Anfinn Refsdal (fødd 4. juli 1839 i Vik i Sogn, død 28. april 1920 i Vik) var lærar, politikar, religiøs forkynnar og målmann.På Stortinget vart Refsdal ein viktig mann for målrørsla ved fleire høve. I kyrkjekomiteen var han med i mindretalet som prøvde å få inn målparagrafen i folkeskulelovene i 1889. Då det lukkast å få inn målparagrafen i 1892, var Refsdal ein av framleggsstillarane. Les mer …
Stølsdrift på Dalsetet, slutten av 1940-talet. Brynhild Tjønn med borna Gyda og Magnar på Bruasetet. Margit Tveit og Gunhild Dale, budeier Dalsetet Foto: ukjent/foto privat Stølsdrifta i Nyasetdalen - Feios vart drive av gardane Tjønn, Tveit og Dale. Frametter Feioselvi, Vik kommune i Sogn, ligg setervollane som «perler på ei snor». Nokre av stølshusa ligg der framleis, men på Dalsetet, som ligg på ein høgde i dalen, er det berre grunnmurane tilbake. Les mer …
Steinrøys om lag der gamleskulen på Fedjane stod før i tida. Dagens Feios skule er det røde bygget lenger ned Foto: Pauline Eckerlein / Sogn og Fjordane fylkeskommune
Fedje skule låg på Fedjane gard i Fedje skulekrins berre kort avstand frå dagens skule på Feios frå 1959, i Vik. Fedje skule som den heite må ha fått skulestove rimeleg tidleg, for allereie i 1863 står det i karakterprotokollen for Rinde sokn ( Fedje, Dale og Berdal) at skulen blei halden i "kredsstuen" på Fedje av lærar Knud Chr. Hamre. Saman med sokneprest Johan Haslund har også Christen Fedje undertekna protokollen, truleg som skulestyrar og representant for lokalsamfunnet. I femårsmeldinga frå 1896 for Leikanger kan ein lese detta om skulen: " Fedje skolehus. Et skoleværelse (ber. paa 32 børn) og et større loftsværelse, der du kan benyttes til sløidlokale, samt lærerbolig nemlig: stue, kammer, et loftsværelse, kjøkken, gang og kjælder." Les mer …
Kopi av Leikangerkrusifikset frå Rinde stavkyrkje. Foto: Jan Magne Borlaug Rinde Leikangerkrusifikset er eit kunstverk frå tidsepoken 1120 -1150. Det har sitt opphav frå Rinde stavkyrkje som vart riven i 1866, og krusifikset vart sendt til Bergen Museum i desember 1864 og mottatt der i februar 1865. Soknekyrkja i Feios har truleg vore ein del av Leikanger prestegjeld frå reformasjonen. Denne reforma vart vedtatt i 1536 av kong Christian III i det dansk-norske riket, og gjennomført i 1537. Men krusifikset kom fram på kyrkjeloftet under rivingsprosessen av Rinde stavkyrkje. Les mer …
Feios kyrkje. Foto: Jan Magne Borlaug Rinde
Feios kyrkje, Feios i Sogn, Vik kommune, er teikna av arkitekt Jacob Wilhelm Nordan. Byggmeistaren heitte Johannes Øvsthus og kom frå Hosanger prestegjeld på Osterøy. Kyrkja vart bygd i 1866 i staden for den gamle Rinde stavkyrkje som vart riven same året.
Feios kyrkje er ei kvitmåla langkyrkje i nygotikk og sveitserstil. Kyrkja er bygd på Rinde kyrkjestad og er truleg den tredje kyrkja på denne staden. Gardsnamnet er Rinde der kyrkja står, gardsnummer 160, og kyrkja ligg ved fylkesveg 182. Kyrkjestaden Rinde ligg ved Sognefjorden og er nemnt i kjelder tilbake til 1123, og her ligg Rindestodi som var sentral for kyrkjestaden fordi sjøvegen var viktig. Like i nærleiken, på Børenganeset, er ei gravrøys frå bronsealderen. Rinde kyrkjestad låg under bispesetet på Selja fram til 1170, då vart bispesetet flytta til Bergen. Les mer …
Liktvorane i Vik kommune ligg der Vikjabukti tek til, og staden vart nytta som vaktpost både av nordmenn før og av tyskarar under andre verdskrig. Frå slutten av 1939 fram til 1. mai 1940 var garden Liktvoren med det gode utsynet midt i Sognefjorden ein norsk luftvarslingspost. Etter dette tok tyskarane over. Fram til krigen slutta hadde tyskarane ein vaktstyrke på 8-10 mann på denne vaktposten 3 km frå Vikøyri. Les mer …
|