Forside:Sunnfjord

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 1. mai 2010 kl. 23:16 av Dena Utne (samtale | bidrag) (Erstatter sida med «{{Distriktsmal |Flertall(er/ar) = ar }}»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Askvoll • Bremanger • Fjaler • Kinn • Sunnfjord

Om Sunnfjord
Sunnfjord er det midtre av dei tre distrikta i tidlegare Sogn og Fjordane fylke, som frå 1. januar 2020 tilhøyrer Vestland fylke. Det består av kommunane Sunnfjord, Fjaler, Askvoll og den nordre luten av Kinn kommune (gamle Flora kommune). Bremanger vert dels rekna til Sunnfjord og dels til Nordfjord. Landskapet var tidlegare eit futedøme, Sunnfjord futedøme.

Distriktet ligg under Fjordane tingrett, som er under Gulating lagdømme. Det tilsvarar Sunnfjord prosti under Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Hovudmål for åtaket i Florø skulle vere kjøle- og eller fryseanlegg, Shell sine oljetankar og hermetikkindustri.
Operasjon Kitbag var eit militært åtak retta mot Florø i Sogn og Fjordane. Første forsøket på å gjennomføre åtaket fann stad i desember 1941, men dette mislukkast. Ein redusert versjon av Operasjon Kitbag vart likevel gjennomført i januar 1942. I tre timar heldt fartøya seg i indre farlei, og delvis inne ved Florø. Dei opna kanoneld mot fartøy ved kai på Florø hamn og mot bygningar på land. I følgje sluttrapporten til Chiefs of Staff frå Lord Mountbatten, signert den 8. januar skal det ha blitt senka to trålarar som låg ved hermetikkfabrikken. Vidare skal denne bedrifta ha vorte tilført skade, og utanfor Florø vart eit skip senka.   Les mer …

Førde ligg ved elva Jølstra.
Foto: Nasjonalbiblioteket
(1960)

Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune. Staden hadde same status i Førde kommune før kommunesamanslåinga i 2020.

Tettstaden, som har 10 339 innbyggjarar (2019), er den største i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Førde er eit regionsenter for både handel, utdanning, administrasjon og helsetenester og husar mellom anna avdeling av Høgskulen i Sogn og Fjordane, vidaregåande skule, sjukehus og sjukehusadministrasjon (Helse Førde). Hovedkontoret til NRK Sogn og Fjordane ligg i Førde, og lokalavisa Firda kjem ut her.

Tettstaden ligg inst i Førdefjorden, der elva Jølstra renn ut i fjorden. Busetnaden ligg på båe sider av elva og er knytt saman med Langebrua, Storehagen bru og Hafstadbrua.   Les mer …

Gustav Indrebø
Foto: Ukjent, faksimile frå Heidersskrift til Gustav Indrebø på femtiårsdagen 17. november 1939.
Gustav Ludvig Indrebø (fødd 17. november 1889 i Samnanger i Hordaland, død 3. august 1942) var filolog, historikar og lærar. Han arbeidde mykje med norrøn filologi, eldre norsk historie og stadnamn. Norsk språkhistorie var også eit viktig arbeidsfelt for Indrebø. Han var elles svært aktiv innanfor målrørsla, som talsmann for den tradisjonelle høgnorsklinja (skriftnormal som ligg tett opp til den opprinnelege nynorsken som Ivar Aasen utarbeidde).   Les mer …

Ole Steffensen Isene fotografert 1912.
Foto: Ludwik Szacinski (1912)/Oslo Museum.
Ole Steffensen Isene (1867-1943) var lærer, kirkesanger, organisasjonsmann og redaktør, født i Davik i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane, som sønn av gårdbruker Steffen Isene (1829—1904) og Kari Sigdestad. Han ble gift i 1889 med Marit, født Hansen (1865-1915), deretter, som enkemann, i 1917 med Marit, født Naas (1881-1964). Han var far til skuespilleren og sangeren Ola Isene (1898-1973). Isene ble redaktør for Det Norske Totalavholdsselskaps organ Menneskevennen i 1905, en post han hadde til og med 1919, blant annet med god bistand fra seinere professor i psykiatri, Ragnar Vogt, som var medredaktør. Før Isene satte seg på redaktørkrakken hadde han gjennom en rekke år skrevet artikler der, og i de to foregående år var han da også knyttet til bladets redaksjon. Fra 1907 til 1909 og 1920 til 1924 var han leder av Blå Kors, samtidig som han også var DNTs generalsekretær - fram til 1927. Fra 1924 var han generalsekretær i Blå Kors.   Les mer …

MB «Rolf» blir sjøsett på våren.
MB «Rolf» SF 220 A eller «Uragavlen», frå 1952 «Rolf» M 10 VA eller «Gråmerra». Den har desse opplysingane i Statens Fiskeriregister, Sogn og Fjordane, Askvoll 1932: Må = Motorbåt, åpen. Kf = Kystfiske. T = tre. 31 = Byggeår 1931. Lengd 39,3 fot, breidd 12.2 fot, djupte 5,3 fot. «Rolf» er i den handskrivne utgåva av fiskeriregisteret i Askvoll kommune innskriven som «hekksbygget dekksbåt», altså ein kutter. Det har sikkert vore rett i utgangspunktet, då den var under bygging som kutter i Hardanger i 1931. Båten er i Fiskeriregisteret oppgitt som Må = Motorbåt, åpen. Det tyder ikkje dekka, at der ikkje er dekk i heile båten. «Rolf» hadde dekk på fremste halvdel. På dekk var rorhus med bysse i bakkant og lugarkappe midt på dekk framom rorhuset. Motoren hadde plassering under rorhuset. «Rolf» hadde ein kraftig stamn og ein stor «svinerygg» som fungerte som rekke på fremste del av båten. Bak hadde båten «rull» i «dokker» driven av spakar, slik det var vanleg då båten vart bygd. Nota låg midt i og der var halvmeter breide gangvegar på begge sider. Dette var ein vanleg konstruksjon for «notgavlar» utover til 1940. Seinare vart det lagt dekk i dei største båtane.   Les mer …

Eidsvollsbåten på Puddefjorden, truleg tidleg i 1890-åra
«Eidsvollsbåten» har sidan tidleg på 1800-talet vore namnet var ein vengbåt som vart bygd kring 1770 for futen Hans Thiis Nagel eller sonen hans, Jens Worm Nagel, på Svanøy i Sunnfjord. Båten hadde fem par årar og var opphavleg råseglriggajektevis. Båten hadde akterspegel, og mellom bakronga og bakbandet var vengen som fungerte som lugar for dei som vart skyssa. Da enkja etter J.W. Nagel gifte seg med hoffagent Herman Dietrich JansonDamsgaard i Bergen i 1791 (eller 1798?), vart vengbåten med som medgift. Frå den tida av var denne vengbåten Janson-slekta sin eigedom. Namnet «Eidsvollsbåten» fekk båten etter at han vart bruka til å skysse bergensrepresentantane frå Bergen til Lærdalsøyri på veg til Eidsvoll i samband med riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Sunnfjord
 
Andre artiklar