Anfinn Refsdal (fødd 4. juli 1839 i Vik i Sogn, død 28. april 1920 i Vik) var lærar, politikar, religiøs forkynnar og målmann.På Stortinget vart Refsdal ein viktig mann for målrørsla ved fleire høve. I kyrkjekomiteen var han med i mindretalet som prøvde å få inn målparagrafen i folkeskulelovene i 1889. Då det lukkast å få inn målparagrafen i 1892, var Refsdal ein av framleggsstillarane. Les mer …
Kviknes Hotel i nyare tid. Foto: Commons-brukar Hesse1309
Kviknes Hotel ligg i Balestrand i Sogndal kommune. Hotellet skriv seg frå 1752, då bergensborgaren N.C. Gierløw fekk handels- og gjestgjevarløyve på Balholmen. Gierløw og etterkommarane hans åtte handelsstaden fram til 1811. Deretter følgde femti års tid med eigarar som nærast kom og gjekk. Over hundre år etter grunnlegginga, i 1877, overtok Ole Andersson Kvikne, og med han fekk hotellet dagens namn.Nicolai Christian Gierløw fekk i 1752 løyve til å drive som handelsmann og gjestgjevar på Balholmen. Somme år tidlegare, i 1743, hadde han inngått ekteskap med Karen Holm. Ho var enkje etter handelsmannen Niels Eriksen Falch i Feios.
Då Nicolai Gierløw rundt 1770 vart lensmann, overlét han handelen til stesonen Giert Nielsen Falch. Falch var gift med Zithone Samuelsdotter. Då Falch vart gammal, overlét han handelen til svigersonen Jon Bjørnsson frå garden Gjerde, som var gift med Marie Giertsdatter Falch. Frå overtakinga i 1803, dreiv Jon fram til 1811. Då selde han handelsstaden til bergensborgaren J.N. Thee, og dermed var det over etter 59 år og tre generasjonar i same slekta. Les mer …
Fresvik kyrkje er ei langkyrkje i tre som står i bygda Fresvik i Vik kommune. Kyrkja, som har 200 sitjeplassar, vart vigsla 29. juni 1881 av prost Jacob Edvard Smith. Arkitekt Johannes Henrik Nissen laga teikningane. Fresvik kyrkje er soknekyrkje for Fresvik sokn, som frå 1999 høyrer til Vik prestegjeld. I forhistoria til dagens kyrkje i Fresvik var biskop Peder Hersleb Graah Birkeland ein sentral pådrivar. Det var han som i 1860-åra sette fram krav om at det måtte byggjast ny kyrkje i bygda, og grunngjevinga var at den gamle var altfor lita. Problemet var at dei fire kyrkjeeigarane var lite imøtekommande. Å vere kyrkjeeigar var inga god forretning, og dei på si side kravde difor at soknet måtte overta ansvaret både for gamlekyrkja og for å få reist ei ny. Les mer …
Familien Førsund (med fyrstefødde Solveig) i lærarbustaden i Holmork i Skjåk 1910 eller 1911. Det var på denne tida Førsund komponerte Å Vestland, Vestland. Foto: Ukjent
Sigurd Olsen Vamråk Førsund (fødd 20. september 1884 på Kyrkjebø i nåverande Høyanger kommune, død i Indre Arna i nåverande Bergen kommune 26. november 1970) var lærar, komponist, organist og lokalhistorikar. Han var også engasjert i lokalpolitikk ( Venstre) og i norskdomsarbeid. På landsbasis er han kjend som mannen bak melodien til «Å Vestland, Vestland» med tekst av Tore Ørjasæter, og innspela av Sissel Kyrkjebø på debutalbumet hennar i 1986. Han voks opp på eit bruk på garden Føsund (Fesund, Førsund) som den fjerde i ein syskenflokk på ni. Foreldra var gardbrukarparet Ola Bergeson Vamråk (1854-1946) og Eli Bergedotter fødd Søreide (1853-1943). Familien hadde fleire bein å stå på enn det snaue gardsbruket. I følgje folketeljinga 1900 var Ola Vamråk jekteeigar, og eldstesonen Hans (fødd 1877) er omtala som jekteseglar for eiga rekning. Les mer …
Jostedal kyrkje i 1926. I 1907 vart Blix-salmane røysta inn, og i 1923 vart nynorsk liturgi teken i bruk. Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen vart gjennomført med lite strid jamført med mange andre bygder. Jostedalen i Sogn og Fjordane var eigen kommune fram til 1963 og har seinare vore ein del av Luster kommune. Overgangen frå bokmål til nynorsk i folkeskulen i Jostedalen skjedde mellom 1901 og 1916. Denne artikkelen tek føre seg skriftspråkskiftet innanfor skule, kyrkje og kommunal administrasjon med vekt på tida frå kring 1900 til 1920-åra. Det fyrste sporet etter eit engasjement for målsaka i Jostedalen er frå sommaren 1887. Læraren, folkeminnesamlaren og målmannen Olav Sande var då i Jostedalen og samla stoff til Segner fraa Sogn II, og han har fortald at han då hadde med seg landsmålsbøker som han selde.
Det er likevel all grunn til å tru at det fanst jostedøler som hadde fått kjennskap til landsmålet og målsaka i god tid før dette, om ikkje anna gjennom blad og aviser. Dei jostedølene som hadde gått på Sogndal folkehøgskule (skipa 1871), hadde òg møtt målsaka der. Les mer …
|