Reindrift på Grønland

Sideversjon per 26. nov. 2023 kl. 04:08 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori:s» til «[[Kategori:S»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Reindrifta på Grønland vart etablert i 1952 ved Nuup Kangerlua (dansk Godthåbsfjorden) på Vestgrønland. Dyra vart henta frå Nordkinnhalvøya, frå Márgget-siidaen og frå andre som hadde rein innblanda der, først på september. Avtalen var at det skulle kjøpast 300 dyr, mest simler og årskalvar. John Erik Eira (30) og John Johnsen Balto (52) vart med til Grønland som reingjetarar. Reineigaren Olaf Stormo (1912–1982) frå Skjerstad, som dreiv med rein på Saltfjellet, hadde ansvaret for transporten. Reinane vart tekne ombord i «Hanne S» av Svendborg den 11. og 12. september, og skipet la ut på ettermiddagen den 12.

Kjelde

  • Hætta, Odd Mathis: Samisk reindrift på Grønland : fra utvikling til avvikling (1952–1978). Karasjok 2012.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!