, helsearbeid og ungdomslagsarbeid. Hans arbeid for nynorsk skulemål skaffa han ikkje berre vener i bygda. Under okkupasjonstida var han ein frittalande antinazist, og han var aktivt med i den organiserte sivile motstandskampen. Han var fødd og oppvaksen på gardsbruket Tjønneland (også kalla Stølen eller Knutsstølen) i Viksdalen sokn i Gaular. Det var eit lite, veglaust og tungdrive bruk som ligg 570 meters høgde over fjorden. Foreldra var Knut Sørensson Tjønneland (1832-1917) og Olina Ellingsdotter (fødd Hellebust, 1842-1903). Elling var den sjuande av ein syskenflokk på ni. Tjønneland tok lærareksamen ved Volda lærarskule i 1903. Etter eit vikariat i Horte og Håland krinsar i Landvik (nåverande Grimstad kommune), kom Tjønneland til Skjåk hausten 1904. Der var han lærar samstundes i Øygard og Gjeilo krinsar fram til 1916.   Les mer …

Heimane rundt Marlo, synst i grenda Reppen. Marlostrædet lengst oppe til venstre, prestegarden nede til høgre. Midt på biletet Marlo skule. Alle heimane oppunder skogbrynet var husmannsplassar under gardane lenger nede på matjordbeltet. Foto:Hans P. Hosar 2009

Marlostrædet (gnr. 57/5) er eit småbruk i Skjåk. Det var husmannsplass under gnr. 57/1 Nedre Marlo (Skjåk prestegard) til 1924, da brukaren fekk kjøpt det til sjølveige. Plassen er fyrst nemnd i kjende kjelder i 1826. Da vart det inngått kontrakt mellom plassmannen Johannes Olsen og husbonden Kristen Rasmussen Marlo. Ordlyden i kontrakten synest vise at Johannes og kona Anne var dei fyrste plassfolka i Marlostrædet. Det peikar i same retning at Johannes er den fyrste som står oppført under Marlostrædet i Ættebok for Skjåk (band I side 176).Johannes og Anne fekk fire born:

  • Ola (fødd 1819) er kjend som Ola Tåro, etter namnet på plassen han bygsla som husmann under Uppistun Vange. Han vart forresten bestefar til LO-formannen Halvard Olsen.
  • Anne (fødd 1823), flytta til systersonen i Talvik i Finnmark i 1877 (saman med systera Ågot, sjå nedanfor)
  • Eilev (fødd 1828), vart buande saman med foreldra i Marlostrædet og overtok bygsla på plassen (sjå nedanfor).
  • Ågot (fødd 1833), vart mor til stortingsmann Johannes Kummeneje. Ho flytta i 1877 til sonen som var blitt lærar og lensmann i Talvik. Det var same året han tok til som lærar der.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Skjåk kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar