Fredrik Nikolai Andersson Wiborg

Fredrik Nikolai Andersson Wiborg eller Fredrik Nicolai Wiborg, vart født omkring 1714 og døydde som klokkar i Lesja prestegjeld i 1804, om lag 90 år gamal. [1][2]

Lysestake som var eid av Fredrik Nikolai Wiborg i 1765.

Fredrik Nikolai Wiborg var yngste son av Anders Nielsen Wiborg, som var major i Hæren og kommandant på Christianfjeld festning i Elverum. Skifte etter faren vart halde den 28. januar 1719, og Fredrik Nikolai er lista opp som den yngste av Anders Nielsen Wiborgs femten barn og var fire år gamal. Dette tyder på at han var født omkring 1714. [2] Sjøvald nemner at det i kyrkjebøkene for Lesja står i 1804 «Gravla klokkar FNW som døydde 17. sovember og var 96 1/4 år». Dette stemmer ikkje så verst med folketeljinga 1801, der det står at han var 92 år gammal, og såleis født omkring 1709.Uavhengig av skilnaden levde Fredrik Wiborg eit langt liv.[3]

I 1801 budda han på garden Sili, på foddog i sonen Anders Fredriksson Wiborg sin husstand. Han var då enkemann etter sitt tredje ekteskap, og var framleis klokkar.

Sjå også

Referansar

  1. Berg, Per: Ei Wiborg-ættegrein på Lesja 1751 – 1900; Hedmark Slektshistorielags Jubileumsskrift, s 119-126, Hamar, Norway 1964
  2. 2,0 2,1 Morthoff, Bjarne: Romedal Bygdebok, Bind II, s 17-51
  3. Sjøvald, Aase Bay: Fredrik Wiborg, Christian Brøsløw og fajanseproduksjonen på Lesja; Årsskrift for Lesja historielag: 1999

Kjelder

Eksterne lenkjer