Oddny Saltskår gifta seg i 1945 med Anton Hollevik. Mange av gjestane hadde óg vore motstandsfolk. Foto: Ukjend (1945)
Ethel Oddny Erine Hollevik f. Saltskår (fødd 8. februar 1918 i Brooklyn, død 18. august 2008 i Askvoll) var motstandskvinne under andre verdskrigen. Ho vart arrestert så seint som våren 1945, men sjølv om fangeopphaldet vart kortvarig fekk hos store skadar som følgje av torturen ho vart utsett for.
I september 1944 hadde to mann frå heimefronten sett opp ein radiosendar, Cygnus, på Askvoll. Chester Saltskår var med som kjentmann, og Oddny Saltskår hjalp dei saman med kjærasten Anton Monrad Hollevik (1915–1984). Dei frakta mellom anna mat opp til skjulestaden. Det gjekk lenge bra, men ein angjevar tipsa tyskarane, som omringa garden. Telegrafistane hadde vorte henta ut dagen før, men Oddny og Anton Monrad vart arrestert den 16. mars 1945. Sjølv om det på den tida var klårt for alle at krigen snart ville vere over, haldt dei fram med å fengsle motstandsfolk. Ho vart sendt til Bergen kretsfengsel den 25. mars, med fangenummer 4855. Der var ho til 12. april, då ho vart sendt til Espeland fangeleir med fangenummer 1947. Ho slapp fri den 9. april 1945. Allereie den første dagen, medan dei framleis var på Staveneset, vart ho utsett for harde avhøyr med tortur. Etter krigen sleit ho med store helseskadar som følgje av dette. Først i 1960-åra fekk ho skikkeleg hjelp på Rikshospitalet, der dei kunne slå fast at både nyrer og eggstokkar var skadd. Ho arbeidde lenge for å få erstatning for krigsskadane. Les mer …
Livius Smitt Foto: Sogn og Fjordane fylkesleksikon
Livius Smitt (fødd 8. oktober 1840 i Vinje i Telemark, død 4. mars 1890 i Brevik) var sakførar, redaktør og politikar. Frå våren 1866 var Smitt fullmektig hjå sorenskrivaren i Hardanger og Voss, og hausten 1867 fekk han autorisasjon som overrettssakførar og busette seg i Florø. Her kom han raskt inn i lokalpolitikken. I 1868-69 var han formann i matrikuleringskommisjonen for Sunnfjord og Nordfjord futedøme, og i 1872 valde amtsformannskapet han inn i direksjonen for Nordre Bergenhus Amts Dampskibe, der han sat til 1881. Som styremedlem i dampskipsselskapet hadde han møterett i amtstinget, og her markerte han seg som den sterkaste motstandaren mot å selje selskapet til private.
Som 34-åring vart Smitt i 1874 ordførar i Florø, eit verv han hadde så lenge han budde i byen (til 1881). I 1874 sette han òg i gang Nordre Bergenhus Amtstidende, den fyrste avisa i fylket, og med nokre opphald redigerte han avisa til 1879. Han sat òg i amtsskattekommisjonen 1875-81. Les mer …
Gustav Indrebø Foto: Ukjent, faksimile frå Heidersskrift til Gustav Indrebø på femtiårsdagen 17. november 1939. Gustav Ludvig Indrebø (fødd 17. november 1889 i Samnanger i Hordaland, død 3. august 1942) var filolog, historikar og lærar. Han arbeidde mykje med norrøn filologi, eldre norsk historie og stadnamn. Norsk språkhistorie var også eit viktig arbeidsfelt for Indrebø. Han var elles svært aktiv innanfor målrørsla, som talsmann for den tradisjonelle høgnorsklinja (skriftnormal som ligg tett opp til den opprinnelege nynorsken som Ivar Aasen utarbeidde). Les mer …
Johannes Winding Harbitz Foto: Ukjent, hentet fra Johnsen 1952: Tønsbergs historie. 3:1. Tidsrummet 1814 - ca. 1880.
Johannes Winding Harbitz (født 26. desember 1831 i Askvoll, død 5. september 1917 i Aker) var skipsreder og politiker ( H). Han var skipskaptein 1859-1869 og drev deretter rederi i Tønsberg, hvor han også var ordfører i flere år. Harbitz var stortingsmann mellom 1880 og 1894, og var med i Emil Stangs andre regjering 1893-1895, først som medlem av statsrådsavdelingen i Stockholm, deretter som forsvarsminister og revisjonsminister. Johannes Winding Harbitz var født på Askvoll prestegård, der faren var prest på det tidspunktet. Les mer …
|