Hallvard Hesjevoll

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hallvard Hesjevoll som ordførar 1952-55

Hallvard Hesjevoll (fødd 13. desember 1899, død 8. juni 1972) var lærar, klokkar og ordførar i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var son av gardbrukar Ole Halvorson Hesjevoll (1870-1955) og Anna Sjursdotter Krokgjelet (1875-1954) på Hesjevollen (bnr. 2).

Hesjevoll gjekk Sogndal folkehøgskule og Stord seminar, og han tok lærareksamen i 1924. Same året vart han lærar ved Krundalen skule, og i 1930-åra budde han og huslyden på Gjerde, på eigedomen Fossheim (bnr. 6 under Haugen). I desember 1939 flytte han med huslyden sin til klokkargarden Øvregarden, og frå 1940 var han klokkar i Jostedalen og lærar ved Kreken skule. Hesjevoll var den siste klokkaren som budde i Øvregarden, og i 1963 selde kommunen eigedomen.

I 1965 flytte Hesjevoll med huslyden sin til eit nybygt hus på Hesjevollen som fekk namnet Heimly (bnr. 14 under Bakken). Tomta vart utskild med delingsforretning 3.7.1962. Hit vart òg eit gamalt stabbur frå Jostedal prestegard flytt.

Hesjevoll var ei drivande kraft i politisk og kulturelt arbeid i Jostedalen. Han var ordførar i Jostedalen frå 1952 til 1955 og medlem i heradsstyret. Han var formann i Jostedal kraftlag frå skipinga i 1947 til 1959, året etter at straumforsyninga til Jostedalen var på plass. Han var òg formann i A/L Brevegen frå skipinga i 1958 til 1971 og var dermed sentral i bygginga av den viktige turistvegen inn til Nigardsbreen. Elles var han formann i Jostedal skoglag, i kontrollnemnda, i Venstre-laget i bygda og for samstyret for skuleboksamlingane.

Hesjevoll var elles sentral i målarbeidet i bygda. I 1953 skipa han opp att Jostedal mållag der han var formann, og han var òg fyrste formann i Sogn mållag. Elles har han arbeidd mykje i ungdomslag og idrottslag. Som mange andre Hesjevoll-ar hadde han òg kunstnarlege evner. Han var kunstmålar og står bak eit nokre titals landskapsbilete og portrett. Han har skrive mange forteljingar, dikt, noveller og artiklar.

Hesjevoll gifte seg fyrste gong i Bergen 11. juni 1933 med Elen Knutsdotter Sagerøy (1914-1935) frå Sagarøy i Jostedalen. Etter at ho døydde svært ung, gifte han seg opp att med Kari Knutsdotter Sagerøy (1907-1988), som var syster til fyrste kona.

Hallvard og Elen fekk eitt barn:

  • Olav Hesjevoll (1934-1935)

Med Kari fekk han fem born:

  • Elen Hesjevoll (f. 1937)
  • Olav Hesjevoll (f. 1940)
  • Arna Målfrid Hesjevoll (f. 1942)
  • Kjellfrid Hesjevoll (f. 1945)
  • Håkon Hesjevoll (f. 1950)

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 353, 382-383, 394 og 768. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Lothe, Anders A. (1950). Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Florø: Firda lærarlag m.fl., s. 686-687. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Bakke, Karl. (1952). Norske skulefolk. Stavanger: Dreyer, s. 593. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.
  • Hoel, Oddmund L. (2008). Straum i 50 år. Jostedal skule- og bygdeavis (nr. 52), s. 88-89. (Digital utgåve)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.

Eksterne lenkjer


Forgjengar:
 Ove Wangensten Haug 
Klokkarar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Lars Sperle 


Forgjengar:
 Johannes Grov 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Johannes Grov