Høgenibba

Høgenibba er ein markant fjelltopp i Krundalen i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Toppen er 1535 m.o.h. og ligg rett sør-vest for gardane Grov og Bergset. I nordvest er Høgenibba avgrensa av Tverradalen og i vest av Vetledalsbreen.

Johannes Flintoe: Krondalen (1834), akvarell. Høgenibba er toppen til venstre for Bergsetbreen

På dei fleste nyare kart er namnet feilskrive Høganibba medan lokal uttale er Høgenibba. Høgenibba førekjem òg som namn på fjelltoppar i Hornindal og Gloppen. Fjellnamn med -nibba er vanleg frå Sunnfjord og nordover, men førekjem mest ikkje i Indre Sogn. Dette er såleis eit namn som indikerer at fremre del av Jostedalen var kolonisert frå Nordfjord på 1500-talet.

Namnet er i 1742 skrive «høye Nipen».[1]

Notar