Skulehistorie i Balestrand skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå Balestrand kommune si skulehistorie. Balestrand vart skild ut som eige prestegjeld frå Leikanger i 1850, og vart samstundes eigen kommune. I den store kommunereguleringa i 1964, vart bygdene frå og med Lånefjorden i vest, Nessane, Sæle, Kvamsøy, til og med garden Stokkebø ved Målsnes overført frå Vik til Balestrand, Vangsnes vart overført frå Balestrand til Vik og Eitorn vart overført frå Balestrand til Leikanger. Fjærland var ein del av Balestrand kommune fram til 2000, men er i skrivande stund ein del av Sogndal kommune. Skulehistoria til Fjærland, Eitorn og Vangsnes vert hovudsakleg sortert under den kommunen grendene høyrer til i dag.

Mange lærarar var utdanna ved Balestrand lærerskole.

Oversikt over skulekrinsar

1741 1891 1896 1963
Tjugum Esefjorden Esefjorden Sagatun
Vangsnes/Eitorn Eitorn Eitorn Eitorn
Vangsnes Vangsnes Vangsnes
Fjærland Indre Fjærland Indre Fjærland Indre Fjærland
Ytre Fjærland Ytre Fjærland
Sværefjorden Sværefjorden Sværefjorden
Vetlefjorden Vetlefjorden Vetlefjorden
Hamrum Hamrum Mundal
Lånefjorden
Kvamsøy
Linde
Nessane

Skulekrinsar

Krinsane som vart ein del av Balestrand i 1964. Kom frå Vik

Skuleveg

Lærarar

I femårsmeldinga frå 1896-1900 kan vi lese: Heredet er splittet ved flere Fjorde, flere Kredse som Følge heraf smaa og Inddelingen i bekvemme Lærerposter vanskelig.

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Øvrebø A. P. 1842 1864 Stord Var kyrkjesongar. Hadde bustad og klokkargard
Hellen H. O 1843 1864 1899 Balestrand lærarskule
Mundal J. 1858 1885 Hamar Jobba som lærar frå 1882. Hadde bustad og skulejord
Eiken Britu 1869 1893 utan utdanning På oppsigelse
Kvale A. 1866 1890 1900 Hamar Var kyrkjesongar
Mundal E. 1850 1876 Stord Var kyrkjesongar
Mo H. 1867 1889 1897 Hamar På oppsigelse. Hadde bustad og skulejord
Oppedal T. H. I. 1876 1900 Notodden På oppsigelse.
Fimrete B. 1868 1900 Stord Jobba som lærar frå 1891. Var kyrkjesongar. Hadde bustad og skulejord
Østerbø H. 1868 1894 Hamar På oppsigelse
Aarskog J. 1875 1897 Stord På oppsigelse. Lærar i framhaldskulen. Hadde bustad og skulejord

Skular og elevtal

I dag er skulane i Balestrand kommune: Sagatun skule, Fjordtun oppvekst og Synga vidaregåande skule. Sagatun skule har elevar frå 1. til 10.klasse, mens Fjordtun har elevar i 1. og 2. klasse.

Arkiv

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Beretning om Folkeskolen i Balestrands Skolekommune Femaaret 1891-1895. Annonce-Tidendes Bogtrykkeri 1897
  • Beretning om Folkeskolen i Balestrands Skolekommune Femaaret 1896-1900. John Griegs Bogtrykkeri 1902
  • Møtebok frå skulestyret i Balestrand kommune, 1849-1900

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


  Skulehistorie i Balestrand er ein del av prosjektet Skulen min - eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Bli med å bidra med fakta eller forteljingar frå din skule og di skuletid!
Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane står bak prosjektet. Alle sider knytt til prosjektet er tilgjengelege i denne kategorien. Les meir på www.skulenmin.no.