Høgenibba: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
mIngen redigeringsforklaring
Linje 5: Linje 5:
På dei fleste nyare kart er namnet feilskrive ''Høganibba'' medan lokal uttale er ''Høgenibba''. Høgenibba førekjem òg som namn på fjelltoppar i Hornindal og Gloppen. Fjellnamn med ''-nibba'' er vanleg frå Sunnfjord og nordover, men førekjem mest ikkje i Indre Sogn. Dette er såleis eit namn som indikerer at fremre del av Jostedalen var kolonisert frå Nordfjord på 1500-talet.

Namnet er i 1742 skrive «høye Nipen».<ref>Indre Sogn Sorenskriveri, tingbok nr. 34, fol. 156b</ref>
Namnet er i 1742 skrive «høye Nipen».<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=1146 Tingbok for Indre Sogn, 1742, s. 156b] (Jostedal historielag)</ref>

==Notar==
==Notar==

Sideversjonen fra 17. apr. 2011 kl. 19:40

Johannes Flintoe: Krondalen (1834), akvarell. Høgenibba er toppen til venstre for Bergsetbreen

Høgenibba er ein markant fjelltopp i Krundalen i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Toppen er 1535 m.o.h. og ligg rett sør-vest for gardane Grov og Bergset. I nordvest er Høgenibba avgrensa av Tverradalen og i vest av Vetledalsbreen.

På dei fleste nyare kart er namnet feilskrive Høganibba medan lokal uttale er Høgenibba. Høgenibba førekjem òg som namn på fjelltoppar i Hornindal og Gloppen. Fjellnamn med -nibba er vanleg frå Sunnfjord og nordover, men førekjem mest ikkje i Indre Sogn. Dette er såleis eit namn som indikerer at fremre del av Jostedalen var kolonisert frå Nordfjord på 1500-talet.

Namnet er i 1742 skrive «høye Nipen».[1]

Notar