Signatur i futerekneskapen 1615-16.
Anders Lauritssen ( Lauritßen, Lauritzsøn) (fødd ca 1570, død ca 1630) var fut i Luster i Sogn. Anders og broren Søren Lauritssen vert rekna som stamfedrane til Heiberg-slekta. Den fyrste kjende futerekneskapen etter Anders Lauritssen er jordeboka for Dale prestegjeld (Luster) for 1615-1616. Dale len vart i 1614 lagd under Bergenhus etter å ha vore eit eige len sidan 1565, og lensherren på Bergenhus fekk ordre om å avleggje rekneskap. Det var Anders Lauritssen som sette opp den fyrste jordeboka, og det tyder på at han hadde vore fut for Luster også før lenet vart rekneskapslen. Han bygde seg opp eit stort jordegods i Sogn. I 1612 hadde han gardar og gardpartar på drygt ein halv laup smør, i 1612 12 laupar, i 1623 80 laupar og då han døydde kring 1630 oppunder 120 laupar. Han har såleis vore mellom dei rikaste mennene i Sogn på denne tida. Det finst ingen opplysningar eller tradisjonar om at han har tileigna seg jordegods urettmessig slik det finst for fleire andre futar. Les mer …
Jon Sørensen og familien. Foto: 1910-åra (Akershusmuseet/Digitalt Museum)
Jon Sørensen (fødd i Sandnes 23. august 1868, død i Ullensaker 1936) var lærar, fylkesskule- og folkehøgskulemann. Han var det ein kan kalle ein skuleentreprenør, ein av dei nokså mange i samtida som grunnla og leia privatskular på idealistisk grunnlag. Mange av dei gjorde seg også sterkt gjeldande innan det offentlege skulesystemet, og det gjeld i høg grad Jon Sørensen. Det meste av yrkeskarrieren sin hadde han på Romerike, og mest kjend er han som eigar og styrar av Eidsvoll folkehøgskole 1908-1918. Dette vart i samtid og ettertid vurdert som eit særs vellykka tiltak. Men eit samanfall av familiekrise og dyrtid under fyrste verdskrigen, gjorde at Sørensen gav opp prosjektet og la ned skulen. Han gjekk deretter igjen over i det offentlege skuleverket. Les mer …
Eirik Olson Bruhjell (fødd 2. desember 1853 i Balestrand, død 12. september 1941 i Fjære) var prest, målmann og ein av dei fyrste bondestudentane i Sogn. Bruhjell kom frå husmannsplassen Bruhjellshagen under garden Bruhjell i Balestrand i Sogn og Fjordane. Foreldra var husmann og bygningsarbeidar Ola Hermundson Langeteig (1804-1873) og Sigrid Antonusdotter Dale (1804-1895). Eirik var den yngste av fem born, og to av syskena utvandra til Amerika.
Etter å ha gått allmugeskulen i Balestrand vart Eirik i 13-årsalderen teken inn i prestegarden til sokneprest Harald Ulrik Sverdrup. Der var han tenestegut og fekk privatundervisning av prestedottera Elisa til 15-årsalderen. Frå august 1870 til desember 1871 gjekk han Balestrand lærerskole som H.U. Sverdrup hadde skipa nokre år før. Les mer …
Bjørnestad krins i Hyllestad kommune inkluderte i 1861 gardane Bjørnestad, Rutle, Teige og Trausdalen. I 1864-1867 går Trausdalen i Ulvik krins, før garden går tilbake til Bjørnestad krins i 1867. I 1893 kom det ny krinsregulering, Seljevoll og Myklebust vart flytta frå Bordvik krins til Bjørnestad og Trausdalen vart på ny overført til Ulvik krins. Bjørnestad krins bestod av desse gardane frå 1893-1932: Seljevoll, Myklebust, Bjørnestad, Rutle og Teige. Den tida det var skule i bedehuset, var det todelt skule; småskulen og storskulen gjekk på skule annankvar dag.
Bestefar til Gunvor Risnes var lærar. Gunvor var eldste born på garden då bestefaren skulte, og ho syns det var svære greier når borna kom på garden for å bli undervist. Gunvor fekk lov å vere med så lenge ho sat stilt i ro. Les mer …
Familien Førsund (med fyrstefødde Solveig) i lærarbustaden i Holmork i Skjåk 1910 eller 1911. Det var på denne tida Førsund komponerte Å Vestland, Vestland. Foto: Ukjent
Sigurd Olsen Vamråk Førsund (fødd 20. september 1884 på Kyrkjebø i nåverande Høyanger kommune, død i Indre Arna i nåverande Bergen kommune 26. november 1970) var lærar, komponist, organist og lokalhistorikar. Han var også engasjert i lokalpolitikk ( Venstre) og i norskdomsarbeid. På landsbasis er han kjend som mannen bak melodien til «Å Vestland, Vestland» med tekst av Tore Ørjasæter, og innspela av Sissel Kyrkjebø på debutalbumet hennar i 1986. Han voks opp på eit bruk på garden Føsund (Fesund, Førsund) som den fjerde i ein syskenflokk på ni. Foreldra var gardbrukarparet Ola Bergeson Vamråk (1854-1946) og Eli Bergedotter fødd Søreide (1853-1943). Familien hadde fleire bein å stå på enn det snaue gardsbruket. I følgje folketeljinga 1900 var Ola Vamråk jekteeigar, og eldstesonen Hans (fødd 1877) er omtala som jekteseglar for eiga rekning. Les mer …
Gjerde sett frå aust. Campingplassen i framgrunnen, Jostedal Hotell i midten bak, Joker-butikken til venstre for hotellet og driftsbygningen til garden til høgre. Krundøla, Snåpebrui og vegen opp Haugabakkane til Krundalen i høgre kant.
Gjerde (Luster, gnr. 207/3) er eit gardsbruk og bygdesentrum i Jostedalen, Luster kommune. Staden ligg langs hovudvegen framover Jostedalen der Krundøla kjem ned i hovuddalføret. Gjerde sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963.
Etter nyryddinga av Jostedalen på 1500-talet høyrde heile området i hovuddalføret på sør- og nordsida av Krundøla til garden Flatejordi, som er nemnd alt i presteskattelista frå 1596. Men Flatejordi vart lagt øyde att kring 1610, og garden vart delt slik at bonden på Haugen fekk hand om området på nordsida av Krundøla medan Hellegård fekk hand om området på sørsida. Ved ei delingsforretning 16.-18. juli 1901 vart dei tre Gjerde-plassane utskilde som eit eige gardsbruk ( Gjærde). Denne parsellen femnde òg om halvparten av øygarden på Flatejordi på nordsida av Krundøla. Les mer …
Ormberg (Luster, gnr. 187) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Det er den sørlegaste garden på austsida av Jostedøla i Jostedal sokn. Ormberg er ein av dei få gamle gardane i Jostedalen som ligg i dalbotnen, og garden har lege utsett til for flaumar. Ormberg var ein av dei opphavlege gardane i Jostedalen og er nemnd i det fyrste dokumentet etter øydetida, skattelista frå 1596. Her skulle Olluff Aarebøe betale 2 geitskinn til presten. Alt i 1600 og 1603 er namnet skrive Ormberig/Ormeberigh. Det nye tunet (bnr. 1) frå 1950-åra sett frå hovudvegen.
Futeenkja Birgitte Munthe fekk i 1681 skøyte på alle gardane i Jostedalen. Året etter vart så dette godset splitta opp ved at prestsonen Hans Ottoson Ravn kjøpte to av tre partar i Myklemyr, heile Ormberg og heile Fossen. Ravn sjølv budde på ein del av Myklemyr og hadde leiglendingar på dei andre bruka. Men alt i 1688 hadde Ormberg og Fossen gått attende til Birgitte Munthe. Les mer …
|