Forside:Tustna

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: HustadvikaSunndalTingvollGjemnesAverøyKristiansundSurnadalSmølaAureHeimRindal
TIDLIGERE KOMMUNE: TustnaStemshaug

Om Tustna
Satellittfoto av den tidlegare Tustna kommune. Tustna er den store øya kring midten og til venstre i bildet.

Tustna var den største og mest folkerike øya i den tidlegare Tustna kommune. Sidan kommunesamanslåinga den 1. januar 2006 har øya vore ein del av Aure kommune. Lokal uttale er ['thʉs:na] (N/A) med ['thʉs:n] (D). Tilstadsform blir ofte uttrykt med preposisjonen «på» + akkusativ og påstadsform ved same preposisjon + dativ:

  • «E ska på Tussna (A) næste vikkå.» (Eg skal [reise] til Tustna neste veke.)
  • «E é på Tussn (D) mykjy tå ti’n.» (Eg er på Tustna mykje av tida.)

Namnet vart oftast skrive Tusterendansk1800-talet. På nederlandske kart og bøker frå 1600-talet finst namnet i forma Toster Poster, Ooster Poster og Toester. Det er vel rimeleg å tenkje seg at Toster Poster er ei feiltolking av ei (ukjent) eldre kjelde med namn Toster Þoster. Ein antek at namnet kjem av norrønt Þústr (= ‘slegel’, ‘sliul’, ‘tust’) og at dette står i samband med Stabben på naboøya Stabblandet.   Les mer ...

 
Smakebitar
Nautsundet (Nordheimsundet) mellom Stabblandet (nærmast kameraet) og Solskjelsøya sett frå åsryggen Nauthatten.
Foto: Olve Utne
(februar 2012)
Under forliset i Nautsundet (no Nordheimsundet) mellom Solskjelsøya og Stabblandet i noverande Aure kommuneNordmøre måndagen den 24. januar 1876 omkom to mann. Dagen føre, søndagen den 23. januar, hadde tre båtlag på veg frå Surnadalen og Kvenna (Kvanne) til Veiholmenskreifiske lagt seg til ved Skomakarøya (Solskjeløygarden). På måndagsmorgonen begynte det å blåse opp, og fem mann frå det eine av dei to surnadalsbåtlaga la utpå i ein trirøing for å sikre seglet på storbåten.   Les mer …

Holeopninga.
Foto: Olve Utne
Jo-Andershola (uttale: /'ju:ɑɲɛs,hɔɽɔ/, dativ /-ɲ:/), òg kalla Jo Andersso-hola, er ein heller i vesthellinga av åsryggen frå Nauthatten til Bergskallen mellom Nordheim (eldre: Nautan) og SoleimStabblandet i Aure kommuneNordmøre. Hola ligg i utmarka under Soleim, men skal ha fått namnet sitt etter ein Jo-Anders som budde i Nautan og var blant dei siste fredlause på Tustna. Han hadde fleire tilhaldsplassar og gjømmeplassar kring i utmarka på begge sidene av åsryggen, og Jo-Andershola skal ha vore ein av dei.   Les mer …

Bedehuset «Louises Minde» er eit kristeleg forsamlingshus som vart bygd på LeiraTustna i 1923. Thore P. Leren (1855-1947) var pådrivar for å få huset reist. Huset vert bruka til kristeleg møteverksemd, basarar med meir. Det var til å byrja med strid om kva dette huset skulle brukast til. I 1922 vart det halde eit møte der det vart ordskifte ang. byggjinga av huset. Mange ungdomar ynskte at huset skulle vera eit ungdomshus, med eit breiare bruksområde enn det reint kristelege. Det vart ei splitting i bygda, noko som førde til at det etter kvart vart reist eit eige frilynt ungdomshus.   Les mer …

Våningshuset på bnr. 1 under Innersetra.
Foto: Olve Utne
Innersetra (IPA ["iɲ:əˌse:tɾa] (N/A), ["iɲ:əˌse:tən] (D)), òg skrive Indresæter, eller Øygarden (IPA ["ʌ:ˌgɑ:’n] (N/A), ["ʌ:ˌgɑ:ɾa] (D)) er ein matrikkelgardTustna i Aure kommuneNordmøre i Møre og Romsdal.   Les mer …

Hals sett frå vegen rett innanfor StabbenStabblandet. Vi ser korleis halvøya har form av ein «hals».
Foto: Olve Utne

Hals (IPA [hɑ:ʂ]) er ein matrikkelgardTustna i Aure kommuneNordmøre i Møre og Romsdal.

Garden omfattar Halsnesset og vidare nordetter Sålåsundet til omlag midt i gardsbruket Slettet under matrikkelgarden Innersetra. I vest grensar garden mot Ersvika.   Les mer …

MB «Vega» leverte ofte varer til Fr. Marit Halsnes, seinare Soleimsund Handel.
MB «Vega» var ein rutebåt som vart driven av Albert Dahle (1898-1994) frå Ytre Breivika under Leira på Tustna og som gjekk i rute mellom Kristiansund og både yttersida og innersida av Tustna frå han vart kjøpt i 1947 eller 1948 og heilt fram til ferjesambandet Kristiansund–Tømmervåg vart sett i drift i 1960. Albert Dahle og far hans, Edvard E. Dahle (1869–1939), begynte med privat rutebåt mellom Kristiansund og yttersida av Tustna med MB «Fram» i 1938. Albert Dahle fortsette drifta da far hans dødde og dreiv ruta gjennom krigen og fram til han kjøpte ny båt. I 1947 eller 1948 kjøpte Albert Dahle MB «Vega» av Knut Eide, som hadde drive rutekjøring med båten ein stad i Moldedistriktet.   Les mer …
 
Kategoriar for Tustna
 
Andre artiklar