Olaus Dahle, her med kona Brita utanfor Mundal Hotel i 1929, var den fyrste leiaren i laget. Foto: Ukjend
Sogn lærarlag var eit krinslag i Norges lærerforening (seinare Norsk lærarlag). Laget vart skipa på eit lærarmøte i Balestrand 27. august 1896 og gjekk inn i Sogn og Fjordane lærarlag frå 1. januar 1967. Lærarane i Sogn hadde møttest jamleg sidan 1869, men det var fyrst etter skipinga av Norges lærerforening i 1892 at det kom i stand ei fastare fagforeiningsorganisering mellom lærarar utover i landet. Alt på skipingsmøtet i 1896 vart det vedteke mot berre 2 røyster at lovene for laget skulle skrivast på landsmål. Sogn lærarlag vart frå skipinga heilt sentral i målreisinga i Sogn. Det fyrste lærarmøtet i Sogn var i 1869, og det vart gjerne skipa til prostilærarmøte med nokre års mellomrom med Sogns lærerforening som tilskipar. Det var eit lærarmøte i Sogndal i 1872 og eitt i Skjolden i 1880 der målsaka vart drøfta. Les mer …
Steinrøys om lag der gamleskulen på Fedjane stod før i tida. Dagens Feios skule er det røde bygget lenger ned Foto: Pauline Eckerlein / Sogn og Fjordane fylkeskommune
Fedje skule låg på Fedjane gard i Fedje skulekrins berre kort avstand frå dagens skule på Feios frå 1959, i Vik. Fedje skule som den heite må ha fått skulestove rimeleg tidleg, for allereie i 1863 står det i karakterprotokollen for Rinde sokn ( Fedje, Dale og Berdal) at skulen blei halden i "kredsstuen" på Fedje av lærar Knud Chr. Hamre. Saman med sokneprest Johan Haslund har også Christen Fedje undertekna protokollen, truleg som skulestyrar og representant for lokalsamfunnet. I femårsmeldinga frå 1896 for Leikanger kan ein lese detta om skulen: " Fedje skolehus. Et skoleværelse (ber. paa 32 børn) og et større loftsværelse, der du kan benyttes til sløidlokale, samt lærerbolig nemlig: stue, kammer, et loftsværelse, kjøkken, gang og kjælder." Les mer …
Kopi av Leikangerkrusifikset frå Rinde stavkyrkje. Foto: Jan Magne Borlaug Rinde Leikangerkrusifikset er eit kunstverk frå tidsepoken 1120 -1150. Det har sitt opphav frå Rinde stavkyrkje som vart riven i 1866, og krusifikset vart sendt til Bergen Museum i desember 1864 og mottatt der i februar 1865. Soknekyrkja i Feios har truleg vore ein del av Leikanger prestegjeld frå reformasjonen. Denne reforma vart vedtatt i 1536 av kong Christian III i det dansk-norske riket, og gjennomført i 1537. Men krusifikset kom fram på kyrkjeloftet under rivingsprosessen av Rinde stavkyrkje. Les mer …
Synnøve Finden (foran) fotografert sammen med partneren Pernille Holmen i deres hjem i Arilds vei 1 på Kjelsås i Aker. Bildet er sannsynligvis tatt på 1930-tallet. Foto: Esther Langberg/Oslo Museum.
Synnøve Finden (født 7. desember 1883 på gården Finden i Vik kommune i Sogn og Fjordane, død 6. januar 1957 i Oslo) var meierske, grunnlegger av meieribedriften som fortsatt bærer hennes navn.
Les mer …
Jostedal kyrkje i 1926. Originalen finst hos Norsk Folkemuseum. Jostedal kyrkje står ved Jostedøla i Jostedalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Det er ei langkyrkje i tre som stod ferdig i 1660. Kyrkja er soknekyrkje i Jostedal sokn i Indre Sogn prosti, og var tidlegare hovudkyrkje i Jostedal prestegjeld. 1660-kyrkja er den andre kjende kyrkja på staden. Den fyrste var truleg ei stavkyrkje som vart bygd i mellomalderen, kanskje på 1200-talet. Mellomalderkykja er kjend frå to dokument daterte til 1318/19 og 1322/23 som fortel at Jostedalen hadde kyrkje og prest. Ein gong etter Svartedauden vart Jostedalen lagt øyde, og bygda vart truleg ikkje teken opp att før i andre halvdel av 1500-talet. Les mer …
|