Forside:Tustna

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: HustadvikaSunndalTingvollGjemnesAverøyKristiansundSurnadalSmølaAureHeimRindal
TIDLIGERE KOMMUNE: TustnaStemshaug

Om Tustna
Satellittfoto av den tidlegare Tustna kommune. Tustna er den store øya kring midten og til venstre i bildet.

Tustna var den største og mest folkerike øya i den tidlegare Tustna kommune. Sidan kommunesamanslåinga den 1. januar 2006 har øya vore ein del av Aure kommune. Lokal uttale er ['thʉs:na] (N/A) med ['thʉs:n] (D). Tilstadsform blir ofte uttrykt med preposisjonen «på» + akkusativ og påstadsform ved same preposisjon + dativ:

  • «E ska på Tussna (A) næste vikkå.» (Eg skal [reise] til Tustna neste veke.)
  • «E é på Tussn (D) mykjy tå ti’n.» (Eg er på Tustna mykje av tida.)

Namnet vart oftast skrive Tusterendansk1800-talet. På nederlandske kart og bøker frå 1600-talet finst namnet i forma Toster Poster, Ooster Poster og Toester. Det er vel rimeleg å tenkje seg at Toster Poster er ei feiltolking av ei (ukjent) eldre kjelde med namn Toster Þoster. Ein antek at namnet kjem av norrønt Þústr (= ‘slegel’, ‘sliul’, ‘tust’) og at dette står i samband med Stabben på naboøya Stabblandet.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Dalan kring 1935
Dalan (dial. ["dɑɽaɲ:] (nominativ/akkusativ), ["dɑɽɔ] (dativ)), oftast skrive som Dalen i offisiell samanheng, er eit småbruk under matrikkelgarden Hals ved Sålåsundet i Aure kommuneNordmøre. Bruket vart bygsla den 27. desember 1847, og den 8. september 1866 vart plassen frådelt b.nr. 6 (Søstua) som sjølveigande bruk. Bruket ligg mellom Ekkerbekkjen (Ekrebekken) i sør og Kvennabekkjen eller Sagelva i nord. Namnet Dalan kjem av dei mange dalane som var her føre innmarka vart planert i 1970-åra. Dalane er framleis der i utmarka. Det er funne fleire hundre flintavslag i Dalan. Truleg har det vore flintverkstad her ein gong kring yngre steinalder. Det vart òg funne restar av ei jarnmile under pløying. Det seiest at det var oppgangssag ved Sagelva i hollendartida. Seinare vart det sett opp kvennhus òg, og Sagelva skifta namn til Kvennabekken. Bekken blir òg stundom kalla Slettabekkjen. Både kvennhuset og saga vart rivne kring 1870. Tradisjonen seier at det første huset i Dalan var det som no er kjellaren på gammalhuset, og så vart tømmerkassen sett oppå seinare. Kjellaren hadde doble murar av naturstein i langveggene. I atterveggen var det ei luke som vart bruka til å ta inn potetane. Framveggen, med døra midt på, var lett. Det var ei stor grue i kjellaren. Etter at tømmerkassen vart sett opp vart grua bruka til flatbrødbakst på baksthelle og korntørking i gryte.   Les mer …

Fårøya.
Foto: Olve Utne
Fårøya, Forrøya eller Furøya, lokal uttale ["fɔɾˌʌya] (nominativ/akkusativ), ["fɔɾˌʌ:’n] (dativ), er ei øy som ligg vest-sørvest for utløpet av TømmervågenTustna i Aure kommuneNordmøre. Holmen gjev Tømmervågen noko ly for sørvest-vêret, og han har vorte bruka som beite til sauer. Tidleg på 1900-talet vart det tørka kleppfisk der, og det er framleis mange støypte sementstiar kring på Fårøya. Bryggja (sjøhuset), som låg nærme søraustenden av Fårøya, stod til nedfalls i 1970-åra. På nordsida av Fårøya ligg den litle holmen Litl-Fårøya.   Les mer …

Fjelnesdalen (uttale: ["fje:ɭɳesˌdɑ.ɳ] (nominativ/akkusativ), ["fje:ɭɳesˌdɑ.ɽa] (dativ)), med tilhørande slektsnamn Fjellingsdal, er ein dal og matrikkelgard på sørsida av Stabblandet i Aure kommuneNordmøre. Garden har matrikkelnummer 226 og har to bruk. Fjelnesdalen soknar tradisjonelt til Sålåsundet og til Indresæter postkontor (nedlagt frå 1. mars 1972) og Hals skule (nedlagt frå 1. august 1972). Setra låg i bratta opp mot Innerbergsalen og var felles for Fjelnesdalen og Innerberg.   Les mer …

Jørenvågen er flat og omkransa av låge, men bratte bergsider.
Foto: Olve Utne
Jørenvåg(en) (uttale: /'jø:rn,ˌvɔjen/ nominativ/akkusativ, /'jø:rn,ˌvɔja/ dativ; slektsnamn: Jørgenvåg) er ein våg, namnegard og matrikkelgard nærme den sørvestlege enden av Tustna i Aure kommuneNordmøre. Garden har matrikkelnummer 205. Han grensar til Lervågen i vest, til dei mindre matrikkelgardane Ljustad og Hagan i søraust og til Sør-Halsnes i aust. Fjellvaldgrensa går langs egga frå Jurtinden til svokka mellom Jurtinden og Leirtinden (Vakta). På austsida av fjellryggen grensar valdet til Gullstein.   Les mer …

Nordheim i mai 2007.
Foto: Olve Utne
Nordheim (utt. ["nɷ:ɾˌhɛ.m] el. ["nɷ:ˌɾɛ.m]), eldre namn Nautan (utt. ["nʌ:taɲ.] (nominativ/akkusativ) / ["nʌ:tɔ.] (dativ)), er ein matrikkelgard og tidlegare butikk, post- og skulestad på nordaustsida av Stabblandet i Tustna sokn av Aure kommuneNordmøre. Det nylaga namnet Nordheim dukkar opp første gongen i tinglyste erklæringar frå 18791880 om at eigarane vil ta i bruk dette namnet. Topografisk er den sørlege enden av garden avgrensa av Sagvikvatnet i aust og ein lang og bratt men relativt låg åsrygg i vest. Nordenden av garden er avgrensa mot matrikkelgarden Haltvika rett nordom Haltvikåsen og vidare av Imarsundet i aust og av sundet som no blir kalla Nordheimsundet (før: Nautsundet i nord. I nordvest går matrikkelgardsgrensa i retning nordvest frå knausen Nauthatten til neset i austkanten av Haltvika rett sørom Stormolta. Hovudbusettinga har vore nærme Nordheimsundet i nyare tid, og inntil seint på 1900-talet var det både butikk og postkontor der.   Les mer …

Lagsnaustet og lagsbåten Havhesten, ein geitbåt-honnfemring.
Foto: Olve Utne
(juni 2017)
Kystlaget Geitbåtens Venner er eit kystlag med base på Tustna i Aure kommuneNordmøre. Laget vart stifta den 10. april 1991 — da med 14 tustningar som medlemmar. I ettertid har laget vakse til kring 50–60 medlemmar frå Sør- og Midt-Noreg. Laget fekk tomt på området til Kråksundet notnaust og sjøbruksmuseum, og dei har bygd eit nordmørsk stavlinenaust på 8×12 m som vart ferdigstilt i mai 1998.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Tustna
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar