Anders Simonsen Nedre Vaage

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sildesalteriet frå omkring 1850 i bruk som naust i 2024.
Foto: Nils Steinar Våge

Anders Simonsen Nedre Vaage (fødd 1821 på Stolmen i Austevoll, død same stad i 1865) var strandsitjar, fiskar og jakteskipper, og han dreiv sildesalteri i fiskerihamna Stolmevågen i 1850- og 1860-åra [1]

     

Godt sildefiske gav gode inntekter

I ung alder, truleg som nykonfirmert 15-åring, reiste han på stor- og vårsildfiske om vintrane. Perioden 1808 til 1860-åra var rike sildeår på Vestlandet, og Anders tente utan tvil godt sidan han kunne investera både i jakt og sildesalteri. Sjølv om ein var fiskarbonde, los, husmann, strandsitjar eller unge søner av desse, vart det vanlegvis ikkje gjort skilnad på sildefiskarane sin lut. Anders som tilhøyrde den lavaste sosialgruppa i samfunnet, kunne difor leggja seg opp pengar slik at han kunne gjera større investeringar. Banklån var det vanskeleg å få på dette tidspunktet, men private lån med høge renter kunne ein få hos f. eks. borgarar i Bergen eller privatpersonar som hadde pengar til utlån.

Sildesalteriet sett frå landsida i 2024.
Foto: Nils Steinar Våge

Kjøp av jakt og bygging av sildesalteri

Kor gammal Anders Simonsen var då han kjøpte jakt, er uvisst, men han var nok ikkje mykje over 20. Med jakta frakta han sild frå landnotstenga og frå garnfiskarane til sildesalteria, og frå salteria frakta han den salta silda i tønner til oppkjøparar som dreiv med eksport frå Bergen og Haugesund.

Fraktinntektene gjekk til saltebu. I Hardanger fekk han kjøpt eit 100 kvm stort naust som vart demontert, frakta til Stolmevågen og bygd opp att som saltebu. Det blei ikkje brukt spikar i reisverket og kledninga, berre trenaglar, og i mangel på materialar vart nordveggen kledd med brake. Brakekledningen heldt regnet ute, og gav bra ventilasjon.

Like ved saltebua heldt bøkkaren (tønnemakaren) Asbiørn Olsen Stolmevogen til med verksemda si [2], og dermed fekk Anders Simonsen lett tak i sildetønner. Salt måtte han henta andre stader, og det kunne vera ei stor utgift. Kjeldene opplyser ikkje noko om arbeidshjelp ved salteriet.

Det rike sildefisket ved Stolmen og i Austevoll elles skapte behov for fleire salteri enn dei som allereie fanst. I handelsstaden Kvalvåg på nordsida av øya, var det mottak av sild og annan fisk, og der vart det drive eit salteri med fleire tilsette [3]  Dermed vart silda salta ned så fort som muleg og slapp fraktast lange vegar slik at det gjekk ut over kvaliteten.

Jaktforliset

Dessverre forliste jakta med full sildelast i eller utanfor Kyrkjevika på sørsida av Stolmen. Det var umuleg å venda den nedlasta jekta i sønnavinden, og ho rende på land og sokk [4] Jakta var ikkje assurert, og tapet av båten vart ein økonomisk knekk for Anders Simonsen. Men drivande som han var, arbeidde han seg opp att på nokre får år.

Ulukka i Ronddalsbrekka

Anders Simonsen budde på strandsitjarplassen i Stolmevågen. Ein vinterdag i 1865 var han hos handelsmannen i Kvalvåg der han mellom anna kjøpte ei flaske sirup. Han plasserte flaska i trøyeermet, og det var ein vanleg måte å bera flasker på. I den bratte Ronddalsbrekka på gamlevegen mellom Kvalvågen og Våge sklei han på hålka, og fall nedover berget. Flaska blei knust, han vart skoren opp av glasbrota og blødde i hel [5] I ei anna historie heiter det at ulukka skjedde på garden Årland [6]

Silda vart borte i 1860-åra

Etter eit par gode sildeår i 1860-åra vart vintersilda borte frå Vestlands-kysten [7], og dette gjekk utvilsamt ut over verksemda i saltebua. At Anders Simonsen døydde, var nok hovudårsaka til at salteriet vart lagt ned. Bygningen vart seinare omgjort til naust for to av gardsbruka på Øvre Våge.

Familie

I 1856 gifta Anders seg med Olina Jacobsdtr. Drivenes (1824-1890), og dei fekk fire barn, to av dei døydde eitt og to år gamle. Olina prøvde å livberga seg med strikking og spinning etter at Anders var død, men dette var ikkje nok å leva av. I tillegg fekk ho ein liten sum frå fattigkassa i kommunen [8].

Fotnoter

  1. Tufteland 1945, s. 298.
  2. Tufteland 1978 s. 294.
  3. Tufteland 1978, s. 391.
  4. Forteljinga om dette forliset gjekk lenge på folkemunne. Rasmus Våge (f. 1917) og Anders Vaage (f. 1925) fortalde fleire gonger historia om forliset som skjedde like nedanfor busetnaden på Våge.
  5. Tufteland 1978, s.298.
  6. Handskrive manus av Johan Tufteland i 1945.
  7. Sjurseth 1961, s. 166.
  8. Tufteland 1978 s. 298.

Kjelder og litteratur

  • Sjurseth, Karl: Fiskarsoga for Hordaland. Bergen 1961. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Tufteland, Johan, Jørgen Solbakken, Salomon Fagerbakke: Austevollsoga. Kultursoge I. Austevoll 1986. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Tufteland, Johan (red.): Møkster sokn. Gard og ætt I. Austevoll 1978. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Tufteland, Johan: Segner. Stolmen, Møkster sokn 2. Handskriv manus. Upaginert.
  • Tufteland, Johan: Handskrive manus frå 1945 med tittelen Segn og tradisjon frå Møkster, Austevoll og Sund. 1. Upaginert. Arkivert i Fylkesarkivet i Vestland, avdeling Bergen.
  • Våge, Nils Steinar: «Stolmavågen - frå 1500-talet til omkring 1900». I Rakved frå Austevoll. Lokalhistorisk årsskrift 2021.