Opdal skule

Sideversjon per 19. sep. 2018 kl. 11:36 av Sigrun Espe (samtale | bidrag) (Ny side: '''Opdal skule''' i Opdal krins ligg i Gulen kommune. ==Skulehuset== Opdal skule vart bygd i 1893/94. I skulestova sto det opphavleg pultar med plass til...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Opdal skule i Opdal krins ligg i Gulen kommune.

Skulehuset

Opdal skule vart bygd i 1893/94. I skulestova sto det opphavleg pultar med plass til tre elevar med lause benker. Frå om lag 1925 fekk dei to-setarar. Brensel og reinhald gjekk på omgang. Kvar husstand gav eit band tynneved eller ein torvsekk. Skulen var i drift fram til 1968.

Anna bruksområde

Skulehuset har vore nytta som aktivitetshus og kulturhus i grenda.

I 1990 utarbeidde kulturstyret i Gulen ein museumspolitikk, der Opdal skulehus skulle bli eit skulemuseum for kommunen. Samstundes blei skulehuset Kystmuseet sitt ansvar.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 60.96055° N 5.22955° Ø