Forside:Skulehistorie i Sogn og Fjordane

Om Skulehistorie i Sogn og Fjordane

Skulen min er eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie. Målet er å samle kjelder og informasjon om skulehistoria i ein digital portal. Prosjektet starta i Sogn og Fjordane fylke i 2015. Sogn og Fjordane og Hordaland utgjer frå 2020 Vestland fylke. På sikt ønskjer vi å dekke skulehistorie i heile Vestland fylke. Det er mange ulike kjelder som fortel om skulehistoria, mellom anna katalogar, foto, gjenstandar, brev, dokument og forteljingar. Desse verdifulle materielle og immaterielle kulturminna finn ein hjå musea, arkiva, lokale organisasjonar eller andre, men ikkje alltid lett tilgjengeleg. Det er viktige kjelder til kunnskap som ikkje når ut til folk på ein god nok måte.

Fleire kulturaktørar i Noreg jobbar med å opne opp og tilgjengeleggjere kulturdata. Dette vil vi både bygge vidare på og dra nytte av i dette prosjektet. Målet er å digitalisere og tilgjengeleggjere meir materiale i dei opne nasjonale kulturdatabasane samtidig som vi i vår portal hentar ut skulestoff på tvers av fagområde.

Prosjektet vil prioritere perioden frå den første skulelova kom i 1739 til kommunesamanslåingsperioden på midten av 1960-talet. Både tilgang til kjeldemateriale og personvernsomsyn vil legge føringar for kva som vert digitalisert og formidla.   Les mer ...

 
Smakebitar
Mor og son, Brita og Mons H. Takle.
Foto: Norland, Bergen.

Mons H. Takle (fødd 7. mars 1877 i Brekke, død 18. juli 1958 i Askøy) var lærar og kyrkjesongar. Han var son av gardbrukar Hans Monsson Takle og Brita Monsdotter og bror til læraren Magnus Takle.

Mons Takle tok lærareksamen på Stord lærarskule i 1898 og var lærar i Jostedalen frå 1899 til 1903. Deretter var han lærar i Lindås fram til 1917, i framhaldsskulen i tre år og andrelærar ved Nordhordland fylkesskule i eitt år. Frå 1919 var han lærar og kyrkjesongar i Brekke.   Les mer …

Magnus Takle

Magnus Takle (Birger Magnus Johan) (fødd 15. februar 1883 i Brekke, død 6. september 1971 i Re) var lærar. Han var son av gardbrukar Hans Monsson Takle og Brita Monsdotter.

Magnus Takle gjekk i storebroren Mons H. Takle sine fotefar. Magnus tok lærareksamen ved Stord lærarskule og var lærar i Jostedalen 1904-07. Før lærarskulen hadde han gått Sogndal folkehøgskule der han trefte Metta Sofie Urdahl (1883-1966) frå Luster, som òg gjekk på Stord lærarskule. Ho var dotter av gardbrukar og ordførar Hans Hansson Urdahl (1832-1913) i Luster og Elen Kirstine Larsdotter (1846-1905).

Magnus og Metta gifte seg i Luster 18. april 1906. I 1907 flytte dei til Årdal der Magnus vart lærar, og i 1915 flytte dei vidare til Tasta i Stavanger. Her arbeidde han som lærar til 1948.   Les mer …

Johan K. Thuland
Foto: Ukjent.

Johan Knutsen Thuland (fødd 1862 i Fjaler i Sunnfjord, død?) var lærar, klokkar og norskdomsforkjempar. I ein tjueårsperiode budde og arbeidde han i Skjåk, og er der saman med Hans B. Osnes kjend som den fyrste typiske vestlandslæraren i bygda. Dei stod for venstrepolitikk, målsak, frilynt ungdomsarbeid og fråhald.

Thuland var fødd på garden Tuland i Guddal i det som den gongen var Ytre Holmedal prestegjeld og herad, i dag Fjaler kommune. Foreldra var Knut Hansson frå Tuland og Marta Eriksdotter frå Langeland (fødd 1818). Dei hadde gifta seg i 1841, og var brukarar på Nordre Tuland. Produksjonsoppgåvene i folketelinga 1865 viser at det var eit heller lite gardsbruk, med to kyr.   Les mer …

Henrik Olaus Aardalsbakke
Foto: Norske skolefolk (1952)
Henrik Olaus Aardalsbakke (fødd 18. oktober 1879 i Jølster, død 2. desember 1956) var lærar og lokalpolitikar for Venstre i Davik kommune. Fornamnet har òg vore skrive Hendrik.

Han var son av bonde Jakob Aardalsbakke og Danhilde Jensdotter. Henrik Olaus Aardalsbakke gjekk mellomskulen og tok eksamen ved Hambros skole i Bergen i 1900. Etterpå byrja han på Volda lærarskule, der han vart uteksaminert i 1903.

Aardalsbakke vart som nyutdanna tilsett som lærar i Davik i 1903. Han hadde fyrst krinsane Endal, Lefdal og Haus, men etter krinsregileringa i 1918 arbeidde han i krinsane Davik og Endal.   Les mer …

Elias Melvær

Elias Melvær (fødd 1. mai 1848 i Askvoll, død 21. september 1924 i Bergen) var lærar, politikar og pionér i målreisinga i Sogn og Fjordane. Melvær var son av gardbrukar og fiskar Abraham Wilhelmson Melvær og Anne Arnesdotter Einen. Han voks opp på garden MelværBulandet i Askvoll i Sogn og Fjordane. Melvær gjekk Stord seminar og tok eksamen 1869. Same året vart han lærar i Kjølsdalen i Davik (no Eid kommune) i Nordfjord, og etter to år fekk han i 1871 ein lærarpost i Grimelid i Askvoll. Her var han i tre år før han 1874-76 var allmugeskulelærar i Florø.

I 1876 vart Melvær tilsett som lærar på den nyskipa Fjordenes amtsskole i Gloppen. Han følgde med amtsskulen då han flytte til Innvik i 1886 og vidare til Florø i 1892. Etter 24 år som andrelærar slutta han då skulen flytte til Nordfjordeid i 1900.   Les mer …

Sogndal folkehøgskule på Nes i Sogndal (ca 1910). Til høgre Helgheimsstova, no på De Heibergske Samlinger - Sogn folkemuseum. Til venstre Hauge-huset som framleis står på skuleområdet.

Sogndal folkehøgskule (Sogndals folkehøiskole) vart skipa i 1871 av presten Jakob Liv Rosted Sverdrup i Sogndal i Sogn og Fjordane. Dette var ein av dei fyrste folkehøgskulane i Noreg og er, nest etter Sund folkehøgskole (frå 1868), den eldste som framleis er i drift.

Folkehøgskulen vart raskt etter starten etablert som eit danningssentrum og eit kulturelt og politisk sentrum i Sogn. Skulestyrarane og lærarane hadde gjerne framståande posisjonar i samfunnet, somme òg som stortingsrepresentantar, og ei lang rekkje ungdom frå sognebygdene fekk si viktigaste utdanning og kulturelle fostring her. Skulen, som vart skipa på pietistisk grunnlag, har vore eit sentrum for målreisinga i Sogn og Fjordane.   Les mer …
 
Kategoriar for Skulehistorie i Sogn og Fjordane
ingen underkategorier
 
Andre artiklar