Kyrkjebåt: Forskjell mellom sideversjoner
m (Teksterstatting – «[[Kategori:r» til «[[Kategori:R») |
m (Robot: Erstatter mal: Reflist) |
||
Linje 3: | Linje 3: | ||
== Referansar == | == Referansar == | ||
<references /> | |||
== Kjelder == | == Kjelder == |
Nåværende revisjon fra 8. mar. 2024 kl. 10:08
Ein kyrkjebåt (nynorsk) eller kirkebåt (bokmål), òg kalla kjørkjebåt, kjerkjebåt o.a. i ulike dialektar, er ein båt som tradisjonelt blir bruka til å ro frå ei grend til den kyrkja grenda soknar til. Kyrkjebåtane varierer i størrelse og utforming. Ofte vil ein kyrkjebåt ha 4–5 årepar; han kan vera spissgatta eller tverrskotta; han er normalt klinkbygd; og han er gjerne utforma i tråd med lokale bruksbåttradisjonar. På Nordmøre er det bevart ein kjerkjebåt med sju par årar — «Fjordamerra», som det er bygd fleire kopiar av frå 1990-åra av. På Ytre Nordmøre blir det elles sagt at det skal ha eksistert båtar med ni par årer. I Sverige har det vore vanleg mange stader med kyrkbåtar med sju eller fleire årepar. I Halvtron i Bergslagen er det fortalt at det var i alle fall to kyrkbåtar med 12 par årar på 1800-talet.[1]
Referansar
- ↑ Eskeröd 1973, s. 75.
Kjelder
- Eskeröd, Albert: Kyrkbåtar och kyrkbåtsfärder. Stockholm : LTs förlag, 1973. ISBN 9136003506