Høybåre

Sideversjon per 2. jul. 2012 kl. 09:56 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>Ei '''høybåre''' er ein stigeliknande landbruksreiskap som blir bruka til å bera inn høy under slåttonna. Høybåra vart nok særleg bruka på husmannsplassar ...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Ei høybåre er ein stigeliknande landbruksreiskap som blir bruka til å bera inn høy under slåttonna. Høybåra vart nok særleg bruka på husmannsplassar og på sjølveigande bruk som var for små til å ha, eller leige, hest og vogn. Høyet blir kasta ihop til rekkjer og ordna i kjemmer med riva. Så legg ein kjemmene på båra, ei for ei, til lasset er stort nok. Lasset blir jørdt (gyrdt) med eit taug med reiphegd (trelykkje) i eine enden, og så ber to personar båra mellom seg til låven eller løa. Vel inne blir tauget teke av lasset, og ein velter båra slik at høyet legg seg på stålet. Etterpå blir høyet tradisjonelt kasta til rettes og nedtrakka. Høyet skulle vera kompakt så «høyveggen» stod loddrett utover vinteren — slik følgte ein med kor mykje av høyet som var att.