Forside:Sogn

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Aurland • Gulen • Hyllestad •Høyanger • Luster • Lærdal • Sogndal • Solund • Vik • Årdal

Om Sogn
Sogn er vist i gult, Sunnfjord i raudt og Nordfjord i blått.

Sogn er eit landskap i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane fylke) som dekkjer områdi kring Sognefjorden, som er den lengste fjorden i Noreg. I vikingtidi utgjorde området småkongedømet Sogn og seinare i vikingtidi og i høgmellomalderen fylket Sygnafylki (etter Gulatingslovi). Seinare utgjorde landskapet Sogn futedøme, som frå 1630 var delt i to (indre og ytre). Dei andre to landskapi og tidlegare futedømi i Sogn og Fjordane er Sunnfjord og Nordfjord, som saman opphavleg utgjorde Firðafylki ( no Fjordane).   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Lærar og ordfører Nils Lyslo
Foto: Norske skulefolk, 1952
Nils Lyslo var fødd på Lyslo (gardsnr. 48, bruknr. 7) i Innvik i Nordfjord 30. januar 1900, og døydde på Bru i Sunnfjord 10. desember 1959. Han gjekk Volda lærarskule og var frå 1922 lærar i Åseral, før han drog til Lærdal og vart verande der til 1947. Han var ordførar i Borgund i 12 år[1] og hadde fleire andre verv.   Les mer …

Tjugum kyrkje.
Foto: Per Olav Bøyum
Tjugum kyrkje i 1960
Foto: Nasjonalbiblioteket

Tjugum kyrkje ligg på nordsida av Esefjorden i Balestrand, Sogndal kommune. Då ho vart reist i 1863, hadde Tjugum både bank og gjestehus, og aktiviteten var større på nordsida av fjorden enn i Holmen.

Tjugum er startområdet for Mini Challenge, festivalen si vesle fjordkryssing. Artikkelen om Tjugum kyrkje er ein del av kulturminneløypa Kulturminne langs Sognefjorden.   Les mer …

Eirik Bruhjell

Eirik Olson Bruhjell (fødd 2. desember 1853 i Balestrand, død 12. september 1941 i Fjære) var prest, målmann og ein av dei fyrste bondestudentane i Sogn. Bruhjell kom frå husmannsplassen Bruhjellshagen under garden Bruhjell i Balestrand i Sogn og Fjordane. Foreldra var husmann og bygningsarbeidar Ola Hermundson Langeteig (1804-1873) og Sigrid Antonusdotter Dale (1804-1895). Eirik var den yngste av fem born, og to av syskena utvandra til Amerika.

Etter å ha gått allmugeskulen i Balestrand vart Eirik i 13-årsalderen teken inn i prestegarden til sokneprest Harald Ulrik Sverdrup. Der var han tenestegut og fekk privatundervisning av prestedottera Elisa til 15-årsalderen. Frå august 1870 til desember 1871 gjekk han Balestrand lærerskole som H.U. Sverdrup hadde skipa nokre år før.   Les mer …

O.E.Holck. Maleri frå 1896 av H.Balling «efter et Profilklip og Beskrivelse»
Ole Elias Holck (fødd i Hyllestad 6. januar 1774, død 14. juli 1842 i Lavik i Høyanger) var offiser og proprietær, eidsvollsmann og stortingsrepresentant. På Eidsvoll var han talsmann for ei sterk kongemakt, og skal ha utarbeidd eit grunnlovsutkast basert på ei eineveldig styreform. Holck utmerka seg som militær i krigane 1808 og 1814, og enda yrkeskarrieren som generaladjutant. Holck var historisk og antikvarisk interessert, og dreiv aktivt arbeid innan det som i dag heiter kulturvernarbeid. Han gjorde garden sin, Alværa i Lavik, til eit mønsterbruk, i pakt med samtidas embetsmannsideal om å verke som foregangsmenn i jordbruket.   Les mer …

Th. Eggum dreiv pelsdyravl medan han var lærar i Skjåk. Her matar han sølvrev. Fotograf ukjent.
Thorstein Eggum (fødd 18. mai 1901 i Sogndal, død 14. mars 1994 i Lier) var lærar, skulestyrar og lokalpolitikar. Lærarkarrieren delte seg nokså likt på Skjåk i Gudbrandsdalen og Lier ved Drammen. Han var varaordførar i det fyrste arbeidarstyret i Skjåk kommune. Eggum tok lærareksamen på Stord i 1922. Fyrste lærarstillinga var i Davanger, Askøy 1922-1923. Frå hausten 1923 kom han til Skjåk som folkeskulelærar i Holmork skulekrins. Der budde familien i lærarbustaden på Holmorkhaugen til 1945, da Eggum søkte og fekk lærastilling ved Øverskogen i Lier. Frå 1950 var han i Egge krins og skule i same kommunen, der han vart skulestyrar.   Les mer …

Marifjøra i Luster kommune med D/S «Sogn» ved kai.
Foto: Nasjonalbiblioteket
Marifjøra er ei tettbygd grend ved Gaupnefjorden i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Marifjøra ligg ved utlaupet av Maradalen og var hamn, handelsstad og tingstad for bygda Indre Hafslo, som femner om Fet og Joranger sokn. Marifjøra høyrde såleis til Hafslo kommune før kommunesamanslåinga i 1963.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Sogn
 
Andre artiklar
  1. Firdaposten 1959.12.11. Digital versjonNettbiblioteket.