Kristofer Leirdal: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
(småtteri)
Linje 19: Linje 19:
*Harald O. Kalland: Om bilethoggaren Kristofer Leirdal. I: ''Årbok for Aure historielag'', 2009
*Harald O. Kalland: Om bilethoggaren Kristofer Leirdal. I: ''Årbok for Aure historielag'', 2009
*Svein Thorud: [http://snl.no/.nbl_biografi/Kristofer_Leirdal/utdypning Kristofer Leirdal]
*Svein Thorud: [http://snl.no/.nbl_biografi/Kristofer_Leirdal/utdypning Kristofer Leirdal]
*Personleg brev frå Kristofer Leirdal ang. "Jola, Sola-Hemmeln og Sjyn", 29. oktober 1999 (privat eige)
*Personleg brev frå Kristofer Leirdal ang. "Jola, Sola-Hemmeln og Sjyn", datert 29. oktober 1999 (privat eige)

Sideversjonen fra 7. mar. 2013 kl. 19:06

Kristofer Leirdal (1915-2010) var ein bilethoggar frå Aure kommuneNordmøre. Leirdal laga fleire skulpturar til Nidarosdomen i Trondheim, hovudsakleg frå 1941 til 1942 og 1946 til 1983. Han var sentral i oppbygginga av eit vitalt kunstmiljø i byen. Leirdal var gift med Aina Thiis (f. 1924).

Utdanning

Leirdal si fagutdanning er: Møbellinja ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo (1936-1938), bilethoggarlinja ved Statens Kunstakademi (1938-1940) og Det kongelige kunstakademi i København (1945-1946).

Arbeid

Kristofer Leirdal laga fleire hovudverk for Nidarosdomen, blant anna "Den seirende Kristus" (1956) og "St. Mikael" (1965). Han laga også andre verk som er utstilte offentleg: Krigsmonument ved Domkirkegården i Trondheim (1948), monument over dei omkomne etter Titran-ulykka på Frøya i 1899 (1949), "An-Magritt og Hovi-stuten" ved Ila kyrkje (1967), monument over krigsseglarane på Krigsseilerplassen i Trondheim (1982) og trerelieefet "Jola, Sola-hemmeln og Sjyn" i Aure rådhus (1985).

Anna

Leirdal var ein av stiftarane av Kunstskolen i Trondheim, og 1946-1952 var han lærar for skulpturklassen der. Han var også lærar i plastisk form ved Institutt for form og farge på arkitektavdelinga ved NTH 19521982. I utviklinga av Trondhjems Kunstforening spela Leirdal ei stor rolle, og han var også aktiv i utviklinga av det som i dag er Trondheim kunstmuseum.

Kjelder og linkar

  • Arne Kristian Gansmo: Stor Domen-kunstner er død
  • Harald O. Kalland: Om bilethoggaren Kristofer Leirdal. I: Årbok for Aure historielag, 2009
  • Svein Thorud: Kristofer Leirdal
  • Personleg brev frå Kristofer Leirdal ang. "Jola, Sola-Hemmeln og Sjyn", datert 29. oktober 1999 (privat eige)