Kjeldearkiv:Gamle spelemenn i Vang i Valdres

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2016 kl. 16:03 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Kjeldearkiv:Gamle spelemenn i Vang i Valdres Denne teksta er utdrag frå Valdres bygdebok nr. 6, gjeven ut av Valdres bygdeboknemnd i 1968. Avskrifta er lett redigert for å tilpassast wikiformatet.

Teksten er skriven av Knut Hermundstad og delvis av Olav Moe.


Lars Mikkjelsson Krøsshaug

var ein av stor-spelemennene i Vang og ein av dei eldste spelemenn i Valdres. Han var fødd 26. juni 1785 på ein husmannsplass til Ellingbø. I kyrkjeboki er han Lars kalla "Ellingbø-eiet". Seinare er han kalla Krøsshaug, etter ein plass ova midtre Tune. "Navne kom tå di at de ligg fire kjempehauga i krøss der."18

Foreldri hans var Mikkjel Eiriksson Kvåle g. m. Ragndi Larsdtr. Tune. Dei vart gifte 3/11-1779. Dei hadde rudt plassen Krøsshaug truleg etter dei hadde flytt frå Ellingbø-eiga.

Lars tok til å spela fele då han var ein liten smågut. Han lærde mange låttar etter mor si. Ho var ein meister til å hulle og syngje, og guten spelte opp att det han såleis høyrde.

Den tid Lars var smågut og ungdom var det mykje dans, fyll og vilt moroliv i Vang, som i alle Valdres-bygdene. Guten tok tidleg til å spela i dansane og fekk smaken på det ville folkelivet. Når det var dårleg føre, tok sume ungdomar han Lars på ryggen og bar han fram til dansarhuset. Andris O. Øyo, som er beste kjelda for soga hans, fortalde at guten sat på bordet og trødde takti ned i høgsetbenken medan han spelte. Då Lars vart vaksen, vart han ein av dei mest namnspurde spelemenn i bryllaup og andre tilstellingar. Han tok snart lange spelemannsferder til Sogn, Hallingdal og sjølvsagt rundt i Valdres, og han var då jamt borte i vekesvis.

"Lars Krøsshaug var ein av dei Valdres-spelemenn som tidleg har ført mykje Valdres-låttar til Sogn og andre landsdelar. Han var og felemakar."37

Når det ikkje var dans i eit lag, spelte han gripande og vidunderleg vakre lyalåttar, som han og var ein stor meister til å spela. Det var jamt ei soge knytt til lyalåttane. Sume hadde huldri tralla, andre hadde nykken spelt, nokre song St. Tomaskyrkje-klokkone, og ein hadde ein huldreukse rauta.

Med fela tente spelarane pengar, mat og ymse tenestor, ja, fela kunne berge liv. Ola i Hamare i Høre, bestefar til Gudbrand J. Lien, hadde tala om dette til Gudbrand ein gong:

"Nokre valdrisar mel. a. Lars M. Krøsshaug og Jon i Kvislahaugen låg ved svenskegrensa i 1808-1814. Ein dag fekk dei fri og gjekk heim. Men det var dårleg med mat for dei. Dei fann seg lyng og bær under granene. Til slutt var dei komne til Mustad i Vardal. Då var dei mest oppgjeve av svolt. Der gjekk dei inn og bad kona om mat. Men det var tvert nei. Då sa Jon som var inne: "Har du hug te høyre ein lått på fela?" Krøsshaugen bar på fela si, ser du. Han Jon baud seg til å danse åt henne. Jau, ho ville gjerne høyre fela og sjå dansen. Då karane var ferdige, sa ho: "Vil de danse ein dans te ette felun, ska de få søll hjå me alle i hop." Og til det vart det. Då var Krøsshaugen med fela god å ha."

O. K. Ødegaard fortel etter Lars Krøssengen, sonesonen til Lars M. Krøsshaug, i Gamalt frå Valdres VII:

Krøsshaugen "va beste spelemann'n i heile bygd'n o kunna gødt mæle se me hono Jørn Hilme, so 'n va mykje samen me. Dei va hjå i nan dei karadn o kappast o lærde tå i nan. Ei gaang han Jørn Hilme va på Krøsshaug, skulde 'n gofa (Lars M. Krøsshaug) lære ein lått tå hono. Men de gjekk ikkji so fort so Hilmin vilde, o so sa 'n: " De e rart, at du so e so go ein spelemann, e so sein te lære!" Da svara gofa: "De kjem taa di at e ikkji e vindøygd o inkji har meir enn ei kjering!"

Han gofa va den fyste taa ætt'n so brukte fela. - "Fingadn lyt smette so ei mus paa felun!" sa 'n gofa.

Hilmin va rein meister te låte springara. Men de va are låtta Krøsshaugen rådde på han i. Båe karadn va øfto i Hallingdal o spelte, sume gånge isamen, o sume gånge kor før se. Ei gång va Hilmin i Hemsedal o let i eit bryllaup i grannegarde åt ein gild spelemann so eitte Pål Huldrabak. Den are bryllaupsdagen kom Krøsshaugen me te Hemsedal o tok inn hjå hono Pål Huldrabak, o desse karadn tok då te spela. Men de va 'kji lengji før låttadn åt Krøsshauge lyddest burt i bryllaupsgard'n, o da va de heldan ikkji lengji før de kom tå bryllaupsfølke over te karo, o um litevetta va dei komne so ner alle, o han Jørn Hilme me. Men da alle tryo kom te saman, da vart de spel, so hallingadn vørto mest vetlause tå o høyre på. Te slutte to de te springe strengi snart hjå ein o snart hjå hino, o de ska mykje te o låte so strengjidn springe ner dei veta um inan o sjå inan.

Men e de ein tå meisterspelemenno so sit gjøymd o tek te spela, so e de ikkji lengji før de tek te sprette strengji hjå dei are. Soleis va de ei gång Hilmin spelte i eit lag, at de tok te låte ei are sta'n i huse. De va då ikkji lengji før de spratt både ein o to strengji før Hilma. Han spratt då upp o tok te sjå ette kem so let, o der sat Krøsshaugen. "E skjønte du va her, måta!" sa Hilmin. - Men de ska nok meisterspelemenna te gjera noko slekt. E ha sjøl prøvt de me felun has far, - den same fela so gamle Krøsshaugen hadde. Men de vart ikkji noko viare tå di. Nei, men vart de 'kji so!

Noko sers rart hende de hono gofa ei gång i Krøsshaug. Han hadde vøre noko tuslin o klen han gofa ei liti ti o låg soleis fengsla heile joleeftan. Ut på kvelde noko kom de inn i stogo te hono fullt huse me framandfølk, so hadde spelemann me. Han to trast te o låte, og dei hine te o danse, so de slatt. - De kom eit par tå kvennfølko burt åt sengen te hono gofa me kor sin pløggetull,so dei vilde leggji i senge hjå hono. Han ytte dei tebakers att. Men dei ga se inkji før dei fekk tulladn lagt ifrå se i sengen, o so vørto dei me o danse. Han gofa låg o såg på dansen o høyrde på felelæte. Men kjeringe has gjekk på gølve o stulla me sino o gjorde korkji såg enn høyrde noko.

To tå dei låtto han gofa høyrde på, sette se so fast hjå hono at 'n kunna ta dei på felun då han kom uppatt or sengen. Desse låttadn let han øfto, o ingjin an spelemann ha låte dei korkji her i bygd'n enn are sta'n. De va reint førgale at ingjin lærde dei. Ette so 'n far sa, kunna dei vøre noko umframt o låte inn i ein grammofon!

Han gofa - han rette Krøsshaugen - va me ute so kongens kar rundt 1812, då han far (Lars Larsson Krøsshaug) vart fødd. Han gjorde då mest ingi an tenest enn låte på fela, o mea han låg i Høland, hadde han so goa tie at han gjorde se både fele o feleskrin, so va noko umframt feresegjort. Men hellist brukte han mest Trondefela si. - E fekk Trondefela ette hono far o ga ho te Ingebjørg, døtte mine, so tok ho me se te Amerika.

Han far let ei gång ein lått, so 'n kalla Vandelått'n. Den hadde 'n lært tå hono gofa. Tå hono hadde 'n ogso lært Langelått'n, so e me lærde noko tå.

Ei gång let gamle Krøsshaugen - gofa min - i eit barsøl i ein heim dei kalla Rødningen, trast ovefør nøre Bø i Vang. Der va gamle klukkaren, o han sa te hono gofa: "De e rart, at her læt fela i so di syng i vegge o alt so e i huse, o ner du læt hjå me, so læt de mest inkji." "E ska seia de de," sa Krøsshaugen, " at e lika inkji de, klukkar, men han Andris i Rødninge lika e."

Det skulde bli bryllaup i grannegarde hass Knut Øldre (frå Nordland). O då vart de fundert mykji på kem dei skulde ha te fyste spelemann i lage, anti Krøsshaugen enn 'n Knut, so grannegut va. Men endå de hadde høvt se best o ha take granneguten, so vart de te di at gamlemann'n på garde sa: " Ta me ikkji Krøsshaugen, so kjem 'n te øyeliggji'n Knut."

Men e de kji rart her i ver'n, du, at dæ alder bi meir enn ein skjile meisterspelemann i sama ætt'n? Han gamle rette Krøsshaugen, gofa min, han va meister. Han far, so son'n has va, va meisteleg go, men kom inkji upp mot far si. E vart ein måtele spelemann, og son'n min skjøna se 'kji meir på fela enn ein peiskrakk !"17

Kjerringi hans Lars Mikkjelsson Krøsshaug var Ragndi Eivindsdtr. Ellingbø (ned i garden), f. 1787 og d, 1850. Ho var dotter til Eivind Andrisson Ellingbø og Ingebjørg Olsdtr. nedre Kjøs, (A, O, Øyo,) Ho Ragndi skulle ha vore noko av eit troll i huset. Han Lars laga ein lått om henne, Kjeringlåtten. Han var slik:

"Stundo æ mi kjering go, / stundo æ ho so so, / stundo får e lite te mat, / stundo får e alder dæ slag, / stundo får e graut o brim, / stundo får e gå so eit svin,, / Tra la lala la, lala, / tra la lala, / gå so eit svin!"

Gamle Krøsshaugen hadde nokre låttar, som han laut ha lært ein stad, hjå dei usynlege, sa sume. Det var ingen annan som kunne dei.

Nils Beitohaugen og Andris Bunde hadde nok lært Krøsshaugspel.

Som alt omskrive, var det mykje fyll og lausslept liv i Valdresbygdene i tidi føre og etter 1800. Lars Krøsshaug vart diverre ein av dei som vart eit offer for "drykken", Ein dag hadde han spelt i eit barsøl på Høle i Øye. Så skulle han gå derifrå til Strønd og spela i eit bryllaup. O. K. Ødegaard skreiv etter Lars i Krøssengen at "han gjekk innum på Kvame. Der vanka det brennevin, o han gofa tok til å låte, o etter kor lått, sa 'n: "So seie Krøsshaug-guten!" Men det vart ifullt mange dramma, o då han gofa gjekk, so va 'n noko lite "på 'n" o sprang o dansa upp over Eidssvingen. De va de siste dei såg te hono."

Då han gjekk bortetter Strandafjord-isen, gjekk han ned i ei grunn demme og bleiv berre 45 år gamal. Dette hende den 21. mars 1830. Han vart gravlagd 27/3.

Lars Krøsshaug og kona Ragndi hadde desse borna:

1. Torstein. Han og huslyden kjøpte nøre Øydegarden i Torpegrendi, Han var f. 1811. Ei stor ætt lever etter han, men ingen nemnande spelemann.

2. Eivind. Gift 1838 med Ragndi Massdtr. Åstad. Han busette seg i V. S. og vart kalla Eivind Tinden. Ei stor ætt lever og etter han.

3, Lars. Stor spelemann. Sjå seinare,

4. Ola. Fødd 1818. Gift 1856 med Marit Gunnarsdtr, Kvåle, Dei har ei stor ætt, men ingen nemnande spelemann,

5. Andris Teigen eller Andris i Plassen var stor spelemann, Sjå seinare!

6. Ragndi. Fødd 1815. Ho var gift 2 gonger og ei ætt lever att.

Lars Larsson Krøsshaug

kjøpte Tørto i Beito i Ø, S. og budde der. Han budde lenge i Vang før han kjøpte Tørto (Tølto). Han var fødd 1812 og gift med Ingebjørg Massdotter Åstad i 1842. Han var då 33 år og ho 30. Han døydde ikring 1888. Lars var ein god felemakar, skreddar, utrosar og den beste spelemannen av ungane til Lars M. Krøsshaug.

Av ungane deira var Ragndi Larsdotter fødd 1843, gift med Gudbrand Øysteinsson Grønolen (G. Andersen skreiv han seg etter han hadde vore i Amerika). Dei kjøpte nordre Hamre i Vestre Slidre. Dei var barnlause.

Lars Larsson var ein av dei beste læremeisterane til Nils Nilsson Beitohaugen (s. h.) i felespel. Han budde fyrst på Egge i Vestre Slidre før han kom til Beito. O. K. Ødegaard skreiv såleis om han:

" De va alt so trillande rundt me hono Lars. Litin o rund va 'n sjøl, o rundt o fint va de alt so'n skradderte, og den vesle fela va ogso fin o rund o utkrota, o låttadn trilla so rundt o mjukt so småe gådnnysto, Dei sa um 'n Lars at han saumde so gødt at saumadn hengo att like goe um alt de are tå kleo va burtslete, o so va de ogso me låtto has, dei hengo lengji att hjå følk ette 'n Lars va burte."

Ola G, Okshovd tala om at når Lars Larsson Krøsshaug spelte siste lydarlåtten faren hadde spelt heime, før han bleiv, då trilla tårone stødt nedetter kjakane hans. Han tala då gjerne om at faren var kledd i sylvknappa vadmålstrøye og vest. Rundt fela si hadde han sveipt eit silkeplagg, Ei av felone hans eig no Nils Nerre Kvame, Lærdal. 17

Andris Larsson Krøsshaug

(Andris på Teige og Andris i Plasse)

var glup spelemann og budde på ein plass under Kvie i Høre i Vang. Han var fødd 1821 og gift 1856 med Gunhild Andrisdotter Kvåle. Då var han 35 år og ho 27.

Nils Beitohaugen sette Andris svært høgt som spelemann. Mange av låttane han spelte, kalla han Teigialåttadn. Det var mykje tale om at Teiga-valsadn var best. 38

Ungdomen i Høre braut opp mykje av jordi på Teiga-plassen, så Anders skulle få tid til spela åt ungdomen ved helgane. O. K. Ødegaard skreiv: "Andris i Plasse va mest like goe spelemann so 'n Lars, bror sin, men han spelte mest i Liagardo og vart ikkje so kjend so 'n Lars."

Om Andris skreiv Bøye Kattevold i det Valdres-amerikanske skriftet "Samband" denne humoristiske soga:

Attmed bygdevegen nordanfor Kvie budde ein gamal spelemann, som dei kalla Andris på Teige. Han budde i ei liti stoge der, liksom for seg sjølv. Han hadde vore ein meister til å handsama fela, og enno heldt han ho i god stand. Ein sundagsmorgon om våren sat han såleis og spelte litevetta åt seg. Då kom det to herremenna gåande nordetter frå Kvie, og dei såg svært høgtidssame ut, for det var sjølve bispen (Folkestad) og prosten (Konow), som var ute og for. Dei skulle ha visitasmesse i Høriskyrkja den dagen, og så tok dei seg ein spasertur føreåt. Då dei høyrde dette lætet, stana dei ved stova hans Andris og gjekk inn til han. Andris skjønte trast kva karar det var, men låst seg ikkje større vare på noko. Han sat berre og klappa og strauk fela si.

Då sa bispen: "Men læt du på fela så tidleg i dag då, venen min?" "Ja," sa han Andris, "e lika å høyre fela stundo, og so tek e me ein lått åv o te. E ha vant me te di," sa han. "Men du skulle lell ikkje spela sundagsmorgonen," meinte bispen. "Då burde du heller ta salmeboki og lesa over tekstene, som høyrer dagen til, og sjå på salmane litt før du går til kyrkja. Det gjer eg, og det same gjer prosten, før såleis har me vant oss til." "Ja, de æ rart me vana, kar!" sa han Andris på Teige.

Attåt plassen Teigen nærde Andris seg og med skreddararbeid. Då han og kona fall bort, vart plassen utlagd.

Torger Olsson Strand

skulle ha vore ein omframt god felespelar. Han var ein av læremeisterane til Ola Strand på Søyne. Torger var visst ein av dei fyrste som for til Amerika saman med Johan-Henrik Sveji. Då han var på ferd til Amerika, gjekk han om Sveji med feleskrinet i handi.39

Torgeir var nok son til Ola Olsson Øye-Eiga ("Marka-Ola frå Øye") (1788-1843) og Kari Guttormsdotter født Strand (1796-1859). Torgeir var født i 1834 og drog til Amerika i 1855. (Frøholm band A, side 196).

Øystein Sveji

kom til Amerika ikring 1860. Han var død før 1903. Øystein Sveji skulle ha vore svært god til å spela "taterdansar" (vals). J. O. Quale kjende tre av sønene hans. Dei var spelemann alle tre. To av dei levde i 1959 i South Dakota, men var fødde i Goodhue county. Øystein var nok eldre enn Trond Eltun (s. h.). Det var dusinvis av Svejis-folk i Goodhue. Kona til ein av brørne døydde 112 år gamal. I Valdres heitte ho Velgjerd Nystøga. Øystein Sveji var bror til ein Johannes Sveji som kom til Goodhue county, Minnesota, med heile sin huslyd, mellom anna 4 søner.10

Øystein var nok son til Johan-Henrik Johannesson Sveji og Ingebjørg Larsdotter (født Grøv). Øystein var født i 1830. Han reiste til Danmark i 1851, sidan til Amerika. Broren Johannes (1812-) selde garden (Midtre Svegji) 4. Mars 1857 og drog til Amerika med kona og dei fem yngste borna. Den eldste, Johan-Henrik, hadde reist våren 1855 - i lag med Torger O. Strand – sjå over.

(Frøholm band A, side 140).

Christoffer I. Heen

(22. Mai 1855 – 14. Nov. 1921)

spelte fele på Valdres-stemna i St. Paul, Minn. i 1904. Valdres Helsing nr. 5 skriv: "Springaren som no følgde, "var en kunstprestation som var værd at se på". Han spelte og på 10. Valdresstemna 1908 (Valdres Helsing nr. 21). Så spelte han på Valdresfesten i Minneapolis 1914. Om dette heiter det i Valdres Helsing nr. 78:

Denne gang var vi atter så heldige at ha i vår midte den mest prominente av alle vangsgjeldinger, spillemanden C. I. Heen fra Dennison, Minnesota. Han er den beste spillemand her i verden!"

Kristoffer Hæn var berre småguten då han kom til U. S. A."

Kristoffer kom til Amerika i lag med foreldra (Jon Einarsson Heen og Eli Endresdotter Rogn) og søskena Anne og Marit våren 1866.

Ola I. Flaten

var ein uvanleg god spelemann som hadde utvandra til Amerika. Han spelte mel. a. på 7. Valdres-stemna 1905 i Normanna Hall (Valdres Helsing nr. 9). Han var "den eneste og uforlignelige spelemand". Ved alle dei "gjestebø" i Valdres Samband, som hadde vore før, hadde stemnenemndi fåfengt freista få Flaten til å spela, men no kom han ikkje frå det. "Da han først fik fela under hagen og buen i venstre haand, kom ogsaa begeistringen og geniet i høisædet, og han spillede som vi vel aldrig har hørt det før ved disse anledninger. Det ser tid som han spiller med "kjeiva", men det er ikke sandt, han spiller med hele sin sjæl, og han havde ikke gjort saa mange drag med buen, førend han stod igjen oppe i Valdres med hele sin ungdomsild og færdighed, og mange fulgte ham deropp og glemte sine aar og krakheder for et lidet beel, de vare unge igjen."40

O. I. Flaten spelte og fele i Valdres-gjestebodi 1906, 1907 og 1908. I desse lag var det ikkje vanleg dans, men halling og springar etter Valdres-spel var tillate.

Hølgji Gøleiksson Høverstad

var ein av dei fyrste spelemenn i Valdres som det er tradisjon om. Han var f. 1759 og d.1800 (Tore Ey).

Enno lever låttar etter han, såleis ein dei kalla Hølgji-hallingen. Far til Gullik Kirkevoll lærde låtten av spelemannen Ola Lunde frå Vang. Gullik Kirkevoll lærde han av far sin att.

Hølgji vart tidleg ein god spelemann. Han skulle ha vore den beste spelemannen på Lærdals-marknaden i mange år. Der tente han så mykje med fela si at han for kvar gong fekk nok pengar til å kjøpe med seg heim to "bumbekløve" med sild og fisk. (Gullik Kirkevoll.)

"I midtre og ytre Sogn er det helst frå Voss tilsiget (av slåttemusikk) har kome, tildels frå Nordhordaland. Men det finst Valdresslåttar her med. Og me veit at valdrisen Gullik Høverstad var i Brekke (i Sogn) og lærde spel frå seg i 1840-åri."37

Hølgji var ein gong uheldig. Han fekk skadt eine fingren på vinstre handi si. Dette gjekk hardt inn på han, for han trudde det vart slutt på låtingi. Men han vande seg til å prille med tre fingrar, så han let omlag like godt. Enno lever ei herme etter lærdølene som sa: "Han Hølgji Høverstad spela so gødt mæ tre fing, so dei andre gjera mæ adlo."

Ein gong vart fela hans krasa. Då sette han strengjer på ei turrfiskstrind og let, og folk dansa så det slatt.

Hølgji var g. m. Kirsti Trondsdtr. Kjøs.42

Finnkjell Toresson

var spelemann. Han hadde lært mykje av spelet sitt av Ola Strand på Søyne og Lars Krøsshaug, sa han. l 1912 spelte han fleire låttar åt Jøger Quale, endå han då var omlag 85 år. Ein av dei var Teigen etter Andris Krøsshaug på Teige på Kvie.

Finnkjell kom til Goodhue ca. i 1855. Han hadde visst vore ein flink spelemann i unge dagar. Han var morbror til far min, Ola i Brøta.10

Hans Wangensten

levde ikr. 1750. Han var då spelemann på Lærdalsøyri, truleg ein presteson frå Valdres. Han var g. m. Inga Paulsdtr. frå Lærdal. Dei budde på Lærdalsøyri, der gjestgjevar Testrup saksøkte Wangensten avdi han hadde selt øl til folk på marknaden. Om dette heiter det i vitneprovi "at medens Konen skjenkede Øl til Gjesterne, sad Hans og spillede Fiol".37

Nils Endresson Sveji

var noko av ein meisterspelemann. Han var mellom anna ein av læremeisterane til Ola Strand på Søyne. Nils var komen frå Hermundstad-Haugen og fekk plassen Rødningen under Uvdal. Sidan kjøpte han nordre Sveji. Han var f. 1801. Av far sin Endre Knutsson Eltun, f. 1769, lærde han felespel, men vart snart mykje betre enn han. Mori heitte Kari Knutsdtr. Høle, g. 1799.

Då Nils gjekk for presten, vart det sendt klage til presten over at Nils spelte fele i bryllaup. Men Nils var så god til å lesa at presten, Wilhelm Friedrik Muller, ikkje brydde seg om klaga.

Dei sa at Nils var særs flink til å låte både lyalæte, springlæte og meir moderne musikk. Han hadde ei merkeleg god takt og var god både med bogen og fingrane. Dei sa at Nils var ein av dei beste spelemenn i Vang i si tid. Nils for mest rundt i Vang med spelet sitt, men han var og i Årdal, Lærdal og i andre bygder på Vestlandet. Nils var ein edrugeleg og staut spelemann.

Kristafør Vøvle

var frå Høre. Til vanleg kalla dei han Kristafør i Ruskehauge. Han kom til U. S. A. visstnok ikr. 1900. Der vart han farmar i vestre parten av N. Dak. Han døydde ikr. 195 6-57. Då var han ikr. 80 år. Quale råkte han på Valdres-stemna i Minot, N. Dak. for mange år sidan. Han var då spelemann og spelte ekstra fint."


Andris Andrisson Skogstad

i Vang var makalaus til å låte lyalåttar. Ofte var han borti Brubakkstogun, no Elvheim, og sat der og svalla om gamal tid. Han var bonde på Skogstad i lang tid.

O. K. Ødegaard skreiv slik om han i "Gamalt frå Valdres", fyrste boki si,s.43-44: "De e snaudt nokon so ha låte Tomasklukkelåtten slek so han, o kanskje han sjøl hadde drøymt mykje tå hono uppå Smeddale. Men de va 'kji gødt få Skogsta'n te låte åt se. Dei seia at 'n hadde strøke på fela åt hono Ola Bull ei gång, men hellist læste han se inne o sat eileine, ner 'n spelte. Ner 'n då let, so kunna ein vera viss um at de stelte se følk uta veggen o høyrde på, o den so høyrde Skogsta'n ner han tok dei finaste strøke, laut hugse de ei go ri."

I Gamalt frå Valdres V. (s. 3 0 og 31) skreiv den same etter Ola.

Torsteinsson Grihamar: "E va smågut, e, då han (Andris Skogstad) va på de likaste te låte. Ja, han va spelemann, kan du tru! - De va mest ner han sat åleine inni kleva si, o so um netadn, han strauk på fela. O då stilte 'n fela o tok enkort strøke, o so kunna han seia: "So tek Krosshaugen! So tek Hansegard'n! So tek Søynin!" Men so kom då vonle sjølve Skogsta'n!

Han førtelde me at 'n tå ein eldgamal spelemann hadde fått den råe, resso han meinte bi spelemann, o goe spelemann, skulde han ta fela si o gå burt unde ein føss o stelle se te låte ette føsse. Han tok då fela o sette se burt unde Yljeføssen o stilte fela o sette se te låte. O 'n let o let ei lang ri, men te slutte tok 'n te synast at de vart reint fælt. De let i kapp me føsse, o villare o villare vart spele, o so vart 'n so redd at han sprang heimatt te Skogstad, so ein halvgalin mann.

Han hadde likevel fått uppkaste, o de vart nok sagte spelemann! De va inkji so mykjy um å gjera kost fela va. Men de va strengjidn de va um å gjera me, o dei laga han se te sjøl. - Ner 'n hadde fått te strengjidn so 'n vilde, kan du tru de let!

Skogsta'n spelte alder ein lått so nokon dansa ette, endå de va nøk danselåtta innimyljo de han spelte. Ner den rie kom på 'n, sto han gjedne upp att midt på natt'n o sette se te låte. Han va gjift, Skogsta'n (me Marit Gudbrandsdtr.) o hadde tre døtta. No råkte de jamt o samt at kjeringe gjorde han sint. Men då sa 'n alder noko. Han strauk åt kleva o tok fela fatt, og då va de 'kji lengji før han hadde gløymt kjeringen. Han kunna då gjedne sita låte heile dagen um de o va midt i heitaste slåttønn.

Ein gong Sjåheimen kom te Skogstad dragsande me felun sine, laut han spela åt gamle Skogstade, og då fekk Sjåheimen ein dalar i drykkjypenga hjå gamlinge. "Men kofør ga du Sjåheime spelepenga?" va de ein so sporde. "Han va de æle verd!" sa Skogsta'n."

Gudbrand Grøv sa: Ein dag råkte han Andris A. Skogstad på ein Kvitskjarute kar i garden sin. Han sa til han: "Du har slik god hug til låte på fele, du. Men vil du lære låte gødt, får du bi mæ me. Men då lyt e få sjele di. Me sko fara burt åt Kvednahusføsse. Der sko me skjera ei flis tå eit tre o kaste ho på føssen. So ska du seia: " Sjele mi ska ikkji meir kåma te Himmerikji enn denne flise kjem attpå dette treel"

Då vart Skogstad'n redd og skreik: "Nei, Gud vara me! Gå i frå me! Du æ visst ein skapning e ikkji ska ha noko mæ!" Det var nok den ljøte sjøl eller rette ruggen Skogstad'n hadde råkt den gongen.43

Endre Lien

søre, var spelemann og felemakar.

Torstein Trondsson Brekke

(1786-1869) var bonde på Brekke i Øye ei tid. Men så tok han Jon, bror hans (f. 1773), garden att etter odelstakst Han Jon hadde i 1799 vorte g. m. Tørend Knutsdtr. Eltun, som var jordjente. Men så totte han Brekke var likare gard enn Eltun.

Torstein vart snart g. m. enkja Dordi Endresdtr. Ellingbø. Dei fekk ei dotter, Guri, som vart g. m. Gudmund Remme. Torstein Brekke ville gjerne bli flink spelemann. Ein gong hadde han råkt ein gråkledd kar, seier segni. Han skulle ha sagt til han: "Est du vil gje me veslefingen din, ska du bi go spelemann!"

Torstein Ellingbø frå Brekke vart nok ein svær spelemann utan at han gav bort veslefingren sin. Han var spelemann mange stader, der det var hævefolk som heldt bryllaup. I ungdomen farta han mykje omkring med fela. Han var såleis mykje både i Hallingdal og Årdal og let. Og det han let var ikkje slikt fanteri som vals og pålka. Nei, han let naudande fint springlæte og bondelæte. Torstein var ein hæv kar, det! Ikkje drakk han heller, slik som mange spelemenn gjorde den tid. (Guri Grøv.)

Etter at Torstein var ein til seg komen mann, tala han ein gong om seg sjølv såleis: "Ein gong eg spelte i ein dans, tente eg så mykje at eg kjøpte ei kvige, men ho datt ut over ein hamar og slo seg i hel! Det vart såleis ingi signing med henne. Sidan har eg aldri spelt til dans meir!"

Torstein var ein stillfarande mann og i mange leier ein kunstnar. (Sjå V. B. 5 I!)

Anfin Olsson Kvame

f. 1799, var uvanleg flink felespelar og god felemakar. Særs var han ein meister til å låte gamalt lydarlæte. (Bøye Ellingbø.) Til å låte slikt læte var han mest like god som Ola Strand på Søyne. Far hans, Ola Helgesson Kvame, gjekk med i ei snøskrede oppved Kvamsstølen i 1804, då Anfin var 6 år. Kona hans vart så g. att m. Knut Steinde.45

Knut Nordland på Øldre

(1794-7/10 1877)

var ein av dei eldste og aller gjævaste spelemenn i Valdres. Ofte kalla dei han berre Nordlanden eller Øldrin.

Føre kvar jol fór Pål Nordland til Byen (no Oslo) med bondevara si, og då var Knut, sonen hans, ofte med han. Her i Byen høyrde han gildt felespel, og uvanleg musikalsk som han var, vart han reint hugteken. Han hadde då endeleg vilja vore att i Byen og lært felespel. Men dette sette far hans seg imot. Han laut difor fint vera med heimatt."Men dæ hekk so umogeleg i tanka has at han vilde bi spelemann." (Jon Brekke frå Hamre.) Men i denne tidi levde det i Vangssokni ein svært glup spelemann dei kalla Lars Mikkjelsson Krøsshaug (s. h.). Til Lars Krøsshaug gjekk no Knut Nordland og fekk fyrste oppkastet i spelemannskunst. Ein dag hadde dei teke til å lære ein retteleg vrang lått. Då Knut kom ned på Vangsmjøs-isen, hadde han gløymt eit vek i låtten. "Men so va dæ eit slikt hundegjemytt i me at gjekk uppatte te Krøsshauge o lærde dæ e hadde gløymt!" hermer dei etter han.46

Straks etter var det nokre stråfantar, som fór ikring i V. og skar hestar og tigde. Dei kom og til Vennis. Ein tå dei var spelemanns-Karl eller Karl fant, som dei mest kalla han. Det var meisterspelemann, det!46, 47

Han og Knut vart gode vener, for Knut ville lære spel av Karl fant. No likte ikkje Pål Nordland på denne spelingi hans Knut. Men han Knut stal seg åt tørrstøga (som skal stå enno), og der spelte han fele saman med spelemanns-Karl alt han kunne få lært av han. For det fekk Karl mat, som Knut tok frå vasskleven eller stabburet på Nordland. Dette bar han bort i tørrstøga til Karl." 46, 47

Enda seinare vart Knut kjend med ein spelemanns-gauve tå Kyrkjevoll på Borgund. Kan hende heitte han Ola Torsteinsson Kyrkjevoll, f. 1 775. Knut Nordland var ofte hjå han åtte dagar i senn og spelte fele. Det var som han kom heimatt når han kom til Kyrkjevoll.

Det er og sagt at Knut Nordland var mykje saman med Jørn Hilme.48

Han Knut Nordland vart då og ein framifrå god spelemann til slutt, ja, så god at han mykje attved lærde opp slike utifrå gode spelemenn som Ola Strand på Søyne, Trond Eltun på Øye og Anfin Olsson Kvame. (Sjå desse!) Kvar han for, hadde han læregutar i speling, er det sagt.

Nordre stovemannen, Andris Jonsson, heitte han, var f. på Nystova 1813. Han var ofte like på Vennis hjå Knut Nordland og skulle lære felespel. Ola på Flate var og hjå Knut og lærde låte. Guttorm, sonen hans Knut, let og noko på fela og freista herme etter faren. "Men han har ikkji spelemannsevno, han Guttorm," sa han Knut." Han læt som han skulde ha klakka på ei låvedør!" la han til.

Knut var elles hard til å døme andre spelemenn og. Om storspelemannen Ola Strand på Søyne, sa han: "Søynin æ ikkji so go i fingo, men han har ein skamfull, go bøge!"

Johan-Henrik Eltun på Kvam hermde dette om Knut: Han far, Trond Eltun på Øye, og Ola Strand på Søyne var hjå Knut Nordland på same tid og lærde låte. Han far sa at han Knut var uvanleg god til å låte gamalt bondelæte eller lydarlåttar.

Til slutt var Knut Nordland vorten så namngjeten spelemann at han laut spela i mest alle gruse lag både i Vang og i Valdres elles, Lærdal og andre stader "innmed sjøo". Knut var så svær til å gå. Mest kvar haust var han på Vestlandet og spelte ei tid. Då tok han fela si og gjekk nordetter Kviture og til Lærdal på dagen. Når det var store "pengebryllaup", var Nordlanden så ærekjær at han tolde lite at nokon spelemann vart sett høgare enn han sjølv.

Ein gong var det bryllaup på Leine. No brukte dei mykje attved å ha tre spelemenn i store bryllaup. Denne gongen var det Knut Nordland, Ola Strand på Søyne og Trond Eltun på Øye. Nordlanden skulle no liksom vera den gjævaste. Han var eldst og var brudespelemann, skulle med andre ord spela brudi inn. Når gjestene var benkja ved bordi, vart brudi kledd i ein kleve. Så vart ho leidd inn av ein brudesvein. Det var då vanleg skikk at dei to brudefolki skulle danse ein liten dans med gjestene såg på. Og det var brudespelemannen som let denne låtten. Knut Nordland sat inne og let. Dei hine to sat ut i gangen og let i hop. Då det lei om litt, gjekk heile bryllaupsflokken ut i gangen. Til slutt kom Knut etter. Då skulle han ha sagt: "De pløgji mæ min plog, de kara!"

Knut Nordland var ein uvanleg flink spelemann, men han spelte litt for hardt.

Når det var store ballar ut i Storgøro i Aurdal, vart ofte han Knut Nordland beden til spelemann. I lang tid var han der til kvar jol i fine lag. Men no kunne ikkje han Knut spela etter notar, og så truga dei med at dei ville ikkje ha han lengere. "Men so kom dæ ei fin dame o ga me ei notebok. O då e hadde lært nota, vart dæ grust mæ me att!" hermer dei etter han.

Om spelet til Nordlanden fortalde elles Jon Brekke frå Hamre dette: "Då eg var 25 år, døydde Knut Nordland. Eg hugsar han difor vel. Han kom ofte bort til Hamre og spelte åt oss om kveldane. Han let makalaust fint og kunne ei mengd gamle låttar.

Knut Nordland sette, etter det som alt er omskrive, uvanleg strenge krav til læregutane sine og andre spelemenn. Han kjende seg som overmannen deira. Han skulle såleis vera mykje flinkare til å låte enn Ola Strand på Søyne, men endå hadde han Ola det ordet at han var framifrå til å spela.

Nils Th. Leine, or Dotten, brukte desse ordi om Knut: "Knut Nordland dugde ikkje til anna enn låte på fela, men til det var han ein meister."

Ola Nordland sa: "Knut Nordland interesserte seg mest berre for spelingi. Store gjestebod med Nordlanden til spelemann, var gruse greior. Han var uvanleg god til å låte. Tå Karl fant hadde han visst lært mykje moderne spel. Men Knut let og mykje bondespel."

Knut Nordland var ein stor kunstnar i felespel. Det var nok eit og anna karakterdrag hjå han som ein lyt mislike. Han var såleis litt av ein vikingnatur. Men i spelet sitt var han ruvande stor. (Sjå og 7. band av Tidsskr. s. 349 og 354 fg.: Høverstad og Hermundstad om Knut Nordland.)

Ola Knutsson Strand

på Søyne (1813-1902) var vel den mest namngjetne spelemannen i Vang jamsides Lars M. Krøsshaug og Knut Nordland. Faren var Knut Håvardsson Steinde (f. 1776) g. m. enkja Dorte Anfinsdtr. Kvame frå Bergji i Vangssokni. Faren kjøpte Strand i 1827 av Guttorm Sjugurdsson Strand.

Barneårilevde såleis Ola Knutsson på Kvame. Men då han var ikr. 1 0 år, flytte han med foreldri til Strand. Her dreiv han med bondearbeid og villreinsjakt.

I den tid Ola var ungdom, levde det mange svært dugande spelemenn i Øye, slike som Nils Sveji, Anfin Kvame (Kvamen) og Torgjer Olsson Strand. Ola fekk seg og tidleg fele. Det fyrste oppkastet i spel fekk han av desse grendespelemennene. Det er sagt forvisst at Ola var ikkje meir enn 10 år då han fyrste gongen spelte fele på Øyremarknaden på Lærdal.

Av og til råkte Ola på meisterspelemennene Lars Mikkjelsson Krøsshaug, Trond Eltun og Knut Nordland. Uvanleg musikalsk som Ola var, vart han snart meisterspelemann.

Ola vart g. m. Ragnhild Olsdtr. Strand truleg i 1843. Ei stor ætt lever etter dei. Då Ola Strand hadde gifta seg, selde han Strand og kjøpte Søyne i Vangssokni. Sidan kalla dei han gjerne Ola Søyne eller berre Søynin.

Ola Søyne var ein praktisk mann, full av gode hugskot. Om dette viser ein til Tidsskrift III s. 96 og 98 fg. og V. B. 5 I s. 668-671.

Lærar Bøye Kattevold, som skjønte seg på musikk, sa om han: "Dæ ha 'kji vøre nokon so drevin spelemann her i Vang so Søynin."

Meisterspelemannen Knut Nordland, som hadde lært både Søynin og Trond Eltun å spela, sa om dei:

"Å 'n skulde ha Trond Eltuns finga o Ola Strønd-bøge!"

Johan-Henrik Eltun på Kvam sa at den makalaust gode bogeføringi hadde Søynin lært noko attved hjå Nils Hilme eller Jørns-Nils, sonen til den kjende Jørn Hilme.

Olav Moe, som sjølv hadde høyrt Søynin spela ein gong, sa om han: "Ola Strand var av dei spelemenn som skapte eigen form i spelet sitt, klårt, sterkt og godt markert med stø og kraftig bogeføring som gjorde spelet breitt og fulltonande. Små kroting som Krøsshaugen bruka så mykje, brydde Strand seg mindre om. Det som sterkast virka, var den store, breie, sylvklåre tonen og dei saftfulle strok; der sjølve melodien låg som ein glitrande åre gjennom alt. Han var ein heilrend, ekte kunstnar, heilt personleg. Difor virka han anleis på samtidi enn ein var van med."

Stundom slo Ola Søyne seg saman med Trond Eltun og fór rundt og heldt konsertar. Då let dei og "byspel" etter notar. Ola hadde vore i "Byen" og lært det.

I yngre år var Ola til kvar vår ei spelferd til Sogn. Når sogningane skulle ha eit grust bryllaup, laut dei jamt ha Ola Søyne til spela. Særleg sette dei han høgt i Årdal "Ola Strønd på Søyne er ein av dei som har ført mykje Valdres-spel til Sogn."

Etter at Søynin vart eldre, var det mange Sogne-spelemenn, såleis Sjur Eldegard o.fl.,som fór over fjellet til Vang og fekk opplæring i felespel av Søyna. Det seier seg og sjølv at han vart mykje nytta til spelemann i Nord-Valdres, og ikkje få Valdres-spelemenn var hjå han og lærde felespel. Det går mange sogor - meir og mindre utstasa, om spelemannskunsti hans, og om korleis han hadde lært spela mel a. av dei underjordiske.

Ola Strand var svær til å dikte småstev og sogor som han sette låttar til. Ein slik lått kalla han Østebutten, ein Brimfleska, ein tredje hadde denne låttetekst: "Kari, Kari kor ha du vøre? / Du æ so bøsut på rygge di!/ Du ha vøri på Skøris-låva/ o støle drøse i pøsin din!"

Ein gong han var i Sogn hadde han fått nokre til draga båten åt ein full mann inn i setohuset hans og lagt han opp på betane, to tverrstokkar som gjekk frå ein langvegg og bort i hin i dei gamle raustestogone. Dette vart til ein lått med denne stevstubben til: "Ko før ha du stelt de so /at båten æ kåmin på betin?"

Ola Søyne skulle ha vore svær til å få til moro, og så var han litt av ein skøyer. Ein gong var det ein gjæv mann i Årdal som skulle ha bryllaup. Så fekk han Ola Sårrbu til å tinge seg ein god spelemann i Valdres. Han tinga då Ola Søyne. Ola Sårrbu kom då til bryllaupet saman med Ola Søyne. Men til å ta til med, låst Søynin som han ikkje kunne spela større. Han ringla bort låttane. Årdølene vart, som ventande, sinte på Ola Sårrbu som hadde sytt for ein slik dårleg spelemann. Då bryllaupsfolket hadde vore ved kyrkja og fått vigt, skulle brud og brudgom danse fyrste dansen. Søynin og ein bygdespelemann laut då stelle i stand felone sine. Då dei var ferdige med det, sette Søynin i med elt slikt spel at årdølene trudde han spelte med trolldom.

"Søynin var elles ein rein skodespelar. Det var to i eit Årdals-bryllaup som tok til å kjanklast. Då smikka Søynin til den verste kjanklefanten med bogen over nasen hans. Og det gjekk så fort at han ikkje såg det, eller visste kven som gjorde det ." 45

Søynin skal og ha laga mange springlåttar, som ein no ikkje har særsskilde namn på.

Ola Strand ville gjerne at borni hans skulle dyrke musikken. Han laga såleis sjølv vakre og gode langhorpor åt alle døtrene sine. Mest musikalsk var kan hende den eldste, Kari, g. m. Ivar Ivarson Syndrol. Ho let godt fele, fløyte, langhorpe og dragspel, "I felespel var ho mest like god som faren." 45

Ola Strand på Søyne var ein ordenskar. Ingen veit å fortelja at Søynin nokon gong var full. Han var open, grei og rettlina, gjestfri og morosam.

Ola Søyne fall bort 4/12-1902 vel 89 år gamal. Ragnhild, kona, døydde 7/8 -1905 og var 83 år. Med Ola Strand på Søyne miste Valdres ein av sine merkelegaste menn. Minnet om han vil mana ætter som kjem til dåd.

Trond Ivarsson Eltun

var ein av dei aller beste spelemennene i Nord-Valdres. Far hans heitte Ivar og var frå nedre Eltun i Øye i Valdres. Spelemannen Torstein Brekke på Ellingbø var bror hans. Trond var fødd 23/1-1823, og i 1845 gifte han seg med Gjartrud Johan-Henriksdtr. Sveji, f. 1824.

Ei tid budde huslyden til Trond Eltun i ei stove på garden hans Sjugurd Eltun. Men i 1859 kjøpte han søre Øye for 1 200 dalar, og så vart han bonde.

Garden sin på Øye dreiv han etter tidi godt. Men han vart mykje skuldig og sleit hardt med skuldi. Så kom han på at han skulle fara til Amerika og tene pengar i ein fart med felespel og så koma heim att og svara for skuldi si. I juni 1875 bar det i veg, men det laga seg så ille at han såg ikkje Vang eller Valdres meir.

Mest kjend er likevel spelemannen Trond Eltun. Han var ikkje gamal karen før han kunne spela fele i samkomor. Snart var han så flink at han laut spela i alle lag i Øye og mykje vidare, såleis i Sogn. "Trond Eltun var og ein av dei Valdres-spelemenn som førde mykje Valdres-spel til Sogn." 37

Ut i Vestre Slidre budde ein utifrå god spelemann, Ola i Hamris-Brøto (s. h.). Ein dag kom han Trond Eltun til han. Det bar til å spela med karane. Men han vart no forundra han Ola på Brøto då. Han Trond var god til å få til alle slag underlege fuglelæte med fela. Og han let mykje anna merkeleg, som han Ola ikkje hadde høyrt make til før. Men truleg lærde han Trond mykje av Ola i Brøto óg. 49

"Ein gong var Ola Bull inne hjå Trond Eltun på Øye. Eg var endå skysskaren åt Bull den gongen, Eg skyssa han frå Tune til Hegg. Då Ola Bull helsa på Trond, sa han: "Kunne eg få høyre noko felespel tå de?" Trond spelte då fleire lydarlåttar åt han. Då Bull skulle ta farvel med han, sa han: "Dæ æ sers stor skade at dæ ska døy burt so fint spel!"

Han skjønte nok på fint felespel, han Ola Bull." 50

Ein annan gong Bull for gjennom Valdres var han og inne på Øye og tala med Trond. Den tid var det og skysstasjon på Tune, og Nils Tune var med som kjentmann, Ein lærdøl skyssa han, Bull og Trond gjekk då opp på Prestkleven, der soknepresten heldt til før og etter messa i Øye kyrkje. Her let Trond Huldrabaken og ein lått til. Ola Bull sa ikkje noko korkje illt eller godt om spelet. Men han sa at han ville sende Trond portrettet sitt, og det gjorde han. Sidan laut Trond inn på Lysøyi til Ola Bull. Då laut han spela mykje åt han. Nils Tune var med denne gongen og.

Ein gong var Trond inne i Christiania og let åt Ludvig M. Lindeman. Han spela då mellom andre låttar Tomasklukkelåtten. Lindeman freista å skrive opp låttane. Men denne låtten greidde han ikkje ta opp med notane sine. Notane som Lindeman skreiv opp, berre skjemde bort låtten.

Trond var fleire gonger i byane og heldt konsertar, såleis i Oslo, og på Lillehammer. Dette var i fyrsten av 1870-åri. Billett-prisen han tok, var 1 mark kvelden.

Trond hadde den tid truleg ei Trondefele, laga i 1760. Denne selde han. Einar Tømmersletti i Årdal har ho no. På feleskrinet står skrive: "Trond Elton 1848" og "Trond J. Flatabø". Skrinet er truleg laga og rosemala av Lars M. Krøsshaug.17

I eit vanleg bryllaup kunne spelemannen tene ei 6, 8, 10 dalar.

Namn på låttar som han Trond let mykje utanom dei som alt er omskrivne:

   Nigards'n med slik tekst: Dei løvde me liv, men e fekk 'kji!
   Grihamaren: På Grihamar var det så mykje haugafolk i gamal tid, meinte dei. Så var det ei haugafolk-jente, som tok til å dra seg etter sonen der. Men så likte ikkje mor åt guten dette. Så sangra ho og song:
   "O trøste den jenta o bere me før de! So lengji de leike, de løkke inan te, te leike mæ de,o ho mæ me, o e mæ de, o du mæ me!"
   Ei onnor segn om opphavet til låtten Gamle Grihamaren lyder slik etter Kari O. Grihamar:
   Ein gut på Grihamar skulle ein gong gifte seg med ei jente frå Årdal. Bryllaupet stod i Øvre Årdal. Då bryllaupsdagen kom, skulle heile bryllaupsferdi ned i kyrkja på Årdalstangen. Så laut dei ro over Årdalsvatnet. Men så kom det så fæl storm at dei trudde alle skulle ha blive. Brudi gret og bar seg ille og visste ikkje korleis det skulle bli med dei. Grihamars-guten tok då brudi si i fanget og sa at ho skulle ikkje vera redd. Medan han heldt ho, song han ein lått åt henne, så ho skulle bli tryggare:
   "Gud trøste den jenta, / o bere me før de! / So lengji du leika, / so løkka du me, /tesita mæ de,/o du mæ me,/o e mæ de,/o du attmæ me att, /o e attmæ de att osb."
   Såleis sat brudgomen og hulla åt brudi si til vinden stilna, og dei kom vel iland. Då kom den rette bryllaupsglede.
   Kasin. 4. Skraddar-Ivar. 5. Skjervin. 6. Søte-broke åt Nertrøste. 7. Låtten han Per grøtte hunden sin med. Så var det springaren, åttande trumpen hans Trond Eltun og fleire.

Han Trond Eltun var som meisterspelemann reint makalaus til å prille. Når han spelte gamalt læte, brukte han langboge. "Dei var ogso reint sylkjymjuke strøke hass," sa Andris O. Skogstad. Og han hadde visst rett, for han var sjølv noko av ein spelemann og skjønte seg på felespel.

"Trond Eltun, seinare Øye, var kjend vidt og breitt, som ein av dei beste spelemenn som Vang har fostra."

"Trond gjekk jamt så opp i spelet sitt at han gret så tårone trilla når han spelte."

"Ofte spelte Trond Eltun og Ola Søyne saman i bryllaup. Då vart det eit storfint spel. I bryllaupet til Trond Brekke spelte dei."

"Han Trond Eltun og Nils Sveji spelte ofte ein lått dei kalla GjeiteSkjerra. Båe var gode spelemenn, særleg var Trond av dei beste spelemenn du kunne høyre."

Til å låte danselæte var Ola Søyne truleg betre enn Trond Eltun. (Ingebjørg Lunde.) Men til å dra opp ein gamal lydalått var det ikkje maken hans Trond. Ja, han var eienståande til det.

"Trond Eltun var på Strand i barsølet til Gjartrud Strand i 1873. Då spelte han gamle låttar heile natti. Han gret og spelte. Han gjekk så heilt opp i musikken og dei fine tonane."

"Då Trond var dø, stod det ein nekrolog i "Decora-Posten". Her var det berre lovord over spelet hans. Spelemennene setja bukkeføter på strengene i staden for silkefingrar, som Trond Eltun hadde."

"Trond Eltun såg eg berre ein gong i Amerika, endå me var mykje i ætt. Han fór då to mil og skulle råke meg. Han var då i godtlag og spelte mange av dei beste låttane sine åt meg. Såleis hugsar eg at han spelte:

1. Valdres-visa, "Kari o Mari statt upp no". 2. "Bådne ditt græte." 3. Smeddalslåtten eller Kyrkjeklukkelåtten.

Spelet hans var mjukt og fin-fint. Prillingi hans var makalaus. Spelet hans var som naturen hans, ekte, varmt og venleg. Difor kom valdrisane i Amerika langveges ifrå og skulle høyre på han. Hadde han vore så god forretningsmann som han var spelemann, kunne han fare heimatt på eitt år med pengar nok.

Trond gjorde mest ikkje noko anna i Amerika enn å spela på fela i dei 23 år han var der. I fyrsten han var i Amerika, heldt han konsertane sine i dei største forsamlingshus i byane, men i dei seinare åri hadde han konsertane mykje attved også i skulehusi ikring landet, der det budde valdrisar og nordmenn?

"Ein gong hadde Trond halde konsert i Walcott i N. Dak. Der vart det stole 500 dollars av han. Det var på slutten slik rift etter å høyre han at han tok ein dalar billetten, så populær var han. Ofte var det meir enn 100 som høyrde han om kvelden."

"I Amerika heldt Trond konsertar over heile Nord-Dakota og Sør-Dakota, Minnesota, Iowa og Wisconsin og visstnok i fleire statar. Eg var billettør for han fleire gonger. Ein kveld veit eg han fekk inn 4 5 dollar og ein annan kveld 5 0 dollar netto."

"I Amerika heldt han seg mykje hjå ein Anders Vinden. Kona hans, visstnok Berit, var dotter til Gudbrand i Poststøgun. Han var og mykje hjå Ola Maristova, bror til Knut Maristova. Han var og musikar. Det var særleg trekkspelet han meistra, så der likte Trond seg. I Minnesota hjå sonen sin, han Johannes, i Northfield, var han og mykje. Han var og mykje hjå Sjugurd Strønd.

Ein dr. Giree, som var ætta frå hallingar, som kom til Goodhue co., kjende Trond Eltun svært godt. Trond kom til han ofte og var der ofte ei heil veke om senn. Han sa at Trond var den beste spelemann han hadde høyrt. Jøger Quale kjende Giree svært godt ikr. 1925. Jørn Ringestad fortalde til Quale i 1914, då han var i V. S. mykje av ein heil vinter, at han hadde høyrt Trond Eltun spela ofte, og han sa at han let ekstra fint og var ein av dei beste spelemenn som fanst i Valdres den gongen."

Trond døydde i 1896. Han var då inne på ein restaurant i Hanley Falls og fekk seg mat like før han skulle ha ein konsert. Ein kjøtbite gjekk i vrangstrupen på han, og han kvovna før dokteren kom.

Då Andris Skogstad var saman med han i Amerika ikr. 1890, spelte han på ei gamal, god Trondefele, men han hadde fleire felor då han var i Amerika.

Trond Eltun hadde vore mykje hjå Knut Nordland og lært felespel. Ein annan av hans læremeisterar var Andris Skogstad. Sjølvsagt hadde han og lært av Ola Søyne. Han hadde og vore på Vestlandet, særleg i Sogn og lært felespel. Det er og sagt at han lærde mykje moderne spel av ein tatar som fór over Valdres, Karl Palm, som var ein stor musikar. Ein må ikkje forveksle Karl Palm med Karl fant, som Nordlanden lærde felespel av. Den siste levde før.

Trond Eltun var ein kjekk kar, høveleg stor, litt større enn sonen Johan-Henrik Eltun på Kvam, fint vaksen og med eit vakkert, traust andlet. Han var ljosleitt, raudlagd og ein ven mann.

Trond var og truverdig og godmodig. Mange stal tå han pengar eller narra det tå han på andre måtar, den tid han var i Amerika. Han vann seg difor ingen medel med spelet sitt.

Dei siste åri han var i Amerika, var han sjukleg.

Det som Trond Eltun fyrst og fremst vil bli hugst for, var det framifrå fine felespelet. I heile Nord-Valdres var han ein namnspurd spelemann. Han gjorde sikkert mykje for oppelsking av den norske musikksansen både her og i Amerika. Av elevane hans, som bar spelet vidare, lyt ein fyrst nemne sonen Johan-Henrik Eltun på Kvam, og han lærde opp sonen, Anfin Kvam, som og var ein dugleg spelemann. Bjørndal har såleis skrive opp mange låttar etter han Anfin. Trond hadde og lært opp Johannes Eltun, sonen sin, som særleg dyrka Iangeleikspelet. Sjå under Berit Pynten! Johannes Eltun døydde diverre tidleg ugift under spanskesjuka i Amerika. Ola Strand på Søyne og fleire andre bygdespelemenn lærde mykje av Trond, og han av dei.

I Valdres-musikksoge er Trond Eltun av dei store.

Nils Snøyo

i Vang spelte både fele og trekkspel. 17


Johan-Henrik Trondsson Eltun

på nordre Kvam (10/4-1850 - 6/11-1948) tok til å spela fele då han var 10-11 år. Han brukte då fela åt far sin, Trond Eltun på søre Øye. Då han var 21 år, fekk han seg ei Telemarks-fele, som han gav kr. 30 for. Han kjøpte ho av ein Oslo-mann. Ho var laga av Johan Ellefsson Steintjønndalen, Bø i Telemark. Det var ei retteleg god fele. Far hans, han Trond, fekk ho då han fór til Amerika 1876. Men då kjøpte Johan-Henrik seg att ei ny Telemarks-fele, som Knut Helland hadde laga.

Johan-Henrik lærde fyrst og fremst felespel av far sin. Men han lærde og av mange bygdespelemenn, såleis av Ola Strand på Søyne, Krosshaug-sønene Lars og Andris og av Rengjistadane o. a.

Då han var ein gamal mann, tala han om at han hadde spelt i 52 bryllaup, kvart vara 3-4 dagar. Ein gong var han på Farnes i Årdal og spelte i bryllaupet til fekaren Ola Hjelle. Fyrste bryllaupet han spelte i, var bryllaupet til Trond Brekke, "Bause-mannen", dei kalla. Då var han 15 år. I spelemannspengar fekk han då kr. 50. Det var elles Ola Strand på Søyne og faren, Trond Eltun på Øye, som då var dei rette spelemenn. Johan-Henrik var berre hjelpespelemann der. Det fyrste bryllaupet han var åleine om å spela i, var i bryllaupet hans Andris Eltun i Øye. Til vanleg kunne ein på samsen få opptil kr. 40 i spelemannspengar i eit bryllaup som vara i 4 dagar. Det var mange pengar i gamal tid.

Johan Henrik Kvam tala om dette: I den eldste tidi brukte spelemennene små stutte bogar som dei laga sjølve, og med dei var det så lett å få til ristetaki. Men med dei lange boger som no er i bruk, er det verre å få til slike ristetak. Difor var småe bogar best til lyalæte.

Årdals-spelemenn var ofte hjå far, Trond Eltun, og skulle lære låte på fela.

Det var ikkje mykje Søynin og andre av dei gamle spelemenn tente på felelæte, for det var ikkje pengsamt då dei dreiv og spelte.

Johan-Henrik Eltun spelte mykje både i helg og høgtid til å lyde på. Han spelte svært godt Tomasklokke-låtten og Huldrebakklåtten.17 Særleg kunne han ei mengd lydarlåttar og bondelåttar. Arne Bjørndal har skrive opp ei mengd låttar etter han.

Attåt spelemannsyrket var Johan Henrik Eltun bonde, fyrst forpaktar og så sjølveigande bonde i nordre Kvam. Så arbeidde han på fjellvegen, mest som formann, frå 1897-1935. Mange år var han postførar. Skogvaktar var han for Statens skog og for Prestli'n. For det siste fekk han sylvpokal og sidan Kong Håkon den VII's påskjøningsmedalje i sylv for gjævt samfunnsarbeid. Så hadde han ei mengd kommunale yrke. I det heile var Johan Henrik Eltun på Kvam ein vyrd mann og ein av dei beste spelemenn som Vang har fostra.

Sjugurd Strand

g. m. Ingebjørg Tomasdtr. øvre Eltun, skulle ha vore ein god spelemann. Han tente 8 somrar på søre Sveji før han for til U. S. A. I alle kvilor, og ofte når han kom inn om kvelden, tok han fela og let. Så var han uvanleg spræk. Det fanst ikkje himling i Øye, som ikkje han greidde spenne opp i med eit stempla rundkast. (Ola Sveji.)

Sjugurd for til U. S. A. ikr. 1860, til Goodhue co., der ei stor ætt lever etter han og kona. Då Jøger O. Quale og Knut Ellingbø frå Eltun var hjå han, var Sjugurd 100 år og kona 96. Endå til då spelte han eit par låttar åt karane. Den eine var Teigen, ein Krøsshaugspringlått Han sa då, at det han kunne, hadde han mest lært av Ola Strand på Søyne.

Nils Kvale (Kvåle)

frå Northfield, Minn., spelte i 1907 "egte Valdris-låtter med stor ferdighede i "Valdris-gjestebøe for 1. gang". Etter maten "var han den betydeligste person i laget".32

Lars Lokreimshaugen

var spelemann og skraddar. Han var g. m. Anne Øysteinsdtr. Bergji. Dei fór til Amerika føre 1900.58

Helge Amundsson Flaten

var ein god bygdespelemann og skomakar. Han var ein heidersmann. (Sjå V. B. 5 1 s. 702.)

Ola Olsson Lokreim

(1825-1911)

var ein dugande felespelar attåt at han var rosemålar. Han kom til Sævartveit i Ullvik i Hardanger, der han vart gift og har ei stor ætt (V. B. 5 I s. 714-715.) Bestemor til Hallvard Lokreim tala om at "Ola møbro" hennar var svær til å låte på fele. == Andris Bunde ==

var ein ekta god spelemann. Han hadde gått i lære hjå Andris Teigen frå Høre. Tidleg fór han til Strandebarm i Hardanger og busette seg der. Arne Bjørndal har skrive opp mange låttar etter han. Fela hans er no på eit muse i Strandebarm. Det var ei Trondefele etter Halvor Hansegarden han hadde, sa dei.

Ivar Lajord

lærde frå seg felespel til mel.a. Ivar L. Røynstrand frå Granvin i Hardanger. Lajord kunne mange huldrelåttar.

Ove Olsson Strand

g. m. Smed-Marit var god spelemann. Faren var Ola Olsson Kjerstein og mori Kari Guttormsdtr. Strand, f. 1796.

Ola Øydgarden

or Tørpegøro var sonen til Torstein L. Krøsshaug og bror til mel. a. Ola og Eivind Krøsshaug. Han var flink spelemann og budde i Lake Mils i Iowa.

[Andre]

Ola Olsson Leikvollen, Anfinn A . Hermundstad, Helge Flaten og sonen Ola Flaten, Knut Johannesson Bø, Gudbrand Grøv, Knut J. Nystova ("Basen"), Tomas Gøleiksson Jøvne, Ola Helle og Lars K. Tveit var alle hjelpeleg gode spelemenn. (V. B. 5 I.)