Husmannsplassane i Lesja

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Murane etter husmannsplassen Svee under under Sør-Hole i Lesja. Plassen vart rydda kring 1762 og fråflytt ca. 1790.
Foto: Arnfinn Kjelland

Husmannsplassane i Lesja er eit oversyn over dei buplassane som er kartlagt og plassert i denne kategorien gjennom arbeidet med Bygdebok for Lesja i åra 1981–1996. Til saman er talet på registrerte stader der det har vore busett folk i ein periode, og som i ein del av den busette perioden må kunne kallast husmannsplass, stugu, småbruk (utan skøyte) og liknande, drygt 600.

Framveksten

Framveksten av plassvesenet i Lesja er behandla i Kjelland 2004. Her er konklusjonen at det ikkje er råd å kople dei relativt få «husmenn» som er nemnde i kjeldematerialet før 1660-åra til husmannsplassar som er påviste etter den metoden som er brukt i bygdebokarbeidet.[1]

I Lesja er det i sokneprestmanntalet frå 1664 nemnt 20 «husmenn», men det er berre ein, Sønstebøbakken som er identifisert blant faktiske busette plassar på denne tida. I tillegg var to bruk som vart drive som plassar under Prestgarden, Gongstad og Klukkstad òg busette før 1660. Men desse var nok helst prestebordsgods, ikkje plassar i litt snevrare betydning av ordet.[2]

Kring 1670 vart så Lesja jernverk etablert, og kring verket voks det etter kvart fram plassar brukt av folk som arbeidde på verket kombinert med drift av plassen. Mange av desse plassane var nok bygde på gamal kulturjord, gardar som hadde lege øyde i seinmellomalderen. Seks plassar knytt til jernverket ser ut til å ha blitt etablerte før 1700, Håmåren og Stirstad utanfør sjølve verksområdet, og Sandgro, Knipa, Doset og Morke innafor det området verket fekk alle rettar til.

I bygdeboka er det berre identifisert tre andre plassar som vart busette før 1600: Einbusgrinde (som kan óg ha blitt etablert i samband med jernverket), Hovaukhågån og Ommundgardsbakken i søre delen av bygda. Tilsaman finn vi altså to husmannsplassar av den nyare typen (altså ikkje slike som fanst som skatteytarar før overgangen til skattlegging bygd på landskylda kring 1630[3] eller prestegardsbruk)) fram til hundreårsskiftet 16-1700, eventuelt 12 viss vi reknar med prestgardshusmennene.

Av desse 12 plassane ser det ut til at tre, Håmåren, Stirstad og Hovaukhågån, vart permanent nedlagde før 1801. Tre andre, Doset, Klukkstad og Gongstad, vart delte og utgjorde to plassar kvar i løpet av 1700-talet.

Utviklinga i første halvdel av 1700-talet

Nystugu var ein av tidlege husmannsplassane som vart frådelt og sjølveigarbruk før 1801. Foto 1963.
Foto: Widerøe's Flyveselskap

Etter hundreårsskiftet kjem det til nye kjelder, der den såkalla skoskatten frå 1711 og matrikkelforarbeidet 1723 saman med eit «husmannsmanntal» som presten Niels Stockfleth førte frå 1723[4] og kyrkjebøkene frå 1724 er dei viktigaste. Det fører til at det etter kvart blir lettare å registrere at plassar er busette, fordi plassnamn dukkar opp mellom anna på personar i samband kyrkjelege handlingar som altargang, fadderskap og forlovarar, i tillegg til dei ordinære (dåp, viogsel, gravlegging).

På dette grunnlaget ser det ut til at det i perioden fram til 1750 kom til drygt 110 nye bustadar der det budde folk som i alle fall i sosial samanheng vart rekna som husmannsfolk. Mellom desse var det til dømes tre som må ha vore gamle gardar i eiga til prestebordet: det gamle Klukkstad-bruket vart delt i to slik at det kom til ein ny, og i tillegg kom det folk på Prest-Rudi og Hallsteins-Tande - folk som i alle samanhengar (kyrkjebøkene, folketeljinga 1801 vart førte som husmannsfolk. Det same gjeld ein kategori som kan kallast småbruk fordi dei vart frådelte med tingløyste skøyte på 1700-talet.[5] Bygdebøkene har fem slike: Dersyn, Bjorlie, Vesl-Rise, Espen under Nørstegard (fråflytt før 1801), Vesl-Flitti og Nørdre Haugen under Brennjord (framleis i drift da bygdebøkene vart utgjeve).

I denne perioden auka drifta på jernverket monaleg, og minst 23 nye bustadar der folket var knytt til verksdrifta har sett spor etter seg i det kjeldematerialet bygdebokprosjektet har nytta. Dette var både på det som truleg var oppattrydda mellomaldergardar og nye plassar i meir tradisjonell forstand.

Eit påfallande trekk er at ti av dei plassane som kom til i første halvdel av 1700-talet vart permanent fråflytte att i løpet av perioden, og yttarlegare minst tjue fram til 1801, slik det er framstilt i bygdebøkene. Det tyder at mellom 25 og 30 % av alle plassane som kom til i Lesja i første halvdel av 1700-talet vart permanent nedlagde før 1801. Eit forstyrrande moment er nok at drifta på jernverket nok i praksis var avvikla i løpet av 1790-åra,[6] og mange av plassane der flåflytt i 1801. Men om vi ser bort frå verksplassane vart forholdstalet om lag det same - 27 av desse plassane var permanent fråflytte før 1801.

Mindre påfallande er det kanskje at om lag halvparten dei etter kvart vart frådelte som sjølveigarbruk. Det er medrekna «småbruka». Men på 1900-talet er mange av dei nedlagde att.

Utviklinga i andre halvdel av 1700-talet

Utover siste halvdel av 1700-talet dukkar det opp stadig fleire plasser. Jernverket hadde ei oppgangstid framover mot 1780, i drivartida til Pål Holst Irgens, og mange plassar kom sjølvsagt til i verksområdet og nordover (vestover) langs den viktigaste handelsvegen for Verket, over Lesjaskogsvatnet, forbi stangjernshammaren ved Håmårfossen i Rauma og ned til Romsdalsmartnan. Men dei fleste, over ein tredjedel, kom til sørover i hovudsoknet. Til saman er det i bygdebokprosjektet registrert nesten 150 nye plassar i denne perioden. 17 av desse vart fråflytt att før 1801, og alle desse låg i hovudsoknet, sør for Verket.

Utviklinga i første halvdel av 1800-talet

Det er så i første halvdel av 1800-talet at talet på bustadar i denne kategorien i Lesja veks raskast. Bygdeboka har registrert nokså nøyaktig 200 nye plassar i denne perioden. 30 av desse kom på Skogen vest for verksområdet, berre 11 i sjølve verksområdet og resten i hovudsoknet. Ni plassar, alle i hovudsoknet, er registrert først gong i folketeljinga 1801 og rekna med i denne kategorien, sjølv om dei sannsynlegvis var rydda og busette før hundreårsskiftet.

Av desse plassane vart 75 frådelte og kjøpt som sjølveigarbruk, dei fleste på 1900-talet. Dei fleste er òg fråflytt att, knapt 40 av dei var busette da bygdeboka var skrive. Det samla talet på busette plassar i bygda kring 1850, gamle og nyrydda i denne perioden, ser dermed ut til å ha vore om lag 210.

Utviklinga i andre halvdel av 1800-talet

Dette har vore rekna som den perioden da husmannsvesenet kulminerte. Det stemmer nok i ikkje ubetydeleg grad for Lesja òg; minst 180 plassar vart permanent fråflytte desse tiåra. Men i same periode kom til òg til neste 130 nye plassar, rimeleg jamt fordelt over bygda. Mange av desse var småe plassar som ikkje var busette meir enn nokre år; nærare 70 var fråflytte att i perioden, og berre 22 vart frådelte som sjølveigarbruk. Ni var busette da bygdebøkene kom ut.

Utviklinga på 1900-talet

Dette er perioden da dette busetjingssystemet forsvann, også i Lesja. Men det kom faktisk til plassar som ikkje låg på sjølveigd grunn og må kunne reknast som husmannsplassar også etter hundreårsskriftet, dei fleste utan jord. Vi finn 10-12 i bygdebøkene. I tiåra etter 1900 vart nesten 160 av dei plassane som var etablerte og framleis var busette i 1900, nedlagde og fråflytta. Den siste plassen som vart skyldsett i Lesja var Vesl-Stugu på Joramoen (fekk namnet Joratun) i 1958.[7]

Referanse

  1. Kjelland 2004a gjer greie for ein «buplasshistorisk metode» side 94f.
  2. Kjelland 2004a: 96f.
  3. Dyrvik 2004 s. 115
  4. Kjelland 2004b s. 103.
  5. Jf. Kjelland 1996.
  6. Kjelland 1987 s. 524.
  7. Kjelland 1996 s. 759.

Litteratur